Meksikansk, Middag
Leave a Comment

Meksikansk i alle land

Familien vår har ein tendens til alltid å ville spise meksikansk mat. Det gjer vi uavhengig av kva land vi er i. Vi har spist meksikansk i Egypt, i Kathmandu og i Edinburgh.

Så når vi no var i København så hindra det oss ikkje i å lage ein deilig porsjon burritos. Slik gjorde vi det:

Burritos

2 ss heimelaga tacoblanding medbrakt i ziplockpose

1 dl vatn

400 g kjøtdeig

1 boks hermetiske tomatar

2 vårløk

Salt og peppar

Fem burritoslefser

Masse riven ost

Varm opp ei steikepanne, og ha i litt steikefeitt. Ha i kjøtdeigen, og smuldre den med ein steikespade eller liknande. Ha i krydderet og slå på vatn. Ha i tomatane og den hakka vårløken. La det koke inn til ein tjukk saus. Smak til med salt og peppar, og kanskje ei klype sukker.

Legg lefsene i ei form, og legg to-tre skeier røre i kvar lefse. Rull dei saman, og dryss på rikeleg med ost.

Bak burritosane i omnen til osten har smelta og er pent gylden. Server med rømme, salat og guacamole.

This entry was posted in: Meksikansk, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply