Month: mai 2016

Festdessert med kvit sjokolademousse

Den lekre, fluffy sjokolademoussen som du finn oppskrift på her kan godt brukast åleine med bær på. Men sist eg lagde ein stor porsjon lagde eg også denne lekre festdesserten. Desserten kan du lage i enkeltporsjonar eller i ei stor skål, og den kan varierast med dei bæra du har. Finn du grøne stikkelsbær, så prøv det. Eller kok ein søt og frisk rabarbrakompott, og bruk den mellom laga. Her er det berre fantasien som set grensene. Det virkar kanskje råflott å steike formkakeskivene, men det gjer stor skilnad når du får den salte, gode smørsmaken saman med friske bær og den søte sjokolademoussen. Slik gjer du det: Festdessert Ein porsjon kvit sjokolademousse 200 g formkake i skiver Smør til steiking Syltetøy, jordbær eller bringebær Bær til pynt Steik formkakeskivene lysebrune i smør i ei varm steikepanne. Legg formkakeskiver, mousse og syltetøy lagvis i pene glas. Set kaldt fram til du skal servere dei. Pynt med det du har av bær.  

Pannekaketårn

Desse søte, små pannekaketårna krev litt jobb, men er veldig fine til fest, og vel verd slitet det er å steike mange, små pannekaker. Det kan du også gjere på førehand, slik at du har dei klare til du skal legge opp desserten. Finn ei akkurat passe stor ause, så får du like pannekaker kvar gong. Pannekakerøra kan sjølvsagt brukast til vanlege pannekaker og. Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Bruk ei lita ause for å få passe mengde røre til små pannekaker. Pannekakene skal vere ca. 10 cm i diameter. Kvit sjokolademousse 300 g kvit sjokolade, finhakka 3 dl …

Heilt krise!

Det er heilt krise! Eg har 250 kroner att til mat i veka som kjem! Dette sto i ein e-post eg fekk her om dagen. Avsendaren er student, studielånet er oppbrukt, sommarjobben er ei veke fram i tid, og lønninga kjem sikkert ei god stund etter det og. Kva gjer ein då? Mai er full av festdagar, men er du student så betyr det også at kontoen er skrapa. I gamle dagar kunne vi skrive ut ein sjekk, det går ikkje lenger. Er det tomt så er det tomt. Då er gode råd dyre, og ein må ha vareopptelling for seg sjølv for å finne ut korleis ein skal sikre føda dei næraste vekene. Triks nummer ein når ein er student er sjølvsagt foreldre, eg huskar framleis dei handlerundane då mamma sa ”eg kan betale”. Då gjekk det mykje basisvarer som havregryn, ris, pasta, tomatpuré, buljong, smør, løk og gulrøtter i handlekorga. Men det er ikkje alltid dei kan trø til. Då er neste steg å bruke dei få pengane ein har på matvarer som …

Ein klassisk pavlova

Pavlova er ei enkel kake å lage, og ikkje minst lett å ha som glutenfritt alternativ på festbordet. Dersom du brukar laktosefri fløte kan du også servere den til laktoseintolerante. For meg er dette den ultimate 17. mai-kaka. Eg har også laga den med eplesirup vendt inn, det blir knallgodt. Då får du ein eplepavlova. Eplesirup kjøper du på ein fancy butikk, eller lagar sjølv ved å koke inn 1 liter eplejuice til 1 dl sirup. Marengskake/pavlova 6 eggekviter 300 g sukker 2 ts god eddik, eg brukar kvitvinseddik eller eplecidereddik 1/2 ts salt Pisk eggekvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt etter litt, slik at det vert til ein tjukk og delikat marengs. Teikn to like store sirklar, ca. 22-26 cm, på bakepapir. Bruk ein asjett eller tallerken som mal. Smør marengsmassen utover slik at det vert to jamnt tjukke “kaker”.  Du kan også breie marengsmassen utover som eit flak, i så fall fyller det ei langpanne. Tørk kakebotnen i omnen på 100 grader  med varmluft i 80 minutt.  Legg eine botnen på …

Det er allereie for mange posar i verda

Ja, det har vore standardsvaret mitt når dei i butikken spør meg om eg vil ha ein pose, når eg likevel står der med ei veske i handa eller ein sekk på ryggen. Men det eg ikkje har klart å gjere noko med er dei tynne plastposane som frukt og grønt kjem i. Når du kjøper poteter i lausvekt må du ha noko å ha dei i. No har eg funne løysinga: Eg har kjøpt handleposar for frukt og grønt hos Fjong fasong. Der finn du posar av alle slag, eg har dei lette, tynne, raude som passar perfekt saman med mine nylonhandleposar frå IKEA. Med fire fruktnett og tre handleposar i veska er eg aldri opprådd. Slik reduserer eg plastsøppelet i huset litt og litt. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Dette er til dømes ei perfekt gåve til den som har alt. Kva skal du gi nokon som har alt? Noko å ha det i. No i helga finn du forresten Fjong fasong på Oslo vegetarfestival, som foregår på DOGA …