Desse søte, små pannekaketårna krev litt jobb, men er veldig fine til fest, og vel verd slitet det er å steike mange, små pannekaker. Det kan du også gjere på førehand, slik at du har dei klare til du skal legge opp desserten. Finn ei akkurat passe stor ause, så får du like pannekaker kvar gong.
Pannekakerøra kan sjølvsagt brukast til vanlege pannekaker og.
Pannekaker
2 egg
3 ss sukker
½ ts salt
3 dl kveitemjøl
5 dl mjølk
2 ss smelta smør, eller flytande bremykt
Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Bruk ei lita ause for å få passe mengde røre til små pannekaker. Pannekakene skal vere ca. 10 cm i diameter.
Kvit sjokolademousse
300 g kvit sjokolade, finhakka
3 dl kremfløte
3 dl kesam
Ei korg jordbær til anretting
Ta til side ca. 50 g sjokolade. Smelt 250 g i vassbad. Det gjer du ved å ha sjokoladen i ei skål, gjerne ein stålbolle, som du set opp i ein kjele med nesten kokande vatn på låg varme på komfyren.
Medan sjokoladen smeltar, piskar du kremfløten nesten heilt stiv. Når sjokoladen er rennande vender du den inn i kremfløten saman med kesam. Vend inn 50 g finhakka kvit sjokolade til slutt. Sett moussen i kjøleskapet i minst ein halvtime.
Når du skal anrette pannekaketårna rører du sjokolademoussen forsiktig mjuk. Begynn med ei pannekake. Legg på ei skei mousse, og nokre tynne skiver jordbær. Legg på ei ny pannekake, ei ny skei med mousse, og så jordbær igjen. Eg slutta ved fire pannekaker. Topp med ei skei mousse og eit heilt, ikkje altfor stort bær. Sett pannekaketårna kaldt fram til servering.