Month: september 2011

Ei enkel haustgryte

Eg lagde desse ostefylte sjampinjongane her om dagen. Dei hadde eg som tilbehør til ei enkel haustgryte med paprika, løk og saus med kremost. I kjøleskapet sto det noko kremost som holdt på å gå ut på dato, og då var utfordringa å bruke den opp i tide. Halvparten av osten vart fyll i dei store sjampinjongane, resten vart brukt som jamning i gryta eg lagde. Som krydder i gryta brukte eg soppmjøl. Det fungerer fint med barna mine, som ikkje har noko imot smaken av sopp, men dei vert kvalme av konsistensen. For å lage soppmjøl legg eg rensa traktkantarellar på eit bakepapir på steikebrettet. Så set eg brettet i omnen på 40 grader med varmluft på. I omnsdøra set eg ei sleiv, slik at fukta slepp ut av omnen.  Slik får det stå over natta, og dagen etter har eg knusktørre traktkantarellar. Dei har minska betrakteleg i storleik, men er fulle av deilig smak. Du kan oppbevare soppane slik, men eg brukar alltid å køyre ein del av porsjonen i matmølla til det …

Reint/ikkje reint

Vi har tidlegare snakka om ryddigheit her i bloggen, og eg må innrømme at eg gjerne vil at det skal vere nokolunde reint rundt meg. Halde det reint heller enn å gjere reint, er vel mitt motto. Men i det siste har eg slite med oppvasken. Oppvaskmaskinen er ei fantastisk oppfinning, alt blir reint og skinande når det får ein runde i den. Inntil for nokre månader sidan, då eg oftare og oftare kjente at det var “grus” på glasa. Skålene vart heller ikkje reine, uansett korleis eg plasserte dei. Eg har bytta vaskemiddel, eg har fylt på og justert glansemiddel og eg har rensa filter til den store gullmedaljen. Eg har kjøpt slike små, dyre, blå posar med stoff som skulle gjere sjølve maskinen skinande rein innvendig. Likevel vart ikkje glasa mine ordentleg reine. Til slutt vurderte eg å tilkalle reperatør, vi har prøvd å sjekke vassinntaket, men det viste seg svært vanskeleg. Av alle ting stengte ledninga som fører straum til komfyren for det eine støttebeinet slik at maskinen er svært vanskeleg å …

No er tida her…

Akkurat no er det rette tida for å sette løk i jorda. Det gjeld dei fleste typar, iallfall om dei er av den typen som vil ha ein runde med kulde før dei veks og trivest. Kvitløk, tulipanar, allium og krokus kan gå i jorda no. Snøklokker bør plantast friske, då dei bør du tigge til deg når dei har avblomstra neste år. Å selge snøklokkeløkar no grensar til lureri spør du meg. Eg har nokre posar ståande frå sommarferien, då vi var i Oxford hadde løkane akkurat komt i butikkane. No er det like før dei kjem på salg, så då er det mogeleg å gjere kupp. Kvitløk som spirer kan puttast i jorda no, og då kan du hauste store, fine løkar neste år utpå seinsommaren. Toppløk kan også gå i jorda no. Er du i byen kan du stikke innom, så skal du få eitt par av meg. (Eg har gitt opp utsending…) Kva løk planlegg du å plante? Eller har du allereie fått dei i jorda?

Saftige eplemuffins

Dagens kaffimat er nokre gode eplemuffins, no når hagane bugnar av eple. Eg har faktisk tenkt meg opp til Ullevål hageby på epleslang, der står epletrea tunge, og det ser ikkje ut til at dei får ete dei opp. Er dette muffins eller cupcakes? Eg veit ikkje, eg har vel eigentleg ikkje forstått skilnaden. Det viktigaste er at dei blir gode, ikkje kva ein kallar dei, spør du meg.  Eplemuffins 250 g mjukt smør 250 g sukker 250 g kveitemjøl 4 egg 2 ts bakepulver 3/4 dl mjølk 3 eple 2 ss sukker 1 ts kanel  Glasur: 100 g kremost, ikkje light 50 g smør 1 ts sitronsaft  Sett omnen på 200 grader.  Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske. Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei …

Kvit bacalao

Eg fekk servert kvit bacalao ein gong, og etter det har eg med ujamne mellomrom tenkt at det må eg lage igjen.  Tradisjonell bacalao er med tomatsaus, men denne gongen skal det altså ikkje vere tomatar i gryta. Eg baserer min saus på fløte, men den kan også lagast med ein klassisk bechamel. Mange bakar kvit bacalao i omnen, då vert den meir som ein grateng.  Den varianten eg lagar i dag er bacalao fresco, som er bacalao med fersk eller lettsalta fisk. Bacalao med klippfisk skal gjerne koke lenge, klippfisken toler det. Bacalao med fersk fisk kan naturleg nok ikkje koke så lenge, fisken vert gjennomkokt på nokre få minutt. Min kokte litt for lenge, men smakar knallgodt for det.  Sjølv om denne bacalaoen er kvit og fersk skal det likevel vere litt punch i smaken. Det oppnår eg med ei klype cayennepeppar og litt røykt paprika. Røykt paprika kan du få kjøpt i krydderbutikkar på nettet, i spesialforretningar og i utlandet. Eg kjøper alltid med meg krydder heim som suvenirar, så difor har …

Ostefylt sjampinjong

Eg likar dei store soppane. Det er lettast å finne på morsomme ting med dei. I går fann eg fire store aromasoppar i butikken, og dei fekk bli med heim. Mi erfaring er at sopp som blir bakt som dei er fort får ei litt seig overflate. Difor pensla eg soppane med olje. Så fylte eg dei med ein ostekrem, og bakte dei til dei hadde fått fin farge. Denne bakte soppen er eit fint tilbehør til både fisk og kjøt, og dessutan eit godt vegetarisk alternativ på ein buffé. Finn du ikkje aromasopp kan du bruke vanleg sjampinjong. Slik gjorde eg det: Ostefylt sjampinjong Fire store sjampinjongar, aroma eller vanleg 2 ss olje til pensling 4 ss kremost, naturell 2 ts dijonsennep 1 ts tørka eller 1 ss frisk timian Set steikeomnen på 180 grader og varmluft eller 200 grader utan varmluft. Kna saman ost, sennep og timian til ein mjuk krem. Pensle soppane med olje på utsida, og legg dei i eit eldfast fat. Vri ut stilken, den kan du bruke i ei …

Huska eg på å fortelje…

…at det er (eller var) kantarellar på Eika? Lysande gule og fine sto dei der og venta på ei som kunne sette pris på slikt. Der er sikkert meir, berre du leitar. Akkurat kvar eg fann dei vil eg sjølvsagt ikkje seie, kantarellplassane kan ein ikkje dele med nokon. Men der var ein del å ta av, det kan eg seie. Gå litt utanfor grusstien, så får du noko gyldent og vakkert å ha på brødskiva, i risottoen, til pasta eller i ein god saus. Mmmm!

Pappatur til Eika

Pappa og eg tok ein tur ut til Eika på søndag. Eika er ei øy som ligg nedanfor sørspissen av Hareidlandet. Sundet mellom Eika og Hareidlandet heiter treffande nok Eiksundet, og over dette sundet går det kjende Eiksund-sambandet, som gir Herøy, Sande og Hareidlandet fastlandssamband. Fram til Eiksundsambandet opna i 2008 var Eika utan rutesamband med omverda. Ein måtte ha eigen båt, skulle ein ut dit. No derimot, går brua som fører ned til den undersjøiske tunellen over frå Hareidlandet til Eika, og der er laga ei avkøyrsle som gjer at det er lett å dra på fottur over Eika. Eg veit ikkje så mykje om Eika, bortsett frå at den var ein del av Herøy kommune fram til 1964, då den gjekk over til Ulstein. Eg har blitt fortalt at namnet kjem av at den hadde den nordlegaste eikeskogen i Noreg, men om dette stemmer veit eg ikkje. No finst det eikebestandar fleire stader i Møre og Romsdal, iallfall, men eg trur vårt fylke framleis er rekna som den nordlege grensa for naturleg forekommande …

Kva skjedde, Volda?

For meg er Volda eit fint minne frå barndommen min og tidleg ungdom. Vi dro til Volda på julehandel, og når mor mi gjekk på lærarskulen der inne dro eg av og til inn og møtte henne. Det var alltid spennande, og ho hadde mange venninner som vi hadde det veldig kjekt med. “Byen” Volda var som eit eventyr for meg. Små, søte hus, gater som slynga seg oppover lia og spennande små butikkar der du kunne kjøpe kunsthandverk, te og kaffi og kule klede som dei ikkje hadde i Ulsteinvik eller Fosnavåg. I går besøkte eg Volda igjen, for å møte studentane på matkulturstudiet og snakke med dei om Smalhans. Etter foredraget hadde eg litt tid for meg sjølv, så eg gjekk litt rundt i mitt barndoms Volda. Sjeldan har eg blitt så trist og skuffa over ein bygdeby som der. Kva har skjedd? Dei har laga eit senter i eine enden av Volda, Spinneriet. Det har ført til at dei aller fleste butikkane har flytta dit. I dei små gatene ligg dei søte …

Paradiseple!

Eg har så lyst til å prøve å lage noko av paradiseple, men eg har det ikkje sjølv. Ikkje veit eg om andre som har det heller. Har du? Eller veit du om eit slikt tre? Kanskje står det eit i ein fråflytta hage eller i eit parkanlegg? Kunne eg få plukke litt mot eit glas eller to med gode greier? Det ville gjort meg så glad! Skriv ei melding i kommentarfeltet viss du veit om slikt.

Slepp taket!

Første foreldremøte på vidaregåande skule er gjennomført. No er det offisielt, vi har ei dotter som held på å bli vaksen. Det er mogeleg eg har eksepsjonelt godt minne, iallfall syns eg at eg huskar vidaregåande veldig godt. Eg huskar at far min utstyrte meg med fullmakt først i meldingsboka til å skrive mine eigne meldingar, og at eg måtte passe på å rekke bussen kvar dag kvart over åtte. Noko foreldremøte høyrde eg aldri om, det er mogeleg dei var der ein tur då vi fekk vitnemål. Vidaregåande var mi eiga greie. Då klarte eg meg sjølv, eg lagde min eigen matpakke og ingen passa på at eg gjorde leksene mine. (Det hadde dei vel ikkje følgt opp så tett tidlegare heller, desse foreldra mine. Dei satsa vel på at det gjekk bra, og det gjorde det, men ikkje fordi eg gjorde så mykje lekser.) Men no er det ein annan musikk. I klasserommet i går kveld sat det tredve bekymra, solskada vestkantmødre som ikkje var klare for å sleppe taket. Når får vi …

I don’t want to bore you with it…

I see us in the park strolling the summer days of imaginings in my head. And words from our hearts told only to the winds felt even without being said. I don’t want to bore you with my trouble But there’s something ’bout your love that makes me weak and knocks me off my feet. There’s something ’bout your love that makes me weak and knocks me off my feet knocks me off my feet. I don’t want to bore you with it oh but I love you I love you I love you. I don’t want to bore you with it oh but I love you I love you I love you more and more. Stevie Wonder

Eg slit!

Eg slit med brødbakemaskinen vår. No har eg to dagar på rad bakt flate brød. Kva kan det skuldast? Eg følgjer godt med på deigen, sidan eg bakar på tidleg kveldstid. Den oppfører seg fint i bollen, og hevar seg flott. Men på eit eller anna tidspunkt rundt steikinga fell brødet saman. Eg slit med å finne ut kva eg gjer feil. Eg er relativt nøyaktig med oppskrifta, og midtvegs står deigen der og hevar så fornøgd og glad. Likevel klappar den saman før brødet er ferdigsteikt. Nokre gongar vert det bra, men no har eg bomma to gongar på rad, og er mismodig. Har nokon med brødmaskinerfaring nokre praktiske tips å kome med?

Sjokolademousse

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant. Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar. Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det: Sjokolademousse 300 g mørk sjokolade 1 pk/ 1/3 liter kremfløte 1 dl appelsinjuice Tre små eller to store egg 3 ss sukker 2 ts kvitvinseddik 1 klype salt Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv. Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir …

Pasta med pestomarinert kylling og squash

Mange har for mykje squash for tida, og den er ikkje så lett å oppbevare eller konservere. Difor er oppskrifter med  squash populært blant hagefolket. Eg lagde ein god og enkel pastarett med squash i går, der eg brukte kylling, pesto og litt vårløk. Eg marinerte kyllingfileten i pesto medan eg gjorde klar dei andre grønsakene, og så fekk den ein rask tur i steikepanna for å bli gjennomsteikt. Dette er eit godt døme på at ein kjøtporsjon som kan vere snau dersom ein lagar kjøtet til på tradisjonell måte, vert akkurat passe når ein lagar det til på ein annan måte, med anna tilbehør. Normalt ville eg berekna tre kyllingfiletar til to vaksne, med mindre eg hadde eit veldig mettande tilbehør. Men her er det meir enn nok med to filetar til to personar. Eg brukte fersk pasta, men det blir like godt med tørr pasta. Sausen er basert på vin og kremost. Kremosten kan byttast ut med kokefast rømme, som sæterrømme eller creme fraiche, eller med fløte. Vinen kan byttast ut med litt …

Shopping i Kiel

Color Line har dei to staselege båtane Color Magic og Color Fantasy som går mellom Oslo og Kiel. Mange bedrifter brukar desse båtane til seminar og teambygging, og ein kan difor innimellom risikere å stå der med ein billett til Kiel-ferja. Fordelen for arbeidsgjevar er at det er relativt lite tid som går bort til shopping og bykos, iallfall mykje mindre enn når ein reiser med København-båten. Fordelen for oss som får reise er at Kiel faktisk er ein fin shoppingby. Med litt velvilje og samarbeidsvillige pensjonistar på veg ut av båten kan ein få opptil tre og ein halv time i Kiel. Det er ikkje all verda, men det rekk eit stykke på veg. I teorien skal båten ankome Kiel klokka ti og dra klokka to, men i realiteten tek det så lang tid å kome av båten, og oppmøte er kvart på to med eit stykke å gå frå sentrum. Vel i land er det nærliggande å spasere rett fram, over gangbrua som krysser hamna, og over til kjøpesenteret Sophienhof. Der finn du …

Eg er her!

Eg presterte berre å ta ein tur på seminar til Kiel utan mobilladar, og utan den kjære macen min. Då blir det tyst frå mi side. Eg sto i resepsjonen og tasta medan telefonen lada, men blogginnlegg vart det ikkje noko av. Men eg kjem sterkare tilbake. I og med at mange tek båten til Kiel tenkte eg å kome med nokre shoppingtips frå denne fine, tyske byen som ein dessverre berre får vere i tre timar om ein reiser med ein av color-båtane. Stay tuned!

Haustetid

No bugnar butikkar og torg av deilige, norske grønsaker. Eg er ikkje ein av nasjonalromantikarane som insisterer på at alt norsk er best, men nyhausta grønsaker er knallgodt uansett kvar ein er. I dag har eg laga ein haustpai med det eg fann på torget. Eg tok med ein pastinakk, ein fenikkel og ein pose fersk sopp, i tillegg til ein bunt løk. Med enkle middel fekk eg til ein knallgod pai som kan brukast åleine eller som tilbehør. Eg lagde den til meg sjølv opprinneleg, men dagen der på serverte eg den med røykalaks og urterømme, og det vart stor suksess. Som alle paiar er denne perfekt på eit koldtbord. Dei som er vegetarianarar slit ofte med å finne noko dei kan spise på bufféar, med denne har du laga eit godt alternativ for dei og. Paideigen min har eg frå Carl Butler, det er ingen grunn til å finne opp hjulet på nytt. Den er smidig og fin å jobbe med, og eg lagar den lynkjapt i matmølla. La den kvile før du kjevlar …