Month: desember 2017

Ein enklare karamellpudding

Karamellpudding er min signaturdessert, og den blir alltid møtt med hyllest. Ein tenker jo ofte at det er komplisert, men eigentleg er det veldig enkelt å lage. Då Coop extra la ut oppskrifta mi til jul i år fekk eg eit tips frå ein slektning, som hadde sett oppskrifta mi, og syntest eg gjorde det unødvendig vanskeleg. Det er berre å blande alt i hop med ein gong, og sile det opp i forma, sa ho. Eg grunna på dette, for eg har jo lært at ein må varme opp mjølka med vaniljen for å få fram den gode smaken. Men det er jo ikkje verre enn at ein kan prøve, så då kasta vi oss ut i det, min kjære og eg. Kombinert med eit ynskje om pudding berre på heilmjølk, utan fløte, så vart det altså ein ny måte å lage karamellpudding på for meg. Og det beste? Den er like god som “den gamle”, sjølv utan oppkok og fløte! Så no har du sjansen, meld deg frivillig til å lage dessert på …

Julekonfekt

Dei beste gåvene er ikkje blomstervasar, vinglas og slips. Dei beste gåvene er dei du lagar sjølv, og som kan spisast opp. Og viss dei attpåtil smakar fantastisk, slik konfekten eg har laga i dag gjer, har du ein klassisk vinn-vinn-situasjon. Eg må innrømme at det eg har laga i dag er vaksenkonfekt. Mitt utgangspunkt er ofte eit glas med rosiner eller anna tørka frukt, som eg heller ein eller annan type sprit over. Så får det stå og stå. Å la dei vere på sprit i eit år gjer ingen skade. Så siler eg av, og brukar frukta eller rosinene til morsomme ting. Spriten som blir til overs kan du legge nye rosiner på, eller du kan bruke den til å få fart på julegløggen. Rosinene eg brukte denne gongen var dei lyse sultanarosinene. Dei er litt meir fruktige i smaken enn vanlege rosiner, men det går fint med dei vanlege brune og. Du kan også bruke korintar, aprikosar, tranebær eller dadlar. Spriten kan også varierast. Rosiner passar veldig godt med rom, men vanleg …