Dei beste gåvene er ikkje blomstervasar, vinglas og slips. Dei beste gåvene er dei du lagar sjølv, og som kan spisast opp. Og viss dei attpåtil smakar fantastisk, slik konfekten eg har laga i dag gjer, har du ein klassisk vinn-vinn-situasjon.
Eg må innrømme at det eg har laga i dag er vaksenkonfekt. Mitt utgangspunkt er ofte eit glas med rosiner eller anna tørka frukt, som eg heller ein eller annan type sprit over. Så får det stå og stå. Å la dei vere på sprit i eit år gjer ingen skade. Så siler eg av, og brukar frukta eller rosinene til morsomme ting. Spriten som blir til overs kan du legge nye rosiner på, eller du kan bruke den til å få fart på julegløggen.
Rosinene eg brukte denne gongen var dei lyse sultanarosinene. Dei er litt meir fruktige i smaken enn vanlege rosiner, men det går fint med dei vanlege brune og. Du kan også bruke korintar, aprikosar, tranebær eller dadlar. Spriten kan også varierast. Rosiner passar veldig godt med rom, men vanleg vodka fungerer også fint.
Dei fylte konfektane har eg laga i konfektformer som eg har kjøpt på IKEA. Den store fordelen er at dei er raude. Kven var det som kom på å lage brune konfektformer? Det einaste du oppnår då er at du får hol i konfekten fordi du stryk sjokoladen for tynt enkelte plassar, og det ser du ikkje viss forma er brun. Viss den er raud derimot, fungerer det veldig bra. Så skaff deg konfektformer i ein litt annleis farge viss du finn det.
Denne typen konfekt kan eigentleg fyllast med kva som helst. Eg laga ein gelé av romtrekte rosiner, og så brukte eg eit søtt aprikossyltetøy i dei andre. Du kan lage gelé av gløgg, av solbærsaft eller av hylleblomstsaft, eller du kan fylle konfektane med trøffelmasse frå oppskrifta nedanfor. Det viktigaste er at du passar på at sjokoladeskalet ikkje blir for fullt. Då vert det vanskeleg å tette med sjokolade, som du må gjere for at konfekten skal kunne handterast.
Pakk konfekten i fine posar, esker eller kva du måtte ha å legge dei i, og oppbevar dei kjøleg fram til du skal gi dei bort.
Romrosiner
150 g lyse rosiner
2 dl rom
Ha rosinene i eit glas, og slå på rom. La dette stå i 1-2 veker. (Dei blir gode over natta og, altså.)
Romrosin-konfekt
200 g mørk sjokolade
75 g romrosin-masse
1 snau ts gelatin eller agar-agar
Ha romrosin-massen i ei lita gryte. Ha eventuelt i litt av romen som rosinene låg i bløyt i. Varm det forsiktig opp, det skal ikkje koke. Ha i gelatinpulver, og rør til pulveret har smelta. La det kolne, men ikkje stivne.
Ha 2-3 dl vatn i ei gryte, og sett ei vid skål oppå. Legg halvparten av sjokoladen i skåla, og la den smelte sakte. Hell sjokoladen over konfektforma, og fordel den utover. Hold forma høgt, og klem på kvart søkk, slik at sjokoladen fordeler seg jamt og det ikkje blir for mykje sjokolade i søkka. Pass på at det ikkje vert hol i sjokoladen. Skrap av overflødig sjokolade, og set formene kaldt.
Når sjokoladen i forma er stiv, heller du romrosin-gelé i kvart søkk. Pass på at du ikkje får på kanten, det kan hindre at konfekten lukkar seg ordentleg. Sett kaldt i eit par timar. Når geléen er stiv, heller du resten av sjokoladen over forma, og fordeler den slik at kvart søkk er tetta av sjokolade. Sett forma kaldt igjen i nokre timar. Press konfektane forsiktig ut av formene, og oppbevar dei i tett boks mørkt og kjøleg.