All posts tagged: julegaver

Julekonfekt


Dei beste gåvene er ikkje blomstervasar, vinglas og slips. Dei beste gåvene er dei du lagar sjølv, og som kan spisast opp. Og viss dei attpåtil smakar fantastisk, slik konfekten eg har laga i dag gjer, har du ein klassisk vinn-vinn-situasjon. Eg må innrømme at det eg har laga i dag er vaksenkonfekt. Mitt utgangspunkt er ofte eit glas med rosiner eller anna tørka frukt, som eg heller ein eller annan type sprit over. Så får det stå og stå. Å la dei vere på sprit i eit år gjer ingen skade. Så siler eg av, og brukar frukta eller rosinene til morsomme ting. Spriten som blir til overs kan du legge nye rosiner på, eller du kan bruke den til å få fart på julegløggen. Rosinene eg brukte denne gongen var dei lyse sultanarosinene. Dei er litt meir fruktige i smaken enn vanlege rosiner, men det går fint med dei vanlege brune og. Du kan også bruke korintar, aprikosar, tranebær eller dadlar. Spriten kan også varierast. Rosiner passar veldig godt med rom, men vanleg …

Vil du gi bort ballboka i julegåve?


Då har du sjansen no! Og du kan til og med få den signert av meg. I neste veke drar eg ned til Samlaget, og signerer ein stabel av bøker, og Samlaget dekker portokostnaden for å få boka fram til deg. Boka kostar 379,-, faktura følgjer med boka når du får den. Du kan også få Sylting og safting, og Smalhans om du har lyst å gi bort dei. Dei er nedsett i pris, så dei kostar 199 per stykk. Eg signerer også desse, gjerne til den personen du skal gi dei bort til. Eller til deg sjølv, om du vil sikre at iallfall ei julegåve vert heilt rett i år. For å få reservert bøker til deg så sender du ein mail til a.tresselt@samlaget.no, og seier frå kva bøker du vil ha, og kor mange. Kast deg på, så har du årets julegåver i boks før du veit ordet av det!  

Kvit gløgg/eplegløgg


Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Den er fin som aperitif på ein førjulsfest, eller på termos når du skal ut på tur i skogen. Du kan også lage ekstraktet med kvitvin viss du vil. Slik gjer du det: Gløggekstrakt 5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil) 3 ss brunt sukker Fire klementiner Ein bit ingefær Ein stjerneanis 10 nellikspiker To kardemommekjerner Ein bit kanelbork Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket. Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstraktet. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive …

Smalhans i julegåve – signert!


Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé? Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni. Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og. Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!