Jul, Noko søtt, Veggis
Kommenter innlegget

Franske pepparkaker


I kveld bakar eg dei franske pepparkakene. Det luktar heilt rett i huset, og førjulsstria kjennest ikkje så stri lenger. Dei har eg laga heilt sidan eg var rundt tjue, trur eg, og mi kjære venninne Unn og eg regjerte på kjøkkenet på Leikong rett før jul.

Etter å ha smakt desse deilige vaksenpepparkakene er det ingen veg tilbake til dei vanlege. Eg kan til nød sette mine tenner i ein sirupssnipp, elles er det desse som gjeld.  Dei skal verken ha non-stop eller glasur på seg, dei skal nytast som dei er til ein rykande kopp darjeeling eller fransk earl grey.

IMG_5080Franske pepparkaker

Første del:

250 g smør

125 g lys sirup

1 dl kremfløyte

250 gram melis

Andre del:

100 g skålda og hakka mandlar

400 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts kardemomme

1 ts kanel

2 ts nellik

Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken.

Bland alt det turre, ha i mandlane, og rør alt saman i ein bolle med sleiv.

Ta fram ei brødform, ca. 2 liter, og ein rull plastfolie. Dra ut to lengder folie, og fordel røra på dei to lengdene. Saml saman folien slik at røra vert forma som ei pølse, og legg pølsene side om side i brødforma. Sett forma i kjøleskapet slik at røra stivnar.

Etter tre-fire timar (eller dagen etter) kan du ta fram ei og ei pølse, og skjere den i skiver som er ca. ein halv cm tjukke. Legg skivene på bakepapir på steikebrett, og steik ved 175 grader i ca. 10 minutt.

Desse kakene er ikkje mykje å sjå til, men smakar fantastisk. Margarin er bannlyst til desse kakene, det må vere ordentleg smør.

This entry was posted in: Jul, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s