Month: mai 2010

Skattar i hagen

Når ein finn skattar i hagen må ein bruke dei. Spesielt når det er vårskattar, dei varer så kort. Ein slik skatt er rabarbra. Ja, eg veit at eg skreiv om rabarbra for berre nokre dagar sidan, men får ein nok gode rabarbraoppskrifter? Eg syns ikkje det, problemet med rabarbra er ofte å få brukt den opp før jonsok kjem og oksalsyra gjer at den vert dårleg mat. I dag lagar eg ein fin rabarbrapai. I tillegg til at den smakar fantastisk, er den glutenfri. Det gjer at den er fin å sette på festbord der glutenintolerante ofte slit med å finne noko til kaffien. Eg lagde den med flytande margarin, og dersom du brukar Euroshopper sin flytande margarin er den dermed også mjølkefri. Det er også fort gjort å lage den. Det vanskelegaste er å piske eggekvitene, og det får du vel til? Slik gjer du det: Rabarbrapai 8 dl/400 g skylt og hakka rabarbra 175 g sukker 100 g smør eller margarin 100 g mandlar 3 små egg Sett omnen på 175 grader. …

Åfyttikatta!

Det har vore ein flott kveld, vi er smekkfulle av inntrykk. Mail er sendt til dei tyske vennane våre, med gratulasjonar og lykkeønskningar. Her er nokre bilde: Stemninga vart satt tidleg. Adgangsbeviset… Dette armbandet ga gratis drikke så mykje du klarte å helle innpå. To solo, to glas vin og ein del glas vatn vart vår kvote. Ein av dei maaange kanapéane… Litt frå dessertbordet… Didrik Solli Tangen sett frå VIP-tribuna. Ein kjendisopplevelse. Glade tyskerar.

I dag handlar vi blomar!

I dag drar Ovedia og eg avgarde for å kjøpe inn blomar til krukkene i burettslaget. Det gjer vi på blomsterutsalget hos Raell i Carl Kjelsens vei 79. Ho har flott utvalg, alle fuchsiaer du kan tenke deg og litt til, og friske og fine planter. Der skal vi plukke med oss litt forskjellig som kan lyse opp og spreie glede i bakgården vår. Etterpå er det tilbake og plante, beskjære roser og ikkje minst stolhage litt. Du veit kva det betyr å stolhage? Ikkje det? Å stolhage betyr ganske enkelt å sitte i hagen og nyte den, i ein god stol med ein kopp kaffe eller te til. Er vi i det rampete hjørnet hender det faktisk også at vi tek eit glas vin. Skål!

Fin fredag

No er det roleg i huset, blomane står på bordet og middagsplanane er klare. Det blir ei aktiv helg, i kveld får eg vonaleg besøk, og i morgon skal elleveåringen og eg på Grand Prix – i salen! Eg har snakka med folk som var der på torsdag, og dei fortel at det  var kjempestemning. Så det gler vi oss til, sjølv om øyrepropper visstnok er obligatorisk for å beskytte seg mot dei sure tonane til han frå Israel. Søndag blir det litt forsinka bursdagsfeiring, så eg må vel lage noko god mat, tenker eg. Akkurat no er eg tom for idéar, men eg finn vel på noko, iallfall når eg kjem i butikken. Og så trur eg neste veke blir ei fin veke. Det er litt lysare stemning i heimen no enn det var ei periode. 🙂 Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg, med eller utan Grand Prix!

Vakre blodbeger

Er dei ikkje nydelege? Dette er svigermors blodbeger frå i fjor. Ho fekk frø av meg, og til skilnad frå meg klarte ho å dyrke fram dette prakteksemplaret. Til konfirmasjonen kom ho til gards med ei potte til meg med tre fine blodbegerplantar. No i helga skal dei få kome ut, og slå rot i ei romsleg hagepotte. Blodbeger (Rhodochiton atrosanguineum) er ein plante som har blitt meir vanleg i dei siste åra, ikkje minst fordi den er ein populær plante blant dei hagegale. Du finn eit fint planteportrett av den her. Vil du ha den i år må du kjøpe ferdige plantar, det finn du på velassorterte hagesenter. I fjor kjøpte eg min plante hos Hesleberg i Asker, han med rosene. Men rundt juletider reiser frøposar  og frøboksar land og strand rundt, og då er det mogeleg å sikre seg ein dose. Dei bør såast seinast rundt nyttår, så sakte som dei veks. Får du dei til har du sikra deg ein fantastisk klatreplante som du ikkje finn over alt.

Dei sju deiligaste

Britt Åse har utfordra meg til å fortelje om dei sju beste ikkje-parfymerelaterte duftene eg veit om. Det er mange, så eg får velge ut dei beste. Her er dei: 1. Havet på ein kjøleg men solfylt vårdag 2. Nybakt brød 3. Nydusja elleveåring 4. Håret til fjortenåringen 5. Syrinar. Eg kjente årets første i går. 6.  Ny bil 7. Ny skinnveske Kva er dine favorittkvardagsdufter? Fortell i kommentarfeltet.

Kurerer gruff

Det deilige syltetøyet som er blogga om her og her, er enkelt å lage, berre ein har rabarbra i hagen og ingefær i butikken. Viss du i tillegg har kvann vert det ekstra godt. Eit gamalt husmortriks er å alltid ha glasa ferdige, reine og kokte på eit kjøkkenhandkle før du byrjar å sylte. Når du først har byrja å koke sylta blir det eit styr å leite etter glas, for sylta skal fyllast på glasa når den framleis er varm. Slik gjer du det: Rabarbrasyltetøy med kvann og ingefær 2 kg rabarbra 100 g kvann 2 ss hakka ingefær 1,3 kg sukker 3 dl vatn 1 pose syltepulver 2 ss sitronsaft Hakk rabarbraen og kvannen i passe store bitar. Du treng ikkje å skrelle rabarbraen, så lenge den er lagd med nokolunde nye stilkar. Gamle treene stilkar bør bli skrelt litt. Skrell ingefær, og finhakk den. Ha den i gryta med vatnet og 100 g sukker. La dette koke i ein halvtimes tid på middels varme, slik at ingefæren mørnar og blir nærast kandisert. Fyll …

Offline

Det er ein smule frustrasjon i heimen, vi er offline. Get har klart å paie heile nettet i nabolaget, så alt er daudt. Dei har klart å få fjernsynssignala opp og stå, elles hadde vel dei gamle damene gått i tog i gatene med svarte hatflagg. Internett klarer dei ikkje å fikse. Jaja, vi får iallfall lagt oss til fornuftig tid, det er alltids noko. Så inntil vidare blir det bildelause, kjedelege postar frå meg, på jobb får eg nemleg ikkje lov til å laste opp bilde. Sånn er det når ein sit bak landets tjukkaste brannmur. så viss du føler behov for å snakke med meg sånn privat så er greia god, gamaldags sms. Ha ein fin dag!

Den gongen, for lenge sidan

då Ole Paus ikkje var komponistpappa som hadde skrive Innerst i sjelen, og som reiste rundt på kirkekonsertar; då skreiv han mellom anna denne. Det finst ei skattekiste full av sarkastiske, rabulistiske og surrealistiske sangar som Ole Paus skreiv og framførte på syttitalet og tidleg åttital. Eg har mange gongar gjort suksess (trur eg) på fest med å framføre En myk manns sang, den sjokkerer faktisk framleis vaksne folk. Men i dag er det Carl I. Hagen som får gjennomgå. Tenk om han var homse? Tenk om han var litt pink, litt kosete og bløt?

Samlinga mi

Det har skjedd ting sidan sist eg la ut bilde av parfymene mine, så eg tenkte eg skulle legge ut eit bilde eller to. Samlinga av store flasker har blitt supplert noko, med nokre deilige Serge Lutens og Armani Ondé for å nemne nokre. Estée Lauder Jasmine White Moss er også eit flott tilskot, syns eg. Eg likar den veldig godt. Eau de Tarocco er eit av nyinnkjøpa som eg har brukt aller mest, og den hentar meg alltid mange kompliment, den største lykka ein parfymeelskar kan oppnå. Minisamlinga mi har vakse meir, der har eg supplert med fem nye Bulgari-dufter og eit knippe frå Victoria’s secret. Tarot-duftene frå D&G har også kome til, sjølv om eg har gitt bort to til personar eg trur vil nyte dei meir enn meg. Kuppet eg gjorde i København i påska har også vore eit fint tilskot til samlinga. Har du bilde av di samling, så lenk gjerne til den i kommentarfeltet! I mellomtida kan du ta ein titt på denne.

Ei følsom sjel

Ja, eg er vel det. Eg blir fysisk kvalm av ekle bilde der folk blir skada eller har det vondt. Men avisene elskar slike bilde. No ligg det eit bilde av ein tyrefektar som har fått hornet frå oksen inn under haka og ut gjennom munnen på framsida av nettavisa til Dagbladet. Eg er vanlegvis glad i Dagbladet, men eg har ikkje noko lyst til å gå inn dit. For ei stund sidan var det ein fotballspelar som fekk trakka av foten, slik at den sto i ein heilt unaturleg vinkel. Bildet av situasjonen der ein mann står oppå foten hans og han vrir seg i smerte vart sjølvsagt smurt utover alle nettavisene. For meg er det uaktuelt å sitte å glo på eit slikt bilde, eg fresar forbi, og så let eg vere å gå inn på den nettavisa ei stund framover, for å sleppe å sjå det. Kan det vere nødvendig? Syns alle andre enn meg at det er kult å sjå på menneske som blir skada, og der ingenting vert overlete til …

Nytt blad!

Huskar dokke Paul Løwe, som samarbeider med familien Dreyer Hensley om masse lekre kokebøker? Paul har etablert seg i New York, og arbeider med styling og mat for store og kjente magasin der borte. Han skriv bloggen Sweet Paul, som er ei oase av blomar, mat, DIY og stilfull kreativitet. No har han altså lansert eit nytt blad, som han ganske enkelt kallar Sweet Paul. Er ikkje det kult? Eg kjem til å sette himmel og jord i bevegelse for å få tak i det, denne mannen inspirerer meg. Og så gøy at han har gjort det så bra! Eg er kjempeimponert.

Ut av tåka – fin matblogg

Her er ein kjempefin og lærerik matblogg for oss som er hakket meir nerdete enn landsgjennomsnittet når det gjeld mat, eller som på eit eller anna tidspunkt i livet har tenkt at det kunne vere gøy å prøve å leve av det. Av den har eg lært enormt mykje om kokkefaget, og eg har også lært at det kanskje ikkje er noko for meg. Bloggen er skriven av ei kvinne som er frilansjournalist, men som har bestemt seg for å prøve å utdanne seg til kokk. Det ber bloggen preg av, den er velskriven og innsiktsfull, og ho har ei veldig god observasjonsevne. Deltakarane i Masterchef ville nok ha glede av å nærlese denne frå tid til annan. Den heiter Cooking school confidential. Enjoy!

It’s going to rain today

Broken windows and empty hallways, a pale dead moon in a sky streaked with grey. Human kindness is overflowing, and I think it’s gonna rain today. Scarecrows dressed in the latest styles, the frozen smiles to chase love away. Human kindness is overflowing, and I think it’s gonna rain today. Lonely, lonely. Tin can at my feet, I think I’ll kick it down the street. That’s the way to treat a friend. Bright before me the signs implore me: Help the needy and show them the way. Human kindness is overflowing, and I think it’s gonna rain today. Lonely, so lonely. Tin can at my feet, I think I’ll kick it down the street. That’s the way to treat a friend. Bright before me the signs implore me: Help the needy and show them the way. Human kindness is overflowing, and I think it’s gonna rain today. Tekst og melodi: Randy Newman (Av ein eller annan grunn får eg ikkje lagt til youtube-lenka, men gå hit.)

Seint ute

Eg er seint ute med fredagshelsinga mi i dag. Det skuldast at eg akkurat har kome heim etter ein runde på Grünerløkka med ein gjeng fine menneske, frå pub til pub, og sushistopp undervegs. Dette er ein slik deilig dag då heile Oslo og alle menneska her går for halv fart. Vanlegvis er tempoet her ganske høgt, men då eg sykla heim såg eg at alle går avslappa rundt, det er ingen som skal rekke noko, og pliktene som kallar her og der tenker dei iallfall ikkje på. No skal eg ut i hagen med ein stor kopp te og eit glas vin, og prate med koselege naboar. Rosene? Fordi eg fortener det. Akkurat som kaka i går. Ha ein fin fredag og ei fin helg, du og!

Abra kadabra rabarbra!

Rabarbraen bør du hauste no, og dess meir du haustar, dess meir får du. Fjern blomane viss den får det for seg at den skal blomstre, då held stilkane seg friske og gode lenger. Du kan lage saft, syltetøy, chutney og gelé, for ikkje å snakke om deilige paiar med rabarbrafyll. Har du ikkje tid til å kokkelere akkurat no, men har masse rabarbra, kan du hauste den og rense, og kutte stilkane i bitar. Så frys du posar med rabarbrabitar til seinare høve, når du har tid og overskot. Kvann smakar veldig godt saman med rabarbra, så heldig er den som har ein kvannestilk å skjere i bitar og koke med i rabarbragraut, suppe og slikt. Den er svært rik på C-vitaminar, og sjølv om mange i gamle dagar påsto dei aldri hadde ete ein vitamin i heile sitt liv, så var det vanleg å gå på fjellet og plukke kvann å ete tidleg på våren. Og då trengde ein det verkeleg! Fargen på geléen vert finast om du passar på å få med …

Hårreisande

Her har Aftenposten gått langt over streken. Carl I. Hagen sin kronikk om eks-svigersonen som kler seg som kvinne burde etter mitt syn aldri komt på trykk. Alle saker har mange sider, ikkje berre to. Men eg syns familien til Carl I burde takle dette på ein annan måte enn ein aftenpost-kronikk. Lise Lindalen, ver den du er fullt ut! Men snakk med barna dine om det.

Man bli’kke børsten…

Det begynte en morgen i dusjen, min kone Turid, som jeg kaller tusjen, ropte: Larsern har du bestilt drosjen? for hun sku til verksted med påsjen. Hun kanke kjøre påsjen uten å kræsje’n! Nei, tusjen, sa jeg, jeg tar mæsjen. Neimen larsern, sa tusjen, du er børsten! Næh, bli’kke børsten av litt champis mot tørsten… osv. (Tekst: Ole Paus) Gratulerer med dagen! Dette er jo sjølvaste champagne-dagen, og då tenkte eg at eg skulle foreslå litt champagne-mat av den rampete typen, faktisk. Eg har nemleg fått tak i heilt ferske norske asparges, og lagt til nokre få av mine eigne. Dette var min luksusmiddag til meg sjølv her om kvelden. Å spise dette gir meg ein deilig, rampete følelse. Det er nesten som om det skulle vore forbode, så godt er det. Dersom du vil lage den til fleire enn deg sjølv kan du jo bruke den som tilbehør, dette går fint til alle typar kvit og raud fisk, og til skaldyr. Ferske asparges skal dampe veldig kort, eg brukar ikkje meir enn tre minutt. Eg skreller litt av …

Avbefaling

Elleveåringen ville på kino i dag, og hadde gjort alt klart, eg lånte han berre visakortet. Eg ante fred og ingen fare, og lente meg roleg tilbake i stolen på Saga kino. Er filmen dårleg kan eg jo alltids duppe av litt, tenkte eg. Så feil kan ein ta. Dette er ein avskyeleg film, med masse grov  vald og drap, tildels utøvd av barn! Maken til våpenfetisjisme og voldsestetikk er det lenge sidan eg har sett. Det er mogeleg eg er for kjenslevar, men eg får meg ikkje til å le av når folk blir drept (slik resten av salen gjorde). Morda er også på ei lang rekke ansiktslause personar, alle involvert i mafia- og narkotikaverksemd rett nok, men likevel. Eg får kjensla av å vere inne i eit dataspel der det er om å gjere å drepe så mange som mogeleg rundt kvart eit hjørne med blinkande lys og sakte rørsler. Så viss nevøen din eller andre barn du kjenner spør om dokke kan sjå Kick Ass saman, så finles avisannonsene etter alternativ. Dette …