Eg er seint ute med fredagshelsinga mi i dag. Det skuldast at eg akkurat har kome heim etter ein runde på Grünerløkka med ein gjeng fine menneske, frå pub til pub, og sushistopp undervegs.
Dette er ein slik deilig dag då heile Oslo og alle menneska her går for halv fart. Vanlegvis er tempoet her ganske høgt, men då eg sykla heim såg eg at alle går avslappa rundt, det er ingen som skal rekke noko, og pliktene som kallar her og der tenker dei iallfall ikkje på.
No skal eg ut i hagen med ein stor kopp te og eit glas vin, og prate med koselege naboar.
Rosene? Fordi eg fortener det. Akkurat som kaka i går.
Ha ein fin fredag og ei fin helg, du og!