Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting
Comments 4

Abra kadabra rabarbra!


Rabarbraen bør du hauste no, og dess meir du haustar, dess meir får du. Fjern blomane viss den får det for seg at den skal blomstre, då held stilkane seg friske og gode lenger. Du kan lage saft, syltetøy, chutney og gelé, for ikkje å snakke om deilige paiar med rabarbrafyll. Har du ikkje tid til å kokkelere akkurat no, men har masse rabarbra, kan du hauste den og rense, og kutte stilkane i bitar. Så frys du posar med rabarbrabitar til seinare høve, når du har tid og overskot.

Kvann smakar veldig godt saman med rabarbra, så heldig er den som har ein kvannestilk å skjere i bitar og koke med i rabarbragraut, suppe og slikt. Den er svært rik på C-vitaminar, og sjølv om mange i gamle dagar påsto dei aldri hadde ete ein vitamin i heile sitt liv, så var det vanleg å gå på fjellet og plukke kvann å ete tidleg på våren. Og då trengde ein det verkeleg!

Fargen på geléen vert finast om du passar på å få med nokre stilkar som er meir rosa. Ofte er dette dei minste stilkane, som bør få vere med på grunn av den lekre fargen dei gjev geléen. Slik lagar du gelé av rabarbra:

Rabarbragelé

1 kg rabarbra (Har du kvann, så kan du blande det inn)

15 dl vatn

600 g sukker

15 plater gelatin

Skyll og skjer opp rabarbrastilkane. Ha dei i ei gryte, og slå over vatn og sukker. La det koke til rabarbraen er mør. Skum av viss det dannar seg mykje skum på overflata. Slå blandinga over i ei sil, og la rabarbraen renne av.

Legg gelatinen i kaldt vatn i ein bolle til den vert mjuk. Kryst vatnet ut av gelatinplatene, og rør dei over i den framleis varme rabarbrasafta som er silt frå. Rør godt, slik at dei smeltar. Slå blandinga over i ei stor skål, eller i porsjonsskåler. La det stå kaldt i minst 5 timar. Server med vaniljesaus.

Denne geléen vert ikkje så veldig søt, så den egnar seg kanskje best til vaksne. Skal du servere den i barneselskap kan du vurdere å søte den litt meir.

4 Comments

  1. Å, rabarbragrøt er godt! Farmor pleide lage, og hun laget den beste, så klart 🙂 Gele tror jeg også hun laget ..jeg har lyst til å forsøke, men har aldri hatt overskuddet til å gå igang. Men en dag .. 🙂

    Likar

  2. Syltetøy av rabarbra og jordbær , halvparten av hver, er kjempegodt. Det laget jeg i går, deilig på en skive til frokost.

    Likar

  3. takk for masse tips:) Har rabarbara i hagen og har lurt på hva jeg skal lage ut av de!! 🙂

    Likar

  4. takk for kvann-tips sammen med rabarbraen 😉 Har netopp laga en pai her nå til imorgen men den kvannen da den fikk jeg ikke tatt i.
    Vel, skal huske det til neste gang!

    God helg 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s