Month: august 2016

Italiensk potetmos

I dag får du oppskrift på ein meir avansert italiensk variant av potetmos, med urter, parmesan, kvitlauk og olivenolje. Den gir ei heilt anna oppleving, men er minst like god. Server den til godt krydra kyllinglår og ein frisk salat, eller til tynne skiver av svinefilet. Den passar også utruleg godt til eit raust stykke smørsteikt torsk og ein grønn salat. Får du restar av potetmos så er det veldig lett å varme dei oppatt. Eg brukar å varme litt mjølk i ei gryte, og så ha i stappa og røre den glatt. Italiensk potetmos 1 kg mjølne poteter 2-3 dl heilmjølk 1 dl olivenolje 1-2 fedd kvitløk 2 dl riven parmesan 2 ss hakka urter, t.d. timian eller oregano, gjerne blanding Salt og peppar Skrell potetene og damp dei møre på rist i vatn utan salt. Hell av kokevatnet, og ta ut rista. Ha i to dl mjølk, finhakka kvitløk, 1 ts salt og nesten all olivenoljen. Mos potetene med ein stappar. Vend inn urter og parmesan, og la den stå litt på avslått …

Dei dummaste bøndene

Dei dummaste bøndene får dei største potetane, seiest det. Vel, utan noko som helst forkunnskap eller erfaring har vi hausta flotte poteter i år, så då er det vel sant. Det heile byrja med eit blomebed som i all hovudsak besto av bergenia og skvallerkål. Bergenia er ikkje min favoritt, og dette var på finaste plassen i hagen, så eg ville gjerne plante noko anna der, noko som kunne bløme lenger og glede oss gjennom heile sommaren. Så i april grov vi opp bedet, røska bort bergeniaen og sålda ut skvallerkålrøttene, og så sto vi der og glodde. Kva gjer vi no? Jau, vi set poteter, var den lyse idéen vi fekk. Jakta på settepoteter var kortvarig, dei spira og var klare til å bli lagt i jorda, så første mai hadde vi fem flotte rader med mandelpotet klar. Å sette poteter ein plass du vil forbetre jorda er faktisk ein god måte å gjere den lausare og lettare å jobbe med på. Ugras trivest ikkje der potetene er, og når du har teke dei …