Å kome heim
-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården. For ikkje å snakke om denne: -Og til slutt denne stjerna her: Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!
-er deilig når ein slik ein står og ventar i bakgården. For ikkje å snakke om denne: -Og til slutt denne stjerna her: Alle desse tre veks på eller ved sidan av trappa til mi venninne Hilde. Ha ein fin frimandag, alle som stikk innom!
Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske. Mange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den. Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen. I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda. Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim. Den er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral …
Eigentleg har vi hatt bremsene på, var vi einige om der vi sykla heimover ned Gothers gade. Men nokre innkjøp må ein gjere når ein er i store byar. Heidi går rundt og akkar og ojar seg over kor stort det er her, og kor mykje folk det er her. Fast på ett bra sätt. Det kan ha ein samanheng med at det er pinse, og dermed pinsekarneval. Vi syntest vi var tidleg oppe, og var klare på Kongens Nytorv klokka elleve. Der kokte det, med trommer, lettkledde damer og eit folkeliv utan sidestykke. Han karen til høgre leia eit trommekorps ved hjelp av armane, si eiga tromme og ei fløyte. Han og gjengen hans lagde mykje bråk, kan ein seie. Som du ser leia han det raude laget, i tillegg var det grøne, det turkise, det kvite og det meksikanske der. Alle tromma i sambatakt, og var imponerande samkøyrde. Det grøne laget hadde med seg denne dama, eg trur ho sto opp tidleg for å byrje stylinga. Ho var nærare 190 cm høg, rett …
Ei av gårsdagens gleder var afternoon tea i tesalongen til Perch’s thehandel. Afternoon tea er ei anretning som vart lagd for å fylle gapet mellom lunch og middag hos det engelske aristokratiet. Anna Maria Stanhope, hertuginne av Bedford, var hoffdame for og venninne av Dronning Viktoria, og ho seiest å vere oppfinnaren av dette velkomponerte måltidet. Hos Perch’s fekk vi servert ein tradisjonell “tea tier” med tre etasjar. Vi fekk tre typar sandwichar, agurk med kremost, laks med matchate og rekemousse. Så fekk vi dei mest fantastisk saftige og smakfulle scones med piska krem, lemon curd og skogsbærsyltetøy. Eg må heim og prøvebake mi eiga sconesoppskrift på nytt, og finne ut kva eg må gjere for å få den til å likne meir på Perch’s si. Til slutt, då vi eigentleg ikkje hadde plass til meir, sto kakene att, ein liten bakt marsipanhatt med sjokolade og ei sjokolademousse-kake med lime. Teane vi drakk til var ein kvit yunnan og ein assam med krydder. Ja, og så eit glas Cremant til, sjølvsagt. Mmmm!
I dag blir det ikkje blomar frå heimen i Oslo, men frå København, naturleg nok. Blomane inne fekk dokke sjå tidlegare i dag, så no ynskjer eg dokke ei fredeleg og lang helg med denne baljen som eg fann i går. Lyset er betre enn eg kunne ha arrangert sjølv, ettermiddagssol speila i vindauga på den andre sida av gata. Ein flott idé til dekorasjon, stilkane gjer at rosene held seg på plass. Varme helsingar til alle som stikk innom frå København!
Å, kor eg kosar meg i denne byen! Full av fine fotomotiv er den og. Eg ventar på Heidi, så i mellomtida postar eg nokre fleire bilde til dokke. (Eg har fått meg kortlesar, då gjekk eg rundt drivarproblemet, til dokke som hjalp og trøsta meg i påska…) Ei utsikt i botanisk hage: Dei slit med å få fart på den variegerte mynten sin i Botanisk. Jaja, noko skal vi vere åleine om å få til på Lindern og… Fire dagar på same hotellrom, då må eg ha blomar på romet. Ein dansk femtilapp ga eg for desse, vasen er den minste hotellet fann.
…do as the romans, har eg lært. Så eg syklar rundt i København, hotellet tilbyr utleigesyklar. Fine greier. Her er nokre københavnrelevante lenker: Sykling i København (og andre fine byar): http://www.copenhagencyclechic.com/ Ein amerikanar i København: http://lbstadler.wordpress.com/ God stil i København: http://www.copenhagenstreetstyle.dk/ Ein dansk musikkblogg: http://docopenhagen.blogspot.com/
Rhododendronane i Kongens have blomstrar. To andrikkar held lag. Fint rom! 😀
Cindy Lauper er ei av mine heltinner, ho skriv vakker og uttrykksfull musikk med tekster som rører meg. Time after time er i ferd med å bli ein moderne klassikar, det finst allereie ei lang rekke coverversjonar av den. Miles Davis var blant dei første til å plukke den opp, og han valde ikkje kva som helst. Teksten på Time after time er vemodig, lengtande, full av ettertanke, etterpåklokskap kanskje, og kampvilje. Ei sterk oppmoding til å prøve igjen og å finne attende til kvarandre dersom det ein har er verd å kjempe for.
No nærmar sommaren seg med stormsteg, og sokkar i skoa har eg forlengst slutta med. Sola skin, og vi er klare for sommarmat. Heidi har som eg vore ute og plukka brennesle, og laga suppe. I tillegg har ho lagd nokre smarte foliepakkar med laks, og ei saftig tysk eplekake. I morgon bloggar eg frå København, det blir spennande å sjå kva byen viser oss denne gongen! Alt godt I barndommen brende vi oss ofte på brennesle som stod bak utedoen, fjøset og langs vegkantane og ikkje minst på setra. No når det er mindre dyr både på innmark og utmark og planta har vorte sjeldnare. Dette er truleg fordi all dyremøkka er vekk, og brennesle vil gjerne ha nitrogenhaldig jord. Likevel det er liten tvil om at planta er verdifull, ho kurerer vårslappheit og har vore mykje brukt i folkemedisinen. Brennesle har høgt innhald av c-vitamin og jern og ho har endåtil blodrensande effekt. Kva meir kan vi ønskje oss! For bønder og andre som har rikeleg tilgang på planta er det eit nisjeprodukt. …
-når det gjeld parfyme. Eg besøkte ei av mine duftande venninner i Grimstad, og her er bevisa. Eg trudde eg var sprø med min halve kvadratmeter med parfyme. Vertinna har omtrent så mykje som meg, men ho har eit minikjøleskap å ha dei i!!! Kult? Eg er ganske misunneleg, ja. Kunsten er altså å følge med når hotell pussar opp, og kastar ut gamle minibarar. Dei vert perfekte heime-parfymekjøleskap, til trygg oppbevaring av duftande skattar. Her er mange kjende dufter, Narciso Rodriguez EdT, Dolce Vita, Delice de Cartier, Eau de Jatamansi og den lyse, lette Burberry Brit Sheer, som trettenåringen min kosar seg med. Her ser du heile samlinga, iallfall dei flaskene som det er noko storleik på. L’Occitane Cedre er ei heilt magisk duft, basert på reine trenotar, og den er noko av det mest sexy eg kan tenke meg. Kanskje helst på ein mann, men eg følte eg pusta gjennom armen min då eg hadde den på, så den funkar på damer og. Den store irissåpa som ligg fremst luktar som ein heil …
– og eg tenker at eigentleg burde eg vere glad for det. Det er bra for hagen, for aspargesane, for blomane som står i ein pose ved inngangsdøra og ventar på å bli planta. For ikkje å snakke om dei som står der dei skal stå i bedet sitt, men enno ikkje er tekne ut av potta. Uff, eg har vore ein dårleg hagebrukar i år. Men det regnar, det bergar dei kanskje til eg får avslutta korøvinga, generalforsamlinga, pakkinga, vitninga i retten, seminaret på danskebåten, foredraget om cash management (!!) på danskebåten, shoppingturen med Heidi i København, flyturen heim, rekneskapen og sjølvmeldinga. Puh. Kan verda bli normal etter dette, ver så snill?
Sa eg at vi hadde for mykje skinke? Først ein svensketur og så ein til gjer at det hopar seg opp. Det er billig å kjøpe, men dyrt å kaste, så her går mor i gang igjen. Denne gongen kombinerer eg skinka med brokkoli, og gratinerer dampa brokkoli med kvit saus tjukk av skinke. Dette er enkel og billig mat, alle likar den, og den er lett å variere. Eg har lagd denne med bacon, med reker og med pølsebitar. Du kan og ha røykt raud fisk i sausen, som laks eller ørret. Brokkoli kan byttast ut med blomkål eller purre, og eg har også gratinert dampa jordskokkar på denne måten. Droppar du skinke eller tilsvarande, er dette ein fin vegetarrett. Slik gjorde eg det: Skinkegratinert brokkoli 800 g (to “hovud”) brokkoli 100 g ost 8 dl mjølk 2 ss smør 2 ss kveitemjøl Salt, peppar og muskat Set omnen på 200 grader. Skjer dei grovaste stilkane av brokkolien, og del opp bukettane til passe storleik. Kok opp godt salta vatn i ei gryte, og …
Vi har hatt ei deilig, lang helg på Sørlandet, med gode vener, god mat og turar hit og dit. I Grimstad hagla det, men heldigvis gjekk det fort over. På Mærdø vart vi solbrende, og spiste deilig is. Vi gjekk på tur i skogane på Hisøya, og såg på dei gamle NATO-anlegga, på fine hus i Sandviga og fann teppe av natt og dag. Fint! 😀 Vertinna langt der oppe: Natt og dag i fjøresteinane: No veit vi kvar han parkerer: Vakre sørlandet:
Det er berre ein ting å gjere: Skap di eiga moro. Slik som denne karen gjorde. http://www.sol.no/klipps/video/flyvert_som_er_lei_av_rutiner
I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først. Der fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre. Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg. Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme. I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg …
Når du les dette er vi i Arendal, utan datanett og har det sikkert heilt strålande. Vi held til i eit hus ikkje så langt frå havet, med utsikt til Torungen fyr. Vertinna har sikkert bada, det kan eg love at eg ikkje har. Vi har vore inn til byen med båten, kjøpt god vin og mørt kjøt, eller kanskje litt kveite eller ferske reker, og nikosar oss. Eg fotograferer, slik at eg har noko å skrive om når eg kjem tilbake til den store byen. Nelliken på bildet er det svigermor som brakte i hus. Nellikar er nedvurderte, det er flotte, fløyelsmjuke blomar som toler ein støyt. Då søstra gifta seg var buketten hennar ein ball lagd av nellikar akkurat like metta raude som den svigermor tok med seg til meg. Eg syns denne er nydeleg, og let den stå her og lyse opp bloggen min til eg kjem heim. I mellomtida ynskjer eg alle som kjem innom her ein fredeleg kveld.
Dei som kjenner meg veit at eg har vakse opp i ein bilverkstad. Dei som kjenner meg verkeleg godt veit at familien min har hatt to privatbilar. Den eine er ein Peugeot 404 Familiare, kjøpt i 1970, og parkert for godt etter at eg hadde den som russebil midt på åttitalet. Den andre, ein Seat, rullar og går for dei som bur i barndomsheimen framleis. Førarkortet tok eg som privatist, og eg er ein entusiastisk bilist. Skal det køyrast fort og lenge i vår familie, er det ofte eg som gjer det. Eg har lurt på om vi skal sjå på ein miljøvennleg hybridbil neste gong vi skal ut på marknaden. Denne anmeldelsen av Honda sitt nye hybridvidunder har imidlertid gjort meg i tvil. Jeremy Clarkson, den bilglade programleiaren i Topgear, har hatt ein til uttesting, og gjeve si vurdering. Den var så morsom at eg må poste den her. Britar er utruleg slagferdige, nesten uansett kva dei skriv om, og her går det altså ut over ein stakkars Honda. Much has been written about the …
Frå “mein Berliner Bruder” har eg fått denne samtalen. Eit kroneksempel på språkleg samarbeidsevne frå begge partar. Protocol of a phone call between guest and room-service in a hotel somewhere in Asia: Room Service: “Morny. Ruin sorbees.” Guest: “Sorry, I thought I dialled room-service.” Room Service: “Rye…Ruin sorbees…morny! Djewish to odor sunteen??” Guest: “Uh…yes…I’d like some bacon and eggs.” Room Service: “Ow July den?” Guest: “What??” Room Service: “Ow July den? …pry, boy, pooch?” Guest: “Oh, the eggs! How do you like them? Sorry, scrambled please.” Room Service: “Ow July dee baychem…crease?” Guest: “Crisp will be fine.” Room Service: “Hokay. An san toes?” Guest: “What?” Room Service: “San tos. July san toes?” Guest: “I don’t think so.” Room Service: “No? Judo one toes?” Guest: “I feel really bad about this, but I don’t know what ‘judo one toes’ means.” Room Service: “Toes! toes! …why djew Don Juan toes? Ow bow singlish mopping we bother?” Guest: “English muffin!! I’ve got it! You were saying ‘Toast’. Fine. Yes, an English muffin will be fine.” Room Service: “We …
Brazz Brothers vaks eg og opp med. Dei av vennane mine som spelte i korps var kvar sommar i Ørsta på sommarkurs med desse førde-brødrene, og kom heimatt høge på livet etter å ha jamma i ei tid då jamming ikkje ein gong hadde med syltetøy å gjere. Eg var skitmisunneleg, men verken piano eller chello hadde noko i korps å gjere. Og å synge var heilt utenkeleg, då måtte ein i allfall vere grimsting og synge kristelege songar, då var det greitt. Elles var det berre å vise seg fram, og det skulle ein ikkje. Dermed basta. Bruremarsjen til Jan Magne Førde er ei perle, og desse karane improviserer på ein måte som er heilt nydeleg. Sjå trommisen, han er berre strålande. Eg diggar dei, eg diggar dei! Opptaket er frå Landsfestivalen for korps i 2008 i Stavanger.
…eg har alltid kost meg med bursdagar, min eigen eller andres. Så eg står fram: I dag har eg bursdag! Eg fyller 29 for n’te gong, og nyt det! Dagen er tilbragt på jobb og i bilen langs den sørlandske hovedvei, og det er heilt OK. Denne flotte kaka “fekk eg” av ei venninne over dammen, så no delar eg den med dokke. Ha ein fortsatt fin kveld, og send meg ein tanke her eg sit i Flødevigen med ein nettforbindelse på dimensjon med ein sytråd. Vi gler oss til sola i morgon, for det er alltid pent vær på Sørlandet! 😀
Mai og desember er dei to store festmånadane for meg. Vi har mange bursdagar i mai, og dei mange fridagane er fine høve til å invitere huset fullt. Men det er ikkje alltid ein har lyst til å invitere til sitt ned-middag. Av og til er det deilig å berre mingle, danse, drikke sjampanje eller liknande og kose seg på ein meir uformell måte. Dei siste åra har ei tapas-bølge ridd landet. Uansett kvar du skal får du servert tapas, og det er langt frå den spanske tapasen, som berre er eit lite tiltygg til eit glas sherry. I dag prøver eg å fjerne meg frå tapas-bølga, men eg serverer likevel fingermat. Menyen du får her er utan kjøttbollar og aioli. Dette er ekte fingermat, som ein kan spise utan å sitte ned. Det kan vere vanskeleg å berekne kor mange bitar ein skal planlegge per person. Dersom ein serverer berre fingermat, bør ein ha sju bitar per person, og så noko søtt til slutt. Dersom ein har dette til ein drink før maten, er …
Eg har tydelegvis lesarar utanlands og, einkvan har brukt google sitt omsetjingsverktøy for å omsette innlegget mitt om 17- mai-oppskrifter til engelsk. Etter å ha stava meg igjennom dette sat eg att i krampelatter/-gråt. Dette vart overmåte festleg. Eg har klipt litt i verket. Enjoy. … Some do well at it to get any such mail or backpack may be a little cake-like police. It may well happen, but most that were there were giant Norwegian, and for once we got off skuld cakes delivered so that we could organize the sale in a good way. It is a first time for everything, also there to deliver the cake to 17. mai, May, and then it may be wise to have a bookmarks to relate to, and not least, may be motivated by. We got to the instance to get posar hard step full of young knortar of some bollar that had not improved and that was useljelege. All good Can you make cinnamon balls and ordinary bollar, so they also quite large, so that …
…spesielt i utlandet. Eg må berre dele desse to med dokke. Dei stammar frå Egyptturen vår i fjor. Den eine er frå toget til Aswan, 1. klasse. Den andre er frå ein restaurant i Alexandria som vi gjekk inn på, men tilhøva gjorde at vi gjekk før vi hadde fått bestilt men etter at vi hadde fotografert menyen. Ein del mystiske greier her.
Eg har skrive om Joni Mitchell tidlegare, og ho er ein av mine musikalske favorittar. Both sides now er ein del av arven min, den har alltid vore der, i sangbøker, på radioen og på plate. Den fekk ein oppsving i Love Actually, der Alan Rickman gir Emma Thompson ein cd med Joni Mitchell der ho syng Both sides now. Emma Thompson har sett han kjøpe eit halssmykke, og forstår plutseleg at det er ei som i hans hjarte fortener halssmykket meir. Opptaket her er frå ein hyllingskonsert i 2000, der mange artistar framførte Joni Mitchell sin musikk. Dette er avsluttinga av konserten. Joni har lagt sangen ned ein kvart, men den er endå meir rørande enn slik ho sang den tidleg på syttitalet. Dette er levd liv.