Mangomarmelade med kardemomme
Midt i beste sommaren er det sesong for pakistansk mango. Resten av året får ein tak i dei dyre, sure, grøne mangoane som må modne undervegs og som kan vere rotne inni sjølv om dei framleis er grøne på utsida. Men i mangosesongen kjøper eg pakistansk mango i kassevis, og serverer til dessert, i yoghurt og i gryterettar. Denne mangomarmeladen bør altså lagast i løpet av sommaren, og har ikkje grønsakshandlaren din pakistansk mango i butikken, så be han ta det inn. Dei ligg i fine øskjer fylt opp med glitrande trådar, og ventar på å få kome heim til deg. Skal du servere marmeladen til nøtteallergikarar, så dropp valnøttene. Viss du vil ha litt krunsj i marmeladen, kan du tilsette pinjekjernar i staden. 2 mangoar 1,5 dl vatn 300 g sukker 25 g syltepulver Sitronsaft av 1 halv sitron 3 kardemommekapslar 10 grovt hakka valnøtter Del mangoen i to langs steinen, fjern steinen frå mangoen og lag eit rutemønster i fruktkjøtet. På denne måten er det lett å skjere ut fine terningar. Skjer ut alt …