Midt i beste sommaren er det sesong for pakistansk mango. Resten av året får ein tak i dei dyre, sure, grøne mangoane som må modne undervegs og som kan vere rotne inni sjølv om dei framleis er grøne på utsida. Men i mangosesongen kjøper eg pakistansk mango i kassevis, og serverer til dessert, i yoghurt og i gryterettar.
Denne mangomarmeladen bør altså lagast i løpet av sommaren, og har ikkje grønsakshandlaren din pakistansk mango i butikken, så be han ta det inn. Dei ligg i fine øskjer fylt opp med glitrande trådar, og ventar på å få kome heim til deg.
Skal du servere marmeladen til nøtteallergikarar, så dropp valnøttene. Viss du vil ha litt krunsj i marmeladen, kan du tilsette pinjekjernar i staden.
2 mangoar
1,5 dl vatn
300 g sukker
25 g syltepulver
Sitronsaft av 1 halv sitron
3 kardemommekapslar
10 grovt hakka valnøtter
Del mangoen i to langs steinen, fjern steinen frå mangoen og lag eit rutemønster i fruktkjøtet. På denne måten er det lett å skjere ut fine terningar. Skjer ut alt fruktkjøtet, og ha det i gryta saman med vatn, sitronsaft og kardemomme. La det koke nokre minutt. Rør inn syltepulver blanda med sukkeret og valnøttene, og gi det eit godt oppkok.
Trekk syltetøyet til side, og la det stå og trekke litt før du fyller det på reine, nykokte glas.