I ferien er det fint med lat mat, slikt som smakar godt, og er lett å lage.
For meg er reker sommarmat, men det treng ikkje vere dei små, ferske som ein får kjøpt på kaia. Eg er like glad i grønlandsreker, dei er oftast store, saftige og ikkje minst fanga på ein berekraftig måte.
I dag lagde eg ganske enkelt ein couscoussalat med reker. Couscous er nordafrikanske grove semulegryn som har lite eigensmak. Difor er dei takknemmelege å bruke, det er lett å putte masse smak saman med dei og resultatet er alltid vellukka.
Det einaste du må huske på er å røre dei frå kvarandre med ein gong dei er ferdige. Let du dei stå og kose seg i gryta så sit dei som støypt saman, og så er moroa over. I salaten putta eg ein del grønsaker, og dei som eg ville ha møre la eg i kokevatnet til couscousen. På den måten vart grønsakene og gryna ferdige samtidig, og grønsakene fekk god smak av kokevatnet. Slik gjorde eg det:
Couscoussalat med reker og avokado
400 g reker, ferdig rensa vekt
4 dl couscous
6 dl vatn
ein buljongterning eller 2 ss fond
2 ss sitronsaft
1 ss smør
150 g sukkererter
Ein raud paprika
Fire stilkar vårløk
To stilkar stangselleri
To avokadoar
Ein bunt dill
1 dl kvitvinseddik
2 dl olivenolje
2 ts sennep, dijon
1 ts honning
2 ts tørka urter, basilikum eller timian
Salt og peppar
Lag vinaigretten først. Bland saman eddik, olje, honning, sennep og urter i eit romsleg, reint syltetøyglas, og rist godt. Smak til med salt og peppar. Set til side.
Kok opp vatn til couscous, og ha i buljong, sitronsaft og smør. Ha i paprika, løk, sukkererter og selleri, saman med couscous. Slå av plata med ein gong, og la det heile stå og trekke i fem minutt. Bruk ein halv ballongvisp eller ein stor gaffel, og rør forsiktig slik at gryna ikkje klumpar seg.
Skrell rekene, og la dei ligge og bade i vinaigretten i ca. ti minutt.
Rens avokadoen, og skjer avokadokjøtet i terningar. Legg opp salaten, og vend inn reker og avokado. Dryss på dill, og ringle dressingen over salaten.