Fest, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Jordbær- og rabarbrakompott med krem

Eg hadde planar om å servere jordbær med fløte på til dessert i dag, men så hadde ein tenåring vore innom og gått til åtak på jordbærkurven, så det var berre halvparten igjen. Då var gode råd dyre, så eg stakk ut i hagen og fann litt rabarbra. Eg lagde ein deilig kompott av det som var att av jordbæra og rabarbra, og så la eg den lagvis med ein kremostkrem (artig ord!) og knuste kjeks til ein slags bondepikevariant. Slik gjorde eg det:

IMG_5816Rabarbra- og jordbærkompott med krem

200 g jordbær

200 g rabarbra

½ dl vatn

125 g sukker

1 ss maisenna

100 g kremost

1,5 dl kremfløte

1 ts vaniljesukker

1 ss sukker

4-5 knuste grove kjeks

Rens jordbær, og del dei i bitar. Kutt rabarbraen i bitar. Ha jordbær og rabarbra i ei gryte med ½ dl vatn og sukkeret, og kok opp. La det koke i 5 minutt, til det er mørt.  Rør ut maisenna i 2 ss vatn, og ha det i gryta medan kompotten kokar. Når den har tjukna set du den til side.

Hald unna litt kremfløte, ca. 0,5 dl. Pisk resten av kremfløten mjuk, og ha i osten saman med vaniljesukker og sukker. Bruk den siste kremfløten til å justere slik at kremen blir passe stiv. Legg 1 ss kompott nederst i porsjonsglas. Legg på litt krem, og så knuste kjeks. Fortsett lagvis til glaset er fylt opp, og avslutt med å ha den siste kremen i ein sprøytepose slik at du kan lage pene toppar på glasa. Pynt med eit bær til slutt. Velbekomme!

This entry was posted in: Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply