Month: juli 2013

Årets siste rabarbraoppskrift – eg lovar.

Ja, eg veit eg har vore inne i ein rabarbrastim. Men eg har tilgang til mykje rabarbra i hagen her, og dessutan er det så godt. Og ikkje minst, alle rabarbrakaker og dessertar kan stort sett lagast med andre frukttyper og. Så oppskriftene kjem til nytte året rundt. Dagens dessert er ei deilig rabarbrakake. Mange seier at ein ikkje skal spise rabarbra etter jonsok, for den har for mykje oksalsyre. Men så lenge du er flink og et av rabarbraen din kan du trygt spise dei nye stilkane som veks opp. I denne kaka brukte eg kremost med vanilje som er laga for baking. Den er ferdig søta, og smaksett med vanilje. Du kan også bruke ein vanleg naturell kremost, då bør du tilsette tre-fire spiseskeier sukker og litt vaniljesukker i ostekremen. Krydderet kan sløyfast, viss du vil ha ein meir nøytral smak på kaka. Slik lagar du den: Rabarbrakake med ostekrem 150 g (ca. 2,5 dl) kveitemjøl 1,5 dl havregryn 1,5 dl brunt sukker 125 g smør ½ ts salt 1 ts kanel 1/2 …

Appelsin- og rabarbracrumble med rømmekrem

Eg er alltid på leit etter gode rabarbraoppskrifter, og dette er ein vri som eg ikkje har prøvd før. Oppskrifta passar til ei lita paiform, og er nok dessert til ca. åtte personar. Her var utgangspunktet for oppskrifta at eg hadde noko marsipan liggande som burde bli spist opp. Og kva gjer ein med marsipan midt på sommaren? Ein puttar den i ein rabarbrapai! Heilt logisk, ikkje sant? (Ja, og så låg det to appelsiner på fruktfatet og vansmekta.)  Appelsin- og rabarbracrumble 300 g marsipan 100 g smør 3 dl havregryn 3 ss kveitemjøl Riv marsipanen på rivjern. Smuldre saman riven marsipan, kaldt smør, kveitemjøl og havregryn til ein smulete deig. 2 appelsiner 600 g rabarbra 2 dl sukker ½ ts kardemomme Skrell appelsinen med kniv. Kutt den i bitar, fjern hinner og midten. Rens rabarbraen, og kutt den i bitar. Bland saman alt til crumblen i ein bolle. Smuldre det saman til ein smulete deig. Ha appelsin, rabarbra, sukker og kardemomme i ei gryte, og kok det i tre-fire minutt. La det kolne litt. …

Coleslaw med eple og fenikkel

Coleslaw i alle variantar er vårt favorittilbehør no om sommaren. Det går kjempefort å lage, du kan ha ingrediensane i kjøleskapet, og dei held seg lenge. Klassisk impulstilbehør, altså. Denne varianten vart til fordi vi hadde både nykål og raudkål i kjøleskapet, og jammen låg det ikkje ein litt slakk fenikkel innerst i grønsaksskuffen. Når eg då i tillegg hadde eit grønt eple i fruktskåla vart dette ein heldig og smakfull kombinasjon. Slik gjorde eg det: Coleslaw Ein skalk nykål Ein skalk raudkål Ein halv fenikkel Eit halvt eple 1 ts dijonsennep Litt sitronsaft 3 ss majones 3 ss kesam 2 ts honning Salt og peppar Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv fenikkel og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering. Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, …

Squashsalat med nøttevinaigrette

Denne squashsalaten er ein annleis salat, der rå squash vert brukt som salatgrønsak, heilt tynt høvla i strimlar. Kombinasjonen mellom rå squash, fetaost og mynte er frisk og god. Med ruccola innblanda får du ein skarp smak som kompletterer det heile. Eg har pynta salaten med fiolar, dei er spiselege, i tillegg til at dei gir ein annleis og artig farge i salaten. Dressingen her er heilt fantastisk om eg skal seie det sjølv, den må du prøve til denne salaten eller din vanlege. Squashsalat med mynte og feta 1 beger ruccola 1 squash 150 g fetaost Ein neve frisk mynte Fiolar til pynt 2 ss olivenolje Salt og peppar Fordel ruccolaen på eit vidt fat. Skjer squashen i tynne strimlar med ein potetskrellar, og fordel over ruccolaen.  Smuldre fetaosten over, og dryss på finhakka mynte. Ringle over olje, og dryss på flaksalt og nykverna peppar. Pynt salaten med fiolar rett før servering. Vinaigrette med eple, valnøtter og fikeneddik 2 dl olivenolje 1 dl fikeneddik eller ein annan søt eddik 3 ss hakka valnøtter Eit …