Billig mat, Fest, Middag, Tilbehør, Veggis
Leave a Comment

Coleslaw med eple og fenikkel

Coleslaw i alle variantar er vårt favorittilbehør no om sommaren. Det går kjempefort å lage, du kan ha ingrediensane i kjøleskapet, og dei held seg lenge. Klassisk impulstilbehør, altså.

Denne varianten vart til fordi vi hadde både nykål og raudkål i kjøleskapet, og jammen låg det ikkje ein litt slakk fenikkel innerst i grønsaksskuffen. Når eg då i tillegg hadde eit grønt eple i fruktskåla vart dette ein heldig og smakfull kombinasjon. Slik gjorde eg det:

IMG_4067Coleslaw

Ein skalk nykål

Ein skalk raudkål

Ein halv fenikkel

Eit halvt eple

1 ts dijonsennep

Litt sitronsaft

3 ss majones

3 ss kesam

2 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke. Riv fenikkel og eplet, eller bruk eit juliennejern og snitt dei fint. Legg alt lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta grønsaker, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Server til grillmat eller anna steikt mat.

Leave a Reply