Denne squashsalaten er ein annleis salat, der rå squash vert brukt som salatgrønsak, heilt tynt høvla i strimlar. Kombinasjonen mellom rå squash, fetaost og mynte er frisk og god. Med ruccola innblanda får du ein skarp smak som kompletterer det heile.
Eg har pynta salaten med fiolar, dei er spiselege, i tillegg til at dei gir ein annleis og artig farge i salaten.
Dressingen her er heilt fantastisk om eg skal seie det sjølv, den må du prøve til denne salaten eller din vanlege.
1 beger ruccola
1 squash
150 g fetaost
Ein neve frisk mynte
Fiolar til pynt
2 ss olivenolje
Salt og peppar
Fordel ruccolaen på eit vidt fat. Skjer squashen i tynne strimlar med ein potetskrellar, og fordel over ruccolaen. Smuldre fetaosten over, og dryss på finhakka mynte. Ringle over olje, og dryss på flaksalt og nykverna peppar. Pynt salaten med fiolar rett før servering.
Vinaigrette med eple, valnøtter og fikeneddik
2 dl olivenolje
1 dl fikeneddik eller ein annan søt eddik
3 ss hakka valnøtter
Eit skrelt grønt eple, hakka smått
1/2 ts salt
1 krm peppar
Bland saman, og smak til. Fyll på ei flaske med vid hals, eller hell den i ei skål. Rør godt før folk forsyner seg, den vil skille seg sidan den ikkje er emulgert.
Pingback: Coronamat – ein god vinaigrette | Alt godt