Month: desember 2015

Dei siste julegåvene

Desse gode heimelaga gåvene fiksar du i løpet av ein kveld, viss du har gjort innkjøpa på førehand. Kanskje det blir ei gåve til deg sjølv? Gløggekstrakt treng ikkje koste to kroner på lokalbutikken, du kan enkelt lage ditt eige. Med ein raudvinslant som står att etter eit førjulselskap og litt krydder og sitrusfrukter er du godt i gang med ei original og smakfull julegåve. Sjekk i skuffer og skap før du handlar inn, ofte vert slike heile krydder liggande og slenge i skuffene, og å sende dei ut av tida ved å bruke dei i gløggekstrakt gir god meining. Kanskje har du fersk ingefær, eller inntørka ingefær frå eit thaimåltid i grønsaksskuffen, den kan du også gjerne bruke. Skjer den i skiver og kast skivene i gryta. Pomeransskal kjøper eg på apoteket, finn du ikkje det kan du droppe det, eventuelt ha i litt meir appelsinskal. Eg pyntar gåvene med fine lappar, som eg lagar med utstansa papir og påskrift med gullpenn. Bak på lappen kan du skrive korleis gløggekstrakten skal brukast; Varm opp …

Årets julelikørar

Heimelaga julegåver er alltid kjærkome. Folk har nok lysestakar og blomstervasar, det er trivelegare å få noko ein faktisk kan spise eller drikke. I år har eg slått meg på flaska, og laga eit knippe julelikørar som skal bli gåver til slekt og vennar. Fråhaldsfolk får sjå bort, dei skal få noko anna. Eg har laga ulike variantar, velg den som du trur smakar best, eller som inneheld det du har i ditt skap. Eg har også teke med oppskrift på sukkerlake, den er grei å bruke viss du syns likøren din er for skarp. Den må også med når du skal lage limoncello, den italienske sitronlikøren som du får servert etter eit godt og langvarig italiensk måltid. Det heile byrja med nokre flasker vodka, her kan du også bruke 45% sprit, men standard vodka er litt lettare. Så gjekk eg laus på skuffer og skap, og leitte igjennom for å finne tørka frukt og krydder som kunne brukast i likørane. Som den samlaren eg er så var det mykje å ta av. Eg har …

Ribberull på norsk

I dag skal eg snakke på Østlandssendingen (slå på radioen kl. 16:30!) om kva ein kan bruke dei rimelege svineribbene vi finn rundt om i butikkane til, og det å lage ein ribberull er både juletradisjon og god økonomi. Ribberull er eit godt pålegg i julehelga, og når ribbene vert selt med rabatt så er det berre å kaste seg utpå. Går du til ein ordentleg slaktar, som eg syns ein bør gjere, kan du be slaktaren beine ut ribba for deg, og du må gjerne bruke ruta ribbe. Det gjer at rullen ser pen ut når den er klar til oppskjering. Eg er ikkje så glad i ferdig krydra ribbe, men den kan sjølvsagt brukast. Då bør du droppe å tilsette salt og peppar i ribberullen. Eit tips for å sikre ein god og kraftig kryddersmak er å kjøpe nytt krydder. Ofte har ein krydderposar liggande i skapet, som vart kjøpt inn i forfjor, eller året før der. Krydder oppbevart i papirposar i ein krøll misser smaken, og gir lite punch. Vil du bruke …

Sitronkake med macadamia-nøtter

Denne kaka vart veldig god, om eg skal seie det sjølv. Og sjølvskryt skal ein som kjent høyre på, for det kjem frå hjarta. Kaka er basert på ei klassisk formkakeoppskrift, som svenskane kallar sockerkaka og engelskmennene kallar pound cake, fordi dei rausaste variantane er laga med like mengder smør, sukker og mjøl. I og på kaka har eg macadamia-nøtter. Eg kjøper dei når eg er i utlandet, eg har enno til gode å sjå dei i norske butikkar. Får du ikkje tak i kan du bruke hasselnøtter som du ristar og gnir skalet av, men eg lovar deg, får du tak i macadamia-nøtter blir dette ein smakseksplosjon. Alle rundt bordet tok to stykke sist eg lagde den, og då var opptil fleire visstnok på slankekur. Men denne kaka avlyser alle slankekurar. Toppingen er ein variant av toscakaketopping, som skal bake med kaka dei siste minutta slik at den karamelliserer seg. Nyt den! Sitronkake med macadamia-nøtter 150 g mjukt smør 200 g sukker 3 egg 1 ts vaniljesukker 200 g mjøl 1 ts bakepulver Skalet …