Month: september 2009

Den fine dingsen min

Eg har fått spørsmål om den fine grønsakstripelagaren min, som eg lagde gulrottilbehør til laksen i går med. No har eg teke nokre nærbilde av den, den er mykje mindre enn ein skulle tru. Ingen stor, komplisert mandolin her, nei. Compact living, det er det vi driv med her innanfor Ring 2. Vi kan ikkje ha ting som tek for stor plass. Med denne kan du lage strimlar eller “spagetti” av gulrøtter, squash, kålrot eller persillerot. Det er fort gjort, og gjer seg like godt som tilbehør til festmiddagar som til barnemiddagar der ein må lirke grønsakene inn i ungane. Viss du har strimla gulrøttene først går det fort å kutte dei sidevegs og, slik at du kan putte dei i pastasausar eller supper. Mykje moro med liten dings, altså. Dingsen heiter peel appeal, og eg trur eg kjøpte den på glasmagasinet. Eg har sett den på nettet mange plassar, så den burde vere lett å få tak i, og ikkje minst få sendt i posten, bitteliten som den er. Det finst potetskrellarar i same …

Kjapp kvardagsmat

Trettenåringen og eg er heime åleine, og vi gjer det enkelt for oss sjølve. I dag byrja eg med tre skrelte gulrøtter, to vårløkar, ein salmalaks og ordentleg smør. Eg har fått meg eit juliennejern, ein liten dings som snittar grønsaker i lange, fine strimlar. Då kokar dei fortare, er lekrare på tallerkenen og fristar desse sære ungane mine. Gulrotpasta kallar vi det. Eg byrja med å sette på poteter til koking, og sette koketida til 25 minutt. Med dei ferske potetene du finn i butikken no er det nesten i overkant, spesielt dei som ikkje er så store og med lyst skal. Dette er ikkje vitskapeleg bevist, berre min høgst mangelfulle hukommelse frå tidlegare potetkokingar. Så lagde eg ein kjapp hollandaise. Slik gjorde eg det: Heimelaga hollandaise 4 eggeplommer (det er sikkert nok med tre, eg hadde fire, så dei gjekk i.) 2-3 ss vatn 100 g mjukt smør sitronsaft, salt og peppar Ha vatnet og eggeplommene i ein stålbolle som du set oppi ei gryte med kokande vatn. Pass på at det er …

Endetida

Eg hamna opp i ein stor diskusjon her for ei tid sidan med nokre amerikanarar eg kjenner på nett om å lagre mat. For konservative kristne i USA er det å lagre mat eit teikn på at dei tek bibelens ord om endetida på alvor. For oss vanlege nordmenn som er vande med at alt ordnar seg, så er dette ganske fjernt. Det er altså hushald i USA som har lagra tørrmat og vatn for å klare seg utan forsyningar i fleire år. Dei eg diskuterte med meinte eg var heilt uansvarleg, som ikkje hadde mat- og vasslager heime. Better safe than sorry, var deira slagord. Eg lurer på kvar dei tenker eg skulle hatt dette lageret. Denne karen her er meir til å le av, spør du meg, med sine bøtter med kveite som han kan bruke som vekter, spire til c-vitaminberande spirar og til å så. Om han har kvern heime, slik at han faktisk kan få bakt brød av det er uklart. Gjær, har han tenkt på det?? Heldigvis er han ikkje …

Lekkert lam

No er det norske lammet på sitt beste, og lammefilet er perfekt til festbordet. Gå til slaktaren, viss du har slikt der du bur, og be om indrefilet av lam. Det er det lekraste du kan servere, og den milde lammesmaken er lett å kombinere med andre smakar. Vi har fest i dag, og då gjeld det å lage noko som gjer at gjestane føler at du har gjort deg føre, og som samstundes ikkje krev for mykje arbeid. Lammefilet blir best når du gjer minst mogeleg med det, så kan du heller bruke litt tid på tilbehøret. Eg serverer lammet med omnsbakte båtpoteter, som eg krydrar og bakar i langpanne som er trekt med bakepapir. Eg serverer også to ulike salatar, ein klassisk mozarella-salat og ein grøn salat med avocado og paprika. Til salatane serverer eg ein klassisk vinaigrette som vert emulgert med honning, sennep og eggekvite til ein lett, smakfull dressing. Slik lagar du den: Senneps- og honningvinaigrette Ei eggekvite 2 ts dijonsennep eller ein annan sterk sennep 2 ts honning 1 dl god …

Ein liten tur i byen…

Eg hadde ein liten runde til mine faste stader, og noterer: Glasmagasinet har fått inn både Gurelain Idylle, Estee Lauder Sensuous, YSL Parisienne og Narciso Rodriguez Musc intense for her og for him. Idylle får mange ekstrapoeng frå meg for flaska, den er lekker, og er inspirert av ein damehæl – oppned. Dei har også fått inn Ricci by Ricci, ei fantastisk flaske men ei urkjedeleg fruity-floral duft. Ein limited edition av DKNY Woman har dei også teke inn, den syns eg og var i overkant fruktig. I tillegg har dei fått inn Kenzo Flower Essentielle, ei nytolking av den snart ti år gamle Kenzo Flower. Kenzo flower var for grøn og skarp på meg, Essentielle er varmare, mjukare, ørlite krydra og er ei fryd for nasa. Flower har hatt flankerar før, oriental var forsåvidt god, og Winter Flowers er kjend for å ha ein helleborusnote, men Essentielle er den beste så langt, etter min smak. Du får prøve, og sjå kva du likar best.

Ny utfordring!

Fru Storlien har utfordra meg, ho vil at eg skal fortelje noko om meg sjølv, ti ting for å vere presis. OK, eg går i gang. 1. Eg er medlem i Gramo. Det vil seie at eg har sunge på (faktisk fleire) CD-ar. Berre i kor, då. Mi solostemme finst ikkje på plate. 2. Eg er ein nysgjerrigper. Å finne ut av ting er noko av det morsomste eg veit. 3. I “gamle dagar” budde eg på sunnmøre, men det er 24 (!!!) år sidan eg flytta derifrå. 4. Eg syklar, uansett ver. Piggdekk er tingen. Eit atterhald: Meir enn 10 cm snø – då får den stå. 5. Eg les i rykk og napp, åtte-ti bøker på nokre veker, så ein pause på eit halvt år. 6. Ingenting vekker kjenslene mine som musikk. Gjerne trist, vakker musikk. 7. Då eg var fire år las eg flytande. Læraren min kom på besøk før skulestart, og fekk sjokk då eg låg på golvet og las Sunnmørsposten. 8. Eg er råkøyrar, råsyklar og råfotgjengar. Det er eit guds …

Noko av det vakraste XX

Eg har alltid likt Mark Knopfler sitt gitarspel, og eg har leita lenge etter ei plate som eg ikkje finn; filmmusikken til Cal. Cal er ein film som går føre seg i Nord-Irland med Helen Mirren og John Lynch i hovudrollene. Filmen er ifølge alle kvalifiserte kjelder sånn passe bra, eg må innrømme at eg ikkje har sett den. Men musikken til filmen, lagd av Mark Knopfler, er heilt fantastisk. Difor leitar eg framleis etter dette albumet. I mangel av originalvare får du høyre noko anna som er kjempefint, nemleg temaet frå filmen Local Hero, som også herr Knopfler lagde musikken til. Den er langt meir kjent, og det er også musikken. Så på ein fin fredag så får du ein av dei beste gitaristane i verda; Mark Knopfler.

Acqua di Parma: Magnolia Nobile

Acqua di Parma er eit gamalt parfymemerke, det vart starta i 1916, og lagde cologne for menn. Deira klassiske utgave heiter Colonia, og er ei herreduft som stadig er i produksjon, og som har fått sine obligatoriske flankerar dei siste åra. Etter kvart oppdaga ein del damer desse duftene, og celebritetar som Audrey Hepburn og Sharon Stone har fortalt at dei brukar Acqua di Parma sine herredufter. Dermed vart merket etter kvart eit unisex-merke. På sytti- og åttitalet var ikkje Acqua di Parma så veldig i vinden, men dei siste åra har dei fått eit oppsving marknadsmessig. I Norge finn du desse duftene på Gimle, på Koch i Bergen og Stavanger, Bente i Trondheim har dei og eg trur og dei er i salg i Haugesund. Eg var innom Gimle og lukta på Magnolia Nobile, og det var kjærleik ved første sniff. Eg har lukta på Iris Nobile tidlegare, men ikkje fått fot for den, eg har vondt for å like store dosar iris. Magnolia Nobile byrjar med ein frisk bergamot/ sitruskomposisjon. Den gjer at …

Savory

Nei, bloggen har ikkje skifta språk eller målform. Men eg har funne eit engelsk ord som manglar på norsk, og det er savory. Grunnen til at eg kom på det ordet i dag var at eg skulle seie noko om å bruke frukt i middagsrettar. Savory betyr at noko er ikkje søtt. Ein middagsrett er som regel savory, altså ikkje søt, men ikkje nødvendigvis så veldig salt heller. Ordet blir også brukt om det japanske begrepet umami, altså den femte smaken. Den femte smaken er smaken av sopp, soya, steikt kjøt eller ost. Den er nær knytta opp til saltsmaken, men er ein sjølvstendig smak i tillegg til salt, søtt, bittert og surt. Denne smaken har ikkje fått eit ord på norsk, så vidt eg kjenner til. Viss nokon har det ordet, så send meg ein e-post. Den store familiedugnaden for å bruke opp epla i hagen til bror min er ikkje avslutta. Men vi har forstått at for å få brukt opp så mykje eple, må vi bevege oss bort frå det søte. Saft, …

Øving gjer mester

I går lærte du grunnprinsippa for å få ein god gjærdeig, i dag får du oppskrifter å øve deg på. Ein ting er sikkert; det er ingenting betre enn nysteikt gjærbakst i huset. Det trengst ikkje mykje i tillegg då for å lage fest. Lykke til med bakinga! Alt godt Aniskringler 80 gram margarin 3 1/2 dl mjølk 80 gram sukker (ca 1 dl) 50 gram gjær (1 pakke) 1 egg 4 ts anisfrø ca 10-11 dl sikta kveitemjøl Smelt margarinen og varm margarin og mjølk til 37 grader. Hell dette over i ein bakebolle og tilsett sukker. Rør gjæra ut i deigvæska. Visp egget inn saman med gjæra og tilsett anisfrø. Ha i det sikta kveitemjølet litt etter litt til du får ein passe fast deig. Set deigen til heving i 25 minutt med eit handkle over. Legg deigen på bakebord strødd med mjøl, og form han til ein tjukk pølse som du deler i 20 stykke. Trill kvart emne til ei pølse som er ca 35 cm lang. Lag ei kringle av kvar …

Det ordnar seg –

-for flinke jenter! No har eg fått eit husvære på Montmartre, ikkje-samtidig bytte, og han som bur der er utanbys i heile oktober, og vil kome til Norge neste sommar. Fint? 😉 Der sparte eg ein heil del pengar. Utfordringa er å ikkje bruke det som unnskyldning for å kjøpe fleire parfymer. Men kanskje nokre julegåver?

I do music

Eg har ofte tenkt på dette med kven som kjem langt her i verda, og kvifor dei gjer det.  Nokre har ei arbeidslyst og ein ståpåvilje av ei anna verd, og kompenserer for manglande talent med hardt arbeid. Andre er proppfulle av talent, flyt lenge på det, og kan av og til stå i vegen for seg sjølv. Musikaren i denne filmen var eit døme på det siste, iallfall i den tida eg kjende han godt. Men for ein musikar! Reza kom frå Iran, faren var befal i sjahens hær og måtte flykte med familien sin då prestestyret tok over. Før det hadde dei levd i eit trygt tilvære i Teheran, og både Reza og søstra hadde sine pianolærarar på musikkonservatoriet i Teheran frå dei byrja på skulen. Reza låg under flygelet medan søstra øvde, og slik lærte han musikken. For oss vanlege dødelege er det ein umogeleg tanke, for han er musikken fysisk ein del av han frå han høyrer den. Den renn gjennom han og ut i fingrane på pianoet. I flyktningleiren spelte han …

Bortkasta arbeid

Her held vi på i årevis, og prøver å lære mennene i våre liv at sokkar i sandalane er ein dårleg idé. Er det så kaldt at du må ha sokkar, så må du droppe sandalane. Er du bleik så blir du ikkje mindre bleik av å ha tærne inni sokkane. Har du så stygge tær at du er flau over dei, så få deg ein pedikyr. Det er ikkje meir komplisert enn som så. Men så er det ei kreativ sjel som kjem opp med denne  geniale idéen, der du kan kombinere fenomena. Sokk og sandal i ein og same konstruksjon. Alle argument fell til jorda, bortsett frå dette: Du må ha pedikyr med desse og. Så det så.

Baketriks

Meir Heidi-triks – som eg har sagt er det Heidi som kan å lage mat av oss to. I dag lærer ho bort alle triksa ein må kunne for å lukkast med gjærdeig. Veldig nyttig, spør du meg! Alt godt Å kjenne lukta av rykande fersk gjærbakst er nydeleg. Ingen ting er så godt som heimebaka brød, kringler og bollar. Fordelen med å bake sjølv er at du avgjer kva mjøl som skal vere i. Ofte er grovbrød som vi kjøper ikkje så grove likevel og vi blir fort lei smaken. Å få til god gjærbakst er lettare enn du trur, det vanskelegaste er i grunnen å kome i gang.  Har du lite erfaring med gjærbakst  er det lettast å starte med grove deigar. Den deigen kleimar seg ikkje så lett fast i fingrane og er lettare å forme. Å be venner på rykande varm gjærbakst, eit kveldsmåltid, der små og store er samla vert alltid vellukka. FRAMGANGSMÅTE FOR Å FÅ TIL EIN GOD GJÆRBAKST: 1.            Dersom det skal vere margarin eller smør i deigen …

Viktig oppdrag

Vi har vore på viktig oppdrag i Vestfold i dag, planlegging av stad og logistikk rundt eit staseleg bryllup neste sommar. På vegen stakk vi innom Rosehaven på Gamle Horten gård, ein lekker liten kafé som sel fine, heimelaga smørbrød, salatar og varm sjokolade. – Og denne deilige butterdeigsnurren, med sjokolade og vaniljekrem. Eg har framleis litt mageknip, men det var verd det. Men du får ikkje berre god servering i Rosehaven, du kan kjøpe lokale matprodukt og andre spesialitetar som ein bør ha i skapet heime. Lekkert, ikkje sant?

Det er ikkje heilt over!

Det er framleis roser i hagen, og eg klipper dei og tek dei inn i små vasar. Sjølv om sommaren eigentleg er over har dei fine dagane vi har hatt no i september gjort at mykje framleis blomstrar i hagen som om ingenting har skjedd. Snart kjem dei første frostnettene, og då er det for seint. Så hiv deg rundt, og ta med saksa ut. Det må ikkje vere blomar heller, det kan vere strå, frøkapslar, eføy og andre bladvekster. Lag deg ein bukett og kos deg med det som er att av sommaren. No skal vi ut og vere med på Kulturnatta, trettenåringen har nokre vennar som skal opptre, og det er masse fint å oppleve og å vere med på. Programmet finn du her. Ha ei god helg, du som stikk innom!

Ein kan ikkje tenke på alt…

-som for eksempel at for å få ein vellykka sopptur er det ein fordel at det har regna dei siste to vekene. Det har det ikkje gjort i Oslo, men eg tenkte ikkje på det då eg endeleg fekk ein ettermiddag for meg sjølv, og kunne stikke av til min favorittskog og leite etter sopp. Det er ikkje så mange soppar eg er trygg på. Favorittane er traktkantarell og gul trompetsopp, og finn eg kantarellar blir eg lykkeleg. Steinsopp kan eg, piggsopp er også enkelt. Kremler er litt styrete, stort sett er dei skarpe, og får ikkje vere med heim. Risker er og flott sopp, men dei gode er ikkje så mange av. Åkersjampinjong er lett, dei har ei karakteristisk stjerne som dekker dei brunrosa skivene. Traktkantarellen er ein favoritt, sjølv om eg slit med å skilje den frå gul trompetsopp. Sjølv om det ikkje har regna på lenge så fann eg nokre soppar som vart med heim. I dag trur eg det var mest trompetar, dei er intenst gule i stilken, og lette å …

Siste nytt frå duftfronten

Sidan eg har farta litt rundt i det siste, så tenkte eg det kunne vere på sin plass å seie litt om dei duftnyhenda eg har støtt på undervegs. Marc Jacobs Lola, i den søtaste flaska eg har sett på lenge, har komt til Gardermoen og København. Den er frisk, ikkje så intenst fruity-floral som så mykje anna nytt i det siste. Den er verd ein sniff, sjølv om den har mykje av standardnotane som vert brukt no for tida. Grapefrukt, rosa peppar og peon, høyrest det kjent ut? På Kastrup såg eg den nye til Lolita Lempicka, Si Lolita. Ingen andre plassar, den har altså ikkje komt til Illums eller Magasin enno (d.v.s. pr. 9. september). Også den er friskare enn ein kunne frykte, litt meir krydra enn Lola og litt “vaksnare” enn dei tidlegare Lempicka-duftene. God staying power, og ei tiltalande duft. Flaska skal vere inspirert av ein firkløver, så viss du vil ha eit hint av lykke rundt deg så er altså dette dufta å ha på seg. På Gardermoen hadde dei …

Desse $&#%?#”$% bananfluene!

Har du som eg kjøkkenet fullt av små, svimete vesen som ikkje let seg fange, og som et på alt du har framme? Dei er bittesmå, men likevel er dei kjempeekle. Eg føler at eg er ei dårleg husmor, som ikkje klarer å halde kjøkkenet mitt reint. Like sikkert som at bjørnebæra og plommene modnar så kjem bananfluene inn i huset. Dei lever i blomsterjord, i søpla og andre fuktige plassar. Krigen er i gang her i huset, og eg har funne to tiltak som fungerer. Det eine er ei avansert vidareutvikling av det gamaldagse spiralforma fluepapiret som han onkel Nils hadde i fjøset, denne gongen i form av lekre, gjennomsiktige klebrige ark. Dei kan vere lit plundrete å sette opp, men når dei først er på plass funkar dei som ei kule. Mine heiter CurEra, og eg har kjøpt dei på Ica Maxi. Eg har så vidt eg huskar også sett dei på Plantasjen. No ser arket som heng ved vasken ut som ei slagmark for tredje flueverdenskrig, og eg nyt synet. Tiltak nummer …

Grøda i hus

Å få grøda frå hagen i hus er ei sann glede. I dag har eg plommer på kjøkenbenken, og lagar ein lett pai. Når det først er plommeår renn det over. Her hos oss er det plommeår i år, og dei vi får plommer av slit med å bli kvitt dei. Eg melder meg frivillig, og tek i mot det eg får. I hagebyane i Oslo står det mange frukttre, og du kan lett finne eit skilt som seier at du kan kome og plukke. Mange eldre bur med store hagar, og treng ikkje på langt nær så mykje frukt som hagen produserer. Då støttar eg prinsippet om å dele goda. Mange set også kasser med eple ved porten, slik at dei som ikkje har epletre kan få. Fint, ikkje sant? I dag har eg altså fått ein balje med plommer frå foreldra til ein kompis, og eg bestemte meg fort for å lage ein deilig pai med krema fyll. Fyllet er lagd med kesam, kremost og egg, og eg gir ekstra smak med vanilje. …

Ei Heidi-suppe til

Heidi er lidenskapeleg glad i poteter, og i dag lagar ho ei lekker potetsuppe. Alt godt Du skal få ei oppskrift på ei potetsuppe som eg brukar å lage. Vi har vår eigen potetåker og det er stor stas når vi kan grave fram dei første nypotetene om hausten. Vi et nemleg poteter 365 dagar i året og vi blir aldri lei denne milde gode potetsmaken. Vil eg ha variasjon kokar eg  potetsuppe. Den er svært god, spesielt saman med kvitløksbrød. Då kjøper eg ein loff, skjer han i skiver og smør ei blanding av margarin og hakka kvitløk på kvar skive. Så legg eg loffen i ei seng av aluminiumsfolie og bakar han i omnen på 225 grader til han vert sprø. POTETSUPPE 1/2 purre Fem poteter 1 liter vatn Ein terning grønsaks- eller kjøtbuljong 2-3 ss crème fraiche eller rømme 2 ss tørka dill eller frisk dill om du har. 70 gram riven kvitost 150 gram skinke – reker eller bacon. Alt etter kva smak du ønskjer. Rens, skrell og hakk purre og …