Blogging
Comments 9

Ny utfordring!


Fru Storlien har utfordra meg, ho vil at eg skal fortelje noko om meg sjølv, ti ting for å vere presis. OK, eg går i gang.

1. Eg er medlem i Gramo. Det vil seie at eg har sunge på (faktisk fleire) CD-ar. Berre i kor, då. Mi solostemme finst ikkje på plate.

2. Eg er ein nysgjerrigper. Å finne ut av ting er noko av det morsomste eg veit.

3. I «gamle dagar» budde eg på sunnmøre, men det er 24 (!!!) år sidan eg flytta derifrå.

4. Eg syklar, uansett ver. Piggdekk er tingen. Eit atterhald: Meir enn 10 cm snø – då får den stå.

5. Eg les i rykk og napp, åtte-ti bøker på nokre veker, så ein pause på eit halvt år.

6. Ingenting vekker kjenslene mine som musikk. Gjerne trist, vakker musikk.

7. Då eg var fire år las eg flytande. Læraren min kom på besøk før skulestart, og fekk sjokk då eg låg på golvet og las Sunnmørsposten.

8. Eg er råkøyrar, råsyklar og råfotgjengar. Det er eit guds under at eg lever.

9. Eg er ein håplaus romantikar.

10. Mi største synd er sørlandschips og kesam.

OK, då har eg vrengt sjela mi, eg utfordrar Kirsitn, Hagen på hytta og Christine. God helg til alle! 😀

This entry was posted in: Blogging

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Og jeg som trodde at jeg var immun mot kjedebrev og utfordringer… Men det var før Alt Infamt tok grep… ;-p

    Likar

  2. Hei 🙂
    – jeg har tatt meg den friheten og låne en oppskrift fra siden din. Jeg har linket innlegget til deg.
    Gi beskjed hvis du ikke synes det er ok så tar jeg den bort.
    Ha en fin søndag!
    Hilsen Hilde Iren

    Likar

  3. Så lenge du seier at oppskrifta er frå meg og lenkar til meg, er det OK. Ha ein fin søndag, du og!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s