Eg har alltid likt Mark Knopfler sitt gitarspel, og eg har leita lenge etter ei plate som eg ikkje finn; filmmusikken til Cal. Cal er ein film som går føre seg i Nord-Irland med Helen Mirren og John Lynch i hovudrollene.
Filmen er ifølge alle kvalifiserte kjelder sånn passe bra, eg må innrømme at eg ikkje har sett den. Men musikken til filmen, lagd av Mark Knopfler, er heilt fantastisk. Difor leitar eg framleis etter dette albumet.
I mangel av originalvare får du høyre noko anna som er kjempefint, nemleg temaet frå filmen Local Hero, som også herr Knopfler lagde musikken til. Den er langt meir kjent, og det er også musikken. Så på ein fin fredag så får du ein av dei beste gitaristane i verda; Mark Knopfler.
– og det minnet meg på å få tak i bill til konserten i Bergen neste sommer. 🙂
Du finn plata her. Dei sender til Norge med flypost.
http://www.cduniverse.com/search/xx/music/pid/1056439/a/Cal.htm
No rotar eg visst fælt her, men eg ser no at plata har vore utselt frå lager sidan juli.
Takk for grundig research, Anders, no får eg mail når dei har fått den inn att!
Det ligger en liten utfordring til deg hos meg!
Hei på deg!
Musikken fra filmen er nydelig. Albumet har de faktisk til den nette sum av kr. 59,- hos Platekompaniet! På lager!
http://www.platekompaniet.no/Musikk.aspx/CD/Mark_Knopfler/Cal_-_Soundtrack/?id=8227692
Takk, Irén!
Der heldt eg altså på å lure deg til å gå over bekken etter vatn. Og betale tredobbel pris. Godt du har observante lesarar. Det er kanskje ein del av konseptet “Alt godt” ?