Acqua di Parma er eit gamalt parfymemerke, det vart starta i 1916, og lagde cologne for menn. Deira klassiske utgave heiter Colonia, og er ei herreduft som stadig er i produksjon, og som har fått sine obligatoriske flankerar dei siste åra.
Etter kvart oppdaga ein del damer desse duftene, og celebritetar som Audrey Hepburn og Sharon Stone har fortalt at dei brukar Acqua di Parma sine herredufter. Dermed vart merket etter kvart eit unisex-merke.
På sytti- og åttitalet var ikkje Acqua di Parma så veldig i vinden, men dei siste åra har dei fått eit oppsving marknadsmessig. I Norge finn du desse duftene på Gimle, på Koch i Bergen og Stavanger, Bente i Trondheim har dei og eg trur og dei er i salg i Haugesund.
Eg var innom Gimle og lukta på Magnolia Nobile, og det var kjærleik ved første sniff. Eg har lukta på Iris Nobile tidlegare, men ikkje fått fot for den, eg har vondt for å like store dosar iris.
Magnolia Nobile byrjar med ein frisk bergamot/ sitruskomposisjon. Den gjer at denne dufta er ei perfekt sommarduft, eller elles når du treng ein ”pick me up”-parfyme. Du vaknar av denne, utan at den er skarp og enerverande.
Etter kvart kjem den no så populære magnolianoten fram i ei lekker samansetning med jasmin, gardenia, liljekonvall og rose. Jasmin gir eit fruktig, komplekst preg, og det gir meg assosiasjonar i retning av aprikos og plomme.
Avslutninga er varmare, men ikkje varm, om det heng på greip. Dette er ei duft som ikkje på noko tidspunkt er søt, men den er heller ikkje skarp. Det er litt vanilje i avslutninga, men den er dempa, og har som funksjon å balansere det grøne som særleg kjem frå magnolia og liljekonvall.
Dette er ei velbalansert duft med klasse. Den er ikkje påtrengande, men lett til stades over lang tid. Eg føler meg elegant med denne dufta på meg. Verd å prøve!
Ja, denne er god! Jeg har Mirto di Panarea, kjøpt i Italia. Den passer meg godt ( bedre enn L’air de Reien som nå er omdøpt til L’air de Chien)
Eg tilhøyrer dei som likar Iris Nobile veldig godt, både i den “lette” edt-versjonen, og i den chrypreaktige edp-en. Faktisk er det denne dufta (i edp) eg har brukt dei siste to dagane. Sist eg var innom Bentes fekk eg ei prøve av Magnolia Nobile, men har ennå ikkje prøvd den. Gleder meg til det!
Likar forørig også godt Mandorlo di Sicilia og fikenparfymen til AdP (husker i farta ikkje namnet på den), og sikrar meg prøver av desse kvar gong det er muleg – praktisk på reise i sommarferien, det er då desse passar best, synes eg.
Jeg har fordommer mot Aqua di Parma fordi navnet er synonymt med Iris nobile for meg. Jeg klarer som kjent ikke iris…
Men denne er noko heilt anna, BÅ! Hadde eg hatt utstyr til det skulle eg ha sendt deg ei prøve. Når kjem du til byen?
Jeg trodde kanskje Magnolia Nobile var en fyldig og søt sak, akkurat som Iris Nobile Edp. Tydeligvis ikke det, men skal sette den på må-teste-lista 🙂 Sitter den godt på huden da? Jeg liker forøvrig Ivis Nobile også, både edp og edt.
Jada, jeg innser at Magnolia er noe annet enn iris 😆 Jeg må bare venne meg til tanken.
Skal til byen, men er i forvirring om når for øyeblikket. Kommer tilbake til saken 🙂
Pingback: Hår og parfyme og været og blablabla « Hagen på Hytta