Month: februar 2021

Baconbakt torsk

No er båtane på veg inn mot land fullasta med torsk, og vonaleg står det folk klar til å skjere den i lekre filetar. Torsken på det aller beste i februar, og den passar godt med mange andre smakar. I dag har eg kombinert den med bacon og tomat, og det var ein perfekt match. Eg brukte små cherrytomatar, pass på at du at du finn tomatar som er søte og modne. Tomatar skal ikkje i kjøleskapet, la dei vere på benken. Der held dei seg lenge. Har du ikkje cherrytomatar kan du også bruke vanlege tomatar som du kuttar i terningar. Eg serverer torsken med ein smakfull rotfruktmos. Her kan du bruke dei rotfruktene du har. Eg hadde gulrot, poteter, søtpotet og persillerot. Du kan også bruke ein kålrotskalk om du har det liggande, sellerirot eller pastinakk. Å lage ein slik mos er ein grei måte å bruke opp det du har i grønsaksskuffa på. Dessutan gjer det at du ikkje treng å tenke på fleire tilbehør, tilbehørsgrønsakene er i stappa, så å seie. …