Fisk, Mat, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Baconbakt torsk

No er båtane på veg inn mot land fullasta med torsk, og vonaleg står det folk klar til å skjere den i lekre filetar.

Torsken på det aller beste i februar, og den passar godt med mange andre smakar. I dag har eg kombinert den med bacon og tomat, og det var ein perfekt match. Eg brukte små cherrytomatar, pass på at du at du finn tomatar som er søte og modne. Tomatar skal ikkje i kjøleskapet, la dei vere på benken. Der held dei seg lenge. Har du ikkje cherrytomatar kan du også bruke vanlege tomatar som du kuttar i terningar.

Saftig torsk med salt topping – perfekt familiemiddag.

Eg serverer torsken med ein smakfull rotfruktmos. Her kan du bruke dei rotfruktene du har. Eg hadde gulrot, poteter, søtpotet og persillerot. Du kan også bruke ein kålrotskalk om du har det liggande, sellerirot eller pastinakk. Å lage ein slik mos er ein grei måte å bruke opp det du har i grønsaksskuffa på. Dessutan gjer det at du ikkje treng å tenke på fleire tilbehør, tilbehørsgrønsakene er i stappa, så å seie.

Mengdene av dei ulike grønsakene i oppskrifta kan du også slumpe med. Du treng ikkje bruke gramvekt for å sjekke fordelinga mellom sortane. Men 250 g mos pr person er omtrent ein middagsporsjon, så det kan du ta utgangspunkt i når du ser på totalmengda.

Denne mosen er knallgod også til andre rettar. Eg brukar den til steikte pølser, som topping på Sheperd’s pie, og den er også god til seifilet i rømmesaus. Lag ein stor porsjon med det same, så kan du ha Sheperd’s pie dagen etter. Då lagar du ein god kjøtsaus, aller helst med malt lammekjøt viss du finn, og legg rotfruktmos oppå. Så drysser du eit lag ost på, og bakar det heile til det er gjennomvarmt og osten har smelta.

Er det travelt og du må servere middag på kort tid, er dette ein fin middag å førebu i god tid. Grønsakene kan skrellast og leggast i vatn dagen før, om så er. Du kan også lage klar baconblandinga. Då har du middag på tjue minutt etter at familien har komt inn av døra. Perfekt viss ein skal ut og gå ein tur, eller ake i akebakken.

Ein ting å notere seg er at dette er ein fiskerett som er enkel å lage til mange. Akkurat no skal vi jo ikkje vere mange til bords, men snart!

Ikkje lett å gjette at dette er fisk!

Torsk bakt med bacon og tomat

600-700 g torsk i porsjonsstykke

200 g bacon i små bitar

200 g modne cherrytomatar

Ein stor løk

3 ss strøbrød

Olivenolje, salt og peppar

Sett omnen på 200 grader.

Legg fiskebitane på eit fat, og strø med salt. Dette kan du gjere opptil eit par timar før du lagar maten. Fisken bør uansett saltast minst ein halvtime før du skal bake den.

Del tomatane i to. Finhakk løken, og baconet om det ikkje allereie er kutta opp. Steik baconterningane, ha i løk og kvitløk og steik vidare på middels varme til løken er gyllen. Rør inn strøbrød og halve cherrytomatar. Sett til side. Dette kan du gjere klart i god tid.

Tørk saltet av fisken. Smør ei eldfast form med raust med olivenolje, og legg fisken i. Skvis over litt sitron. Fordel baconmiksen over fisken, og bak fisken på 200 grader i ca. 15 minutt.  Dryss på litt fersk persille. Server med rotfruktmos.

Bruk det du har av rotgrønsaker, det blir godt uansett.

Rotfruktmos

300 g poteter

250 g gulrøtter

250 g søtpoteter

200 g persillerot

1 ss salt

Vatn til koking

Til mosen:

1 dl mjølk

2 ss smør

1 krm svart peppar

Litt riven muskatnøtt

Skrell alle grønsakene, og kutt dei i terningar. Kok grønsakene møre, ca. 12-15 minutt. Hell av kokevatnet, og ta gjerne vare på det. Det er ei fin grønsakskraft. Ha smør og mjølk i kjelen, og stapp grønsakene til ein grov mos med ein stappar. Smak til med peppar, muskat og evnt meir salt om det trengst.

 

Leave a Reply