Billig mat, Fest, Heidi, Jul
Comments 4

Syltaflesk


I dag lagar Heidi syltaflesk. I mi verd er det for spesielt interesserte, men eg har forstått at mange er glade i det. Hiv deg rundt viss du likar syltaflesk, men ring til ein slaktar først, slik at du får hovudet i hus. Du kan og bruke ei ribbeside, då blir det litt meir overkomeleg.

Alt godt

Å lage syltaflesk er ein måte å utnytte heile grisen på. Eg veit ikkje om du har fora opp ein julegris, men vi gjorde det for nokre år sidan. Han blei feit og god, men med eit så tjukt spekklag at det passa liksom ikkje inn i vårt kosthald. Så det blei med den eine grisen.

Vi kjøper derimot kvart år grisehovud som vi lagar syltaflesk av. Hovuda er svært billige og all hjernemassen er teken ut. Bløytlegg det i to døgn så er det gryteklart. Vi kokar som ein griseknok saman med hovudet og legg i sylta. Men du kan og lage syltaflesk av buklist eller som eg gjorde i år av ei svineribbe på 1 ½ kg.

Eg skar ut ribbebeina og delte ho i tre lag som eg fylte med krydder og gelatinpulver. Så bretta eg ho i to slik at svoren kom ut og hadde ho inni eit rør. Så tredde eg ei strømpe (kjøpt hos slaktaren) utanpå røret og skubba svineribba nedi strømpa. Deretter pakka eg ho inni ein kokt kjøkkenhandduk og kokte ho i 2 ½ time. Men det som var litt dumt var at alt det gode krydderet som eg hadde lagt inni ribba forsvann ut i kokevatnet. Til slutt la eg ho i press mellom to brødfjøler med sukkerposar på toppen.

Men til neste år vil eg koke ribba først, deretter dele ho i fleire lag, legge ho i ei brødform med krydder og gelatinpulver mellom laga med svor nederst og øverst i forma. Etter at syltaflesket er pressa må det leggast i ei saltlake eller tørrsaltast gjerne med nellikspiker utanpå. Det var denne krydderblandinga eg brukte:

1 ts malt peppar

½ malt allehånde

½ ts malt nellik

½ ts malt ingefær

5 ts gelatinpulver

Har du lyst til å lage syltaflesk er det berre å gå i gang. Kva som er rett og gale veit eg ikke men syltaflesk av hovud er best spør du meg.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Heidi, Jul

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. hajal says

    Sylteflesk er noko eg MÅ ha på menyen i jula. Tidlegare har mor mi teke seg av laginga, men i år har ho måtte gje opp den biten av hushaldet.
    I år er eg ikkje i form til slikt heller men kansje til neste år. Sylteflesk av svineribbe er nesten like godt og mykje mindre arbeid med.
    I år skal vi til Finland å feire jula – der finn vi vel neppe sylteflesk i kjøttdiskane så eg får kjøpe med litt og ta med i bagasjen når vi dreg.
    God førjulsstrid! 🙂

    Likar

  2. RandiF says

    Vi lager sylteflesk kvart år, og har eit hovud liggande i vatn no. Koker det i morgon kveld med litt salt, pepar og laurbærblad. Det er stort så det treng sikkert bortimot 3 timars koking. Vi skjer først vekk svoren og legg den i botnen og oppetter sidene på ei brødform, så langt det rekk. Så hakkar eg opp alt kjøt og flesk som er brukande på hovudet (gubben skjer og eg hakkar) og blander det i ei skål. Vi arbeider så fort vi kan mens det er varmt. Deretter blander eg 1 pk (kanskje det er nok med 1/2) gelatinpulver med «litt» allehånde, malt ingefær og pepper. Bruker ikkje nellik for det er et krydder vi tåler dårlig for magen. Krydderblandinga rørast godt inn i kjøt-og fleskeblandinga og alt leggast i brødforma- På toppen legg eg eit smørpapir og oppå det ei fjøl som vi har skore til så den passar til forma. Litt mindre slik at den ikkje blir hengande att på toppen når sylteflesket blir pressa nedover. Formene er gjerne litt skrånande. Så legg vi noko tungt på fjøla og set det heile kjøleg til neste dag. Då kvelver vi det ut av forma, skjer det i 4 delar og legg i saltlake et døgn eller så, til det er passe salt.

    Likar

  3. Sylte skal det bli her og, men hode orker jeg ikke gå løs på. Får holde med en ribbeside og en høne. Blir godt det og…

    Likar

  4. solfrid says

    Her er det tydelig forskjell på sylteflesk og sylte i de forskjellige landsdelene? Jeg oppfatter dette som Sylte

    sylteflesk er her hos oss dette;

    Sylteflesk

    Sylteflesk av ribbe er definitivt en højdare. Kjøper den ferdig.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s