Eg har fortalt om “spise-ut-av-frysaren”-prosjektet mitt? Noko av det eg fann der var ein bit oksekjøt frå nyttårsaftan. Då laga eg heilsteikt indrefilet, og den tjukke enden vart kasta i frysaren i ein pose, i kampens hete.
Den tok eg opp her om dagen, og laga noko eg nesten aldri gjer; ein klassisk brun lapskaus, eller bifflapskaus. Bifflapskaus er den aller finaste lapskausen, og det smarte er at det skal ikkje så mykje kjøt til. Eg hadde ca. 300 g beinfritt kjøt, og det vart til middag til seks personar! Å bruke små porsjonar med kjøt i ei suppe eller ei gryte er ein god måte å dryge maten på. Kutt kjøtet i relativt små bitar, og pøs på med sunne, fine rotgrønsaker, legg til litt kål og løk, og så har du førsteklasses middag å by vener på.
Ja, og så er det dei store spørsmåla i livet: Tallerken eller skål? Skei eller gaffel? Der er vi ikkje heilt einige her i huset, men mette blir vi.

Eg laga bifflapskausen i jerngryta mi, då fekk eg ordentleg fin skorpe på kjøtbitane, og det gjev masse god smak til lapskausen. Grunnen til at lapskausen blir brun er nettopp det, at du steiker, eller brunar kjøtet. Så har eg i løken og fresar den litt med litt mjøl saman med kjøtet, og då får eg også jamning til lapskausen.
Ein annan fordel med å lage lapskaus på dette fine kjøtet er at den ikkje treng å koke så lenge. Du kan gjerne bruke grovare kjøt, som t.d. høgrygg, bog eller nakke, men då må den koke litt lenger.

Brun lapskaus/bifflapskaus
300 g storfekjøt utan sener, feitt og bein
2-3 ss smør
Ein stor løk
1 ss kveitemjøl
3 dl vatn
½ kålhovud, gjerne raudkål (ca. 600 g)
6 gulrøtter
10 poteter
3 persillerøtter eller pastinakkar
Ein stor purre
½-1 ts malt peppar
5 dl vatn
To kjøtbuljongterningar
Kutt kjøtet i terningar, ca. 1,5 cm store. Rens og finhakk løken. Smelt smøret i ei jerngryte. Ha i halvparten av kjøtet, og steik det brunt på alle sider. Ta det ut, og steik resten av kjøtet. Ha i litt meir smør, og ha i løken og alt kjøtet. Dryss på mjølet, og rør alt saman. La det brunast utan at mjølet vert svidd. Slå på 3 dl vatn, og kok panna godt ut medan du skrapar botnen for å få med all den gode smaken.
Rens alle grønsakene, og kutt dei i terningstorleik. Splitt purren, og vask den fri for jord mellom blada. Snitt den i tynne skiver. Kutt kålhovudet i små bitar. Ha alle grønsakene i gryta med resten av vatnet, dryss på peppar og dei smuldra buljongterningane, og la det koke til alt er mørt, ca. 25-30 minutt. Smak til om det trengst meir peppar eller salt. Server med flatbrød og godt smør.