Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.
Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av.

Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var også lov å ynskje seg om ein var sjuk, og måtte få det einaste ein hadde lyst på til middag.
Denne oppskrifta gir suppe til seks personar. Lag gjerne dobbel porsjon, så kan du servere den seinare i veka og, eller legge ein middag i frysaren. Utan kjøt, rømme og honning er denne suppa vegansk. Den er også mjølke- og glutenfri.

Krydra tomatsuppe
2-3 ss olje
1 ts spisskummen
1 ts malt koriander
2 ts oregano
1 ts chiliflak eller ein liten, tørka chili
3 fedd kvitløk
1 stor gul løk
1 skalk raudkål (eller kvitkål, om det er det du har)
3 gulrøtter
1 persillerot
1,2 l vatn
2 pakkar (ca. 800 g) hermetiske tomatar
150 g grønnkål (viss du har)
250 g ferdig kokte raude bønner eller linser
1-2 ts sukker eller honning
To buljongterningar
Salt og peppar
Rømme og brød til servering
Rens og finhakk løk, kvitløk, gulrøtter, kål, persillerot og fersk chili. Skyll og finsnitt grønnkålen.
Ha oljen i ei romsleg gryte, og varm den opp på middels varme. Ha i kvitløk, løk, fersk chili, og alt krydderet unntatt salt og peppar. La det frese til løken er mør. Ha i gulrot og persillerot, og slå på vatn og tomat. Smuldre buljongterningane i suppa. La dette koke i eit kvarter. Ha i det du brukar av bønner eller linser til slutt. Smak til med sukker, salt og peppar, og server suppa med brød og rømme.