All posts tagged: tomater

Krydra tomatsuppe

Ei godt krydra tomatsuppe er perfekt viss du er litt snufsete eller berre treng noko som verkeleg varmar. Denne oppskrifta kan du utvide, til dømes med linser, bønner og ulike grønsaker. Når suppa er godt krydra er det fint å servere den med litt rømme, det kjøler ned dei aller sterkaste ilingane frå chilien. Doser chili litt og litt, så passar du på at det ikkje blir heilt overveldande sterkt. Eg brukte ein liten, tørka chili, og det var meir enn sterkt nok til 1,5 liter suppe.  Nokre kallar denne typen suppe meksikansk suppe eller tacosuppe, då kan du også ha steikt, tacokrydra kjøttdeig i eller ved sidan av. Viss du har grønsaksskeptikarar i familien, så kan du gjere slik vi gjorde heime hos oss då barna var små: Vi laga pinglesuppe. Då tok eg suppa til den som var engsteleg for bitar i suppa, og køyrde den glatt med stavmiksar. Då var alle dei heile bitane borte, og suppa var blitt pinglesuppe. Dei aller største pinglene måtte kanskje attpåtil få silt pinglesuppe. Det var …

Tomathaust

Neida, eg har ikkje sådd tomatar. Ein treng ikkje så tomatar for å få tomatplantar. Det er nok å kjenne nokon som sår tomatar. Det er ein morsom syklus, det der. Når ein syns det er kjekt å dyrke ting så blir ein likevel lei utpå hausten. Men litt over jul så byrjar det å lysne, og så dukkar det opp frø i butikkane som ein kan så. Då trer sågalskapen inn, og ein puttar masse frø i jorda. Dei spede spirane poppar opp, og får lys, vatn og gjødning etter alle kunstens reglar. Så kjem ein ut i mai, og då er det som om planterommet er overteke av trifidar, desse planteliknande ondsinna vesena, som vil ta kontroll over verda. Då er det at desse ivrige såarane byrjar å dele ut med raus hand. Dreg du frå eit selskap kan du vere trygg på at du får med deg minst ein tomatplante, og kanskje eit par chiliplantar og. Slik får iallfall eg tomatar, og eigentleg er det jo veldig hendig. Min kjære ga meg plantekassar i bursdagsgåve, og ei av desse vart heimen til dei etter kvart fem tomatplantane eg hadde …

Haustetid før hufsa kjem

Har du det som meg, at du får låkt i hjarta når du ser frukt, bær og grønsaker som ikkje vert hausta? Akkurat no er det mykje slikt som plagar meg. Skogen står full av traktkantarellar, eplehagane bugnar og frukta blir til kompost, og dei som er att av tomatane mine heng ute grøne og fine, utan von om å modne no når det er like før hufsa kjem. Det er grenser for kor mykje traktkantarellar ein kan plukke, eple ein kan safte og tomatar som kan modne i vinduskarmen. Det er det eg gjer, nemleg; tomatane vert hengt opp i hyssing, og så får dei modne på kvisten sin til dei har fått rett farge og smak. Men dei store er det vanskeleg å redde, og dei blir liksom aldri gjennommodne. Så difor har eg lagd tomatmarmelade! Ein syrleg-søt, tjukk marmelade som kan etast som tyttebærsylte, til steik, kjøtkaker eller til ein god ost. Tomatane kan syltast og, med eddik og krydder. På den måten får eg betre samvit, og det er kjekt å …