Neida, eg har ikkje sådd tomatar. Ein treng ikkje så tomatar for å få tomatplantar. Det er nok å kjenne nokon som sår tomatar.
Det er ein morsom syklus, det der. Når ein syns det er kjekt å dyrke ting så blir ein likevel lei utpå hausten. Men litt over jul så byrjar det å lysne, og så dukkar det opp frø i butikkane som ein kan så.
Då trer sågalskapen inn, og ein puttar masse frø i jorda. Dei spede spirane poppar opp, og får lys, vatn og gjødning etter alle kunstens reglar. Så kjem ein ut i mai, og då er det som om planterommet er overteke av trifidar, desse planteliknande ondsinna vesena, som vil ta kontroll over verda.
Då er det at desse ivrige såarane byrjar å dele ut med raus hand. Dreg du frå eit selskap kan du vere trygg på at du får med deg minst ein tomatplante, og kanskje eit par chiliplantar og.
Slik får iallfall eg tomatar, og eigentleg er det jo veldig hendig. Min kjære ga meg plantekassar i bursdagsgåve, og ei av desse vart heimen til dei etter kvart fem tomatplantane eg hadde enda opp med.
Vi har spist litt langsmed etter kvart som dei vart modne, men i midten av september gjekk det opp for meg at dei grøne tomatane nok ikkje kom til å bli raude og søte av å henge ute gjennom så kjølege netter som september kan by på. Så då tok eg ein skikkeleg rydderunde i plantekassa mi, og hengte dei grøne tomatane til modning.
For tomatane held faktisk fram med å modne etter at dei har forlatt busken. Dei vert kanskje aldri så søte og aromatiske som dei som har modna i sommarsola, men dei er framleis gode å spise.
Så litt etter litt vert dei raude og fine, og på eit tidspunkt går det opp for meg at her må vi gi gass i tomatspisinga. Ei brødskive med tomat og majones på til frukost og ein og annan salat monnar ikkje. Så denne veka har vi spist to rundar med tomatsuppe, og i tillegg laga eg kyllingrulladar i tomatsjy.
Det vart så godt at oppskrifta må delast, heilt enkelt. Det er også veldig sunt, for oppvarminga aktiverer lykopen i tomatane, som er ein kraftig antiosydant, og bra for nesten alt, ifølge moderne matforskning.
Eg laga rulladane med kyllinglårfilet, som eg alltid kjem tilbake til. Eg syns det er ei veldig bra råvare, rimeleg, ressursutnyttande og smaksrik. Med skiver av bacon rundt blir det pene porsjonsstykke som smakar fortreffeleg.
Til denne retten kan du servere ris, pasta eller poteter, eg serverte den med dei minste potetene frå potetopptakinga, kokt i godt salta vatn. Du kan også ha ein salat til, og litt godt brød.
Kyllingrulladar i tomatsjy
800 g lårfilet av kylling
Ein pakke tynne baconskiver
(Tannpirkarar utan fluorsmak)
1 kg tomatar
Ein løk
Ein bunt vårløk
2 dl kvitvin eller eplejuice
2 ts urtesalt
Olivenolje
1 ss balsamicoglace
Salt og peppar
Sett omnen på 200 grader.
Legg baconskivene på ei fjøl. Legg kyllinglårfiletane på enden av baconskiva, og rull det heile rundt til ein rullade. Stikk ein tannpirkar gjennom, slik at den held seg saman. Steik rulladane på begge sider til dei har fått fin farge. Legg dei til side på ein tallerken.
Del alle tomatane i passe store bitar, mine var ikkje så store, så eg delte dei i fire. Kutt løken fint, og del vårløkstilkane i 2-3-cm lange bitar. Fordel grønsakene i forma, ha på urtesalt, vin og balsamicoglace, og ringle over olje.
Legg kyllingrulladane på grønsakene, og bak det heile i omnen i 40 minutt på 200 grader. Ta forma ut, og la den stå litt. Bruk ein gaffel, og mos tomatane slik at dei slepper all safta.
Smak på sausen, og juster smaken om nødvendig. Eg dryssa i salt og peppar, og berre vende forma fram og tilbake, for å få det til å blande seg. Server med ris, pasta eller poteter.