Allergi, Fest, Kjøtt, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, urter

Kalv med frisk melonsalsa

I dag har vi spist noko av det aller beste eg veit: Entrecote av kalv. Kalvekjøtet er lyst, mørt og saftig, og blir utruleg godt på grillen eller i steikepanna.

Det er synd at kalv skal vere så vanskeleg å få tak i. Har du ein god slaktar nær deg så prøv å godsnakke med dei og få dei til å ta det inn. Eg kjøper mitt kalvekjøt hos Strøm-Larsen på Torshov i Oslo, eller i Sverige. Der er det av ein eller annan grunn heilt vanleg i butikkane.

Til kalven laga eg ein salsa med melon. Salsa betyr saus, og melonsalsaen min liknar kanskje ikkje heilt på ein saus. Men den liknar på ein tomatsalsa, som ein lagar ved å finhakke tomatar og røre saman med krydder og urter. Melonsalsaen er laga på same måte. Eg hadde ein skalk av vassmelon og ein stor piel de sapo-melon til disposisjon. Piel de sapo har sesong ganske seint, og har lyst, aromatisk og søtt fruktkjøt. Eg tok dei urtene eg hadde, litt oregano, litt rosmarin, timian og persille. Skal du servere salsaen til meksikansk mat ville eg brukt koriander, men her passa det like fint med middelhavsurter. Litt løk må også vere med, eg brukte vårløk som eg kutta fint.

fullsizeoutput_4985Butikken eg var i hadde eit stort utval av tomatar og, eg tok med bifftomatar og nokre store mørke tomatar, som er modne sjølv om dei framleis er mørkegrøne i fargen. Eg brukte ein fin, fersk bøffelmozarella som eg skar i skiver, og laga små tårn med tomatar og mozarella. Det ser morsommare ut på tallerkenen enn i ein salat, heilt enkelt. Dryss litt salt og peppar mellom laga, og ringle litt balsamico og olivenolje på toppen til slutt.

Urteblandinga eg brukte i salsaen fekk også vere med på å smaksette dei omnsbakte potetene. Ein skulle tru det vart einsformig, men det vart det ikkje. Smakane er heilt annleis når urtene vert varmebehandla med salt og peppar på potetene, og når dei får vere ferske i salsaen. Det sparte berre arbeid, og gjorde at begge delar smakte fortreffeleg, om eg skal seie det sjølv.

Så sett himmel og jord i bevegelse, og få tak i ein lekker bit kalvekjøt, så får du heilt nye og rike smaksopplevingar. Dette er perfekt søndagsmiddag som tek litt tid å lage, men som alle vil elske. Lagar du for mykje salsa kan du gjerne bruke restane til steikt fisk eller til taco ein annan dag. Den held seg i kjøleskapet i to-tre dagar.

Kalv med frisk melonsalsa

fullsizeoutput_4979Melonsalsa

600 g melon, gjerne ulike typar

2 ss fersk oregano

2 ss fersk timian

1 ss fersk rosmarin

Ein halv stilk vårløk

½ raud chili (kan sløyfast eller reduserast)

½ ts salt

Nykverna peppar

1-2 ts sherry- eller kvitvinseddik

Rens urtene av stilkane, og kast stilkane. Ta det bort viss det er noko vissent på vårløken, og snitt den i tynne skiver. Legg urtene og vårløkskivene på ei fjøl, og finhakk det heile. Del porsjonen i to.

Rens chilien, og finhakk den. Legg det du vil bruke i ei romsleg skål saman med den halveporsjonen av hakka urter, og bland det godt.

Kutt skalet av melonane, fjern alle frø og kjerner, og del fruktkjøtet i ganske små terningar.

Ha dei i skåla saman med urtene, og vend dei inn litt og litt slik at det heile vert jamnt fordelt. Smak til med salt, peppar og eddik. La salsaen stå ein halvtime før servering.

Omnsbakte potetbåtar (til fire personar)

5-6 store poteter

½ dl olivenolje

1 ts salt

Nykverna peppar

Resten av urteblandinga

Sett steikeomnen på 200 grader. Bruk gjerne varmluft om du har det. Legg bakepapir i ei eldfast form eller i ei langpanne.

Ha olje, salt, peppar og urteblandinga i ein vid bolle. Rør det godt saman.

Kutt potetene i båtar med skalet på. Ha dei i oljeblandinga i bollen, og vend det heile godt rundt så potetene er heilt dekte av olje og krydder. Hell potetene i forma, og fordel det som er att av krydder og olje over dei. Steik potetene på 200 grader i 40-45 minutt til dei er møre og gylne.

fullsizeoutput_4984Kalveentrecote

Ei skive entrecote (ca. 150 g) pr person

Salt og peppar

Smør til steiking

Salte og pepre entrecoteskivene i god tid, gjerne eit par timar før du skal steike dei. Varm

opp smøret i ei steikepanne med tjukk botn til det sluttar å frese og byrjar bli brunt. Legg i entrecoteskivene, og steik dei gylne og fine på høgaste varme. Snu dei etter to-tre minutt. La dei steike i eit minutt til før du dreg steikepanna til side og let entrecotane kvile fire-fem minutt. Dette gir medium steikte entrecotar. Vil du ha dei «rå»

eller godt steikt så justerer du steiketida ned eller opp.

Server entrecotane med omnsbakte poteter, melonsalsa og eit tomattårn.