Sjarmerande dame med 2 i norsk…
Dette symfoniorkesteret skal bort innen helgen.
Dette symfoniorkesteret skal bort innen helgen.
Lett. Du berre malar alt kvitt, unntatt den nytrendige tapeten på kjøkkenet, og så tek du med fire like bilde og to stigar. Ferdig!
Viss ein skal sy, til dømes. Pudder og leppestift, har du tenkt på det? Og har du teke oppvasken?
…har han hatt ferie. Han skal ha sytten dagar til. Med ti-tolv nye ballongar kvar dag skal vi klare å fylle kontoret hans ganske godt opp til han kjem attende. Ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv. 😀
Neida, det er ikkje min fest. 🙂 (Og det mest utrulege: Det er i euro!)
…for å forstå denne! Eg måtte ta meg ein høg ein, som dei seier heime på Sunnmøre.
For oss som har med IKT-support å gjere av og til så kjennest det veldig lite humoristisk, men denne fekk meg til å fnise: A woman writes to the IT Technical support guy: Dear Tech Support, Last year I upgraded from Boyfriend 5.0 to Husband 1.0 and I noticed a distinct slowdown in the overall system performance, particularly in the flower and jewellery applications, which operated flawlessly under Boyfriend 5.0. In addition, Husband 1.0 uninstalled many other valuable programs, such as Romance 9.5 and Personal Attention 6.5, and then installed undesirable programs such as NEWS 5.0, MONEY 3.0 and SOCCER 4.1. Conversation 8.0 no longer runs, and Housecleaning 2.6 simply crashes the system. Please note that I have tried running Nagging 5.3 to fix these problems, but to no avail. What can I do? Signed, NN Reply: DEAR Madam, First, keep in mind, Boyfriend 5.0 is an Entertainment Package, while Husband 1.0 is an operating system. Please enter command: ithoughtyoulovedme. Html and try to download Tears 6.2 and do not forget to install the Guilt …
Tips: Klikk på bildet og sjå det nederste du kan reservere deg mot.
Når Universitetets undervisningssenter tek seg på tak og organiserer eit parasittkurs så legg dei ikkje alt for mykje arbeid i marknadsføringa. Hehe…
Kva med eit grunnkurs i dansk banning? Dersom du er av desse som kryssar Ja på spørsmålet om du er klar for vinteren på Facebook, så husk på at akkurat det der med snø og vinter vekker sterke kjensler. Sjå berre her:
Ukjent nr: Jeg ser på deg nå. Kommer du ut for en gangs skyld? Jeg har sett på det i en uke uten respons… Meg: Feil nummer? Ukjent nummer: Så at du svarte, så nei… Meg: Hæ? Kven trur du at eg er? Ukjent nummer: Jeg vet godt hvem du er, Sven… Meg: Eg er ei dame på 45 som ikkje heiter Sven, du har fått feil nummer. Ukjent nummer: Blablabla… Jeg driter i alder og kjønn…
Syns du livet er litt for mykje i vater? Det kan eg fikse.
For tidleg? Nei. Kvil i fred, fine Steve Jobs.
Mykje nyttig vaksenopplæring her:
Du må sjå denne. Dei er så fine!
…til dømes logoar og slikt, toler ikkje å krysse landegrenser.
Tihi!
Eg må innrømme at eg svært sjeldan ser valgsendingane på tv. Eg har sånn omtrent bestemt meg for kva eg skal stemme, kva politikarane seier på tv kjem ikkje til å påverke det noko særleg. Men her ein kveld vart eg sittande og sjå på ei av valgsendingane til tv2, og då dukka ein gammal helt opp. Kjellen Bigset! Han var tidlegare billettør på ferja mellom Eiksund og Rjånes, men då det vart nedlagt måtte han finne seg anna arbeid. No køyrer han buss for Fjord1. Han slit med å styre temperamentet sitt, og han fører eit MEGET friskt språk, for å seie det med hans eigne ord. Femtenåringen sa det slik: Det er en fordel å ha vært litt på Sunnmøre, for da vet man at slike finnes. Her kan du sjå han gjere opptil fleire tapre forsøk på å kome seg på ferie.
Høg musikk på Leikong. Priceless! <a href=”http://www.blogglisten.no”><img src=”http://www.blogglisten.no/connect/7103aff3e6154da4bc3c357a59c90eea” alt=”Blogglisten” /></a>
Du er ikkje åleine…
Viss du er litt slapp for tida er denne perfekt for deg. (Det verste er at det ser ut til å vere alvorleg meint.)
Jepp, det var karakteristikken ein gutslamp ga meg her om dagen. Eg hadde havna på legevakta, og det hadde han og, saman med venen sin. Kva type skade dei hadde pådrege seg er uklart, den var ikkje umiddelbart synleg, men vi hadde alle tre vore igjennom den første silinga. Sjukepleiaren i resepsjonen hadde altså vurdert oss som pleietrengande. Dei to perane fann det for godt å bruke tida vi skulle tilbringe saman i eit relativt lite rom til å spele rytmisk musikk med kvar sin mp3-spelar. Dei spelte ulik musikk, naturleg nok, og hadde på øyretelefonar. Ikkje desto mindre hadde dei det så høgt på at vi andre i rommet ikkje hadde hatt noko problem med å kjenne igjen musikken, hadde den blitt spelt åleine. To låtar samtidig oppå kvarandre vert brått vanskelegare. Når dei så skulle snakke saman, måtte dei naturleg nok overdøyve musikken sin og den til kameraten, så difor sat dei på toppen av det heile og ropte til kvarandre. Etter ein halvtimes tid, då ingen av oss enno hadde blitt ropt …