Saftig sjokoladekake
Det nærmar seg helga, og då er det rom for kaker, iallfall hos meg. Og ei saftig sjokoladekake er aldri feil. Denne mørke sjokoladekaka er så enkel å lage, og så smakar den intenst sjokolade. Og det endå det ikkje er sjokolade i sjølve kaka, berre kakao. Den mørke sjokoladen får vere med i den lekre, glatte kremen som eg har fylt og dekt kaka med. Når du lagar denne kaka må du planlegge litt. Botnane må få kolne i forma, og dei må vere kalde før du legg kaka saman. Sjokoladekremen bør også få stå nokre timar, for at den skal vere god å jobbe med. Så lag kaka dagen før du skal servere den, er mitt beste råd. Du syns kanskje det er rart at kaka ikkje inneheld bakepulver, men det er altså ei tung, mektig sjokoladekake som eigentleg er meir som konfekt enn ei kake. Den vert heva med egga, som skal piskast til eggedosis. Og når kaka har kolna er den ikkje høg og luftig, men mørk og kompakt. Det er akkurat …