Fisk, Mat, Middag
Leave a Comment

Sprø laks

Fersk laks er noko av det enklaste å lage gode kvardagsmiddagar av. Og når det i tillegg er sunt er det berre å gå i gang. I dag har eg steikt laksen sprø i smør, og så har eg laga ein asiatiskinspirert saus til. Viss du er i søraust-Asia vil du få denne typen saus servert til nudlar, men eg hadde spagetti i skapet, så her vart det ein pastarett. Har du nudlar kan du sjølvsagt bruke det.

Når du lagar til laks på denne måten er det berre ein ting du må huske på: Bruk høg varme, og steik den fort. Den skal få farge, men den skal ikkje bli tørrsteikt. Så feittet må vere ordentleg varmt når du har fisketerningane i, rist på panna så alle sidene av laksen vert steikt, og ta opp bitane etter kvart.

Eg veit ikkje korleis det er heime hos deg, men hos meg et ungane mykje meir grønsaker når dei er blanda i retten, og det heile er vendt i ein god saus. Serverer eg grønsakene ved sidan av er dei langt meir forsiktige med å forsyne seg. Så det å blande råvarene gjer susen hos oss. Her har eg brukt det eg hadde i kjøleskapet, stangselleri, paprika, purre og vårløk. Dette er ein perfekt rett for å få brukt opp grønsaker som syng på siste verset. Du kan til dømes godt ha i litt strimla gulrot, strimla hovudkål eller grønne bønner.

Viss du vil og har det i hus, så kan du godt hakke opp litt kvitløk, litt ekstra chili og rive litt fersk ingefær og ha i woken saman med grønsakene. Det gir endå betre og meir asiatisk smak. Men på ein alminneleg kvardag vert den god utan og. Denne oppskrifta mettar fire svoltne personar.

Sprø laks med asiatisk vri

600 g utbeina og skinnfri laks

500 g nudlar eller spagetti

3 ss søt soyasaus

3 ss salt (vanleg) soyasaus

3 ss søt chilisaus

500 g blanda grønsaker, kutta i bitar

Olje og smør til steiking

Kok pastaen/nudlane slik det står på pakken.

Skjer laksen i terningar, og steik den sprø på høg varme. Legg bitane på ein tallerken. Bland saman sausane i ei skål, og sett til side.

Til grønsakene kan du godt bruke ein wok. Viss du vil ha i ingefær, kvitløk og chili, så ha det i på dette tidspunktet, finhakka, ca. 1 ts av kvar er ein grei start.

Varm opp litt olje i woken, og la den bli skikkeleg varm før du har i grønsakene (og evnt chili, kvitløk og ingefær). Steik dei fort, og slå på sausen. Ha i den kokte pastaen, og vend den inn i sausen og grønsakene. Legg laksebitane på toppen, og server.

This entry was posted in: Fisk, Mat, Middag
Tagged with: , , ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply