All posts tagged: Asiatisk

Curry med kjøttbollar


Eg er veldig glad i austasiatisk curry, det er så enkelt, og så godt! Det er faktisk ekte snøggmat, du lagar ein full middag med grønsaker og proteinar, medan risen kokar. Løyndomen er nokre få ingrediensar som du må ha i kjøleskapet. Det er karripasta (curry paste), sitronsaft, kvitløk og ingefær. Ingefær kjøper eg ofte ferdig mosa i glas, det gjer at terskelen for å bruke den vert mykje lågare. I tillegg må du ha ein ingrediens i matskapet, enten på boks eller kartong, og det er kokosmjølk. Har du desse fem tinga kan du lage ein curry nesten uansett kva du har av råvarer. Bønner, linser, kylling, fisk, alle grønsaker, muligens med unntak av agurk og salat, går i ein curry. Ein får veldig mykje curry i det indiske kjøkkenet, men det er ein curry som vert laga med tørre krydder. Då varmar du opp krydderet, knuser det, og tilbereier råvarene i den blandinga. I austasiatisk curry brukar ein ferske krydder, og ein kan bruke langt fleire enn dei eg ramsar opp. Sitrongras er …

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar


No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt! Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret. Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni. Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er …

Sprø laks


Fersk laks er noko av det enklaste å lage gode kvardagsmiddagar av. Og når det i tillegg er sunt er det berre å gå i gang. I dag har eg steikt laksen sprø i smør, og så har eg laga ein asiatiskinspirert saus til. Viss du er i søraust-Asia vil du få denne typen saus servert til nudlar, men eg hadde spagetti i skapet, så her vart det ein pastarett. Har du nudlar kan du sjølvsagt bruke det. Når du lagar til laks på denne måten er det berre ein ting du må huske på: Bruk høg varme, og steik den fort. Den skal få farge, men den skal ikkje bli tørrsteikt. Så feittet må vere ordentleg varmt når du har fisketerningane i, rist på panna så alle sidene av laksen vert steikt, og ta opp bitane etter kvart. Eg veit ikkje korleis det er heime hos deg, men hos meg et ungane mykje meir grønsaker når dei er blanda i retten, og det heile er vendt i ein god saus. Serverer eg grønsakene ved sidan …

Nudelsalat med ingefæreddik


I nokre av julegåvekorgene som gjekk til søskena våre i fjor (!!) låg det ei flaske ingefæreddik. Den vart til som eit av mine mange kjøkkeneksperiment, og vart overraskande god, syns eg sjølv. Eg såg for meg at den kunne brukast i ei lun nudelsalat, og sidan eg gir bort eddiken må eg jo også gi bort oppskrifta både på salaten og eddiken. Ingefæreddik 5 dl 7% kvit eddik 2 cm ingefær, ca. 20 g 0,5 dl balsamicoeddik Skjer ingefæren i tynne skiver. Bland saman kvit eddik, balsamicoeddik og ingefær, og la det stå nokre dagar i kjøleskap. Eg brukte eit reinvaska sylteagurkglas med skrukork. Smak på eddiken av og til. Når du syns den har fått tilstrekkeleg ingefærsmak kan du sile frå ingefæren, og helle eddiken på ei rein flaske. Til nudelsalaten brukte eg det eg hadde att i kjøleskapet av grønsaker etter jula. Nokre slakke brekkbønner, ein stangselleri som hadde sett sine beste dagar, ein paprika som hadde blitt mjuk men ikkje blaut og restane av ein purre fekk vere med i salaten. …