I nokre av julegåvekorgene som gjekk til søskena våre i fjor (!!) låg det ei flaske ingefæreddik. Den vart til som eit av mine mange kjøkkeneksperiment, og vart overraskande god, syns eg sjølv.
Eg såg for meg at den kunne brukast i ei lun nudelsalat, og sidan eg gir bort eddiken må eg jo også gi bort oppskrifta både på salaten og eddiken.
Ingefæreddik
5 dl 7% kvit eddik
2 cm ingefær, ca. 20 g
0,5 dl balsamicoeddik
Skjer ingefæren i tynne skiver. Bland saman kvit eddik, balsamicoeddik og ingefær, og la det stå nokre dagar i kjøleskap. Eg brukte eit reinvaska sylteagurkglas med skrukork. Smak på eddiken av og til. Når du syns den har fått tilstrekkeleg ingefærsmak kan du sile frå ingefæren, og helle eddiken på ei rein flaske.
Til nudelsalaten brukte eg det eg hadde att i kjøleskapet av grønsaker etter jula. Nokre slakke brekkbønner, ein stangselleri som hadde sett sine beste dagar, ein paprika som hadde blitt mjuk men ikkje blaut og restane av ein purre fekk vere med i salaten.
Ein bunt asparges hadde også blitt liggande att ved eit arbeidsuhell, og fekk eit ærefullt endelikt i denne salaten.
Du treng slett ikkje ha dei same grønsakene som eg hadde. Her kan det varierast etter beste skjønn, men ein eller annan type løk, ein paprika i ein eller annan farge og gjerne noko meir bør få vere med.
Eg gjev grønsakene ei kjapp varmebehandling i steikepanna eg allereie har steikt kjøtet i. Det gjer at salaten får eit meir middagsaktig preg, og hevar smaken, syns eg. Slik gjorde eg det:
300 g svinefilet, ytrefilet eller liknande
250 g fullkornsnudlar
Ein paprika
Ein halv løk, 5 cm purre eller to-tre stilkar vårløk
100 g bønner
100 g asparges
50 g stangselleri
2 fedd kvitløk
1 ss riven ingefær
2 ss soyasaus
1 ss søt chilisaus
Safta av ein halv lime
Olje til steiking
Salt og peppar
Dressing:
3 ss rapsolje eller annan nøytral olje
3 ss ingefæreddik
Skjer kjøtet i strimlar. Varm opp olje i ei steikepanne, og steik kjøtet gyllent. Krydre med salt og peppar, og vend inn soyasaus, chilisaus, pressa kvitløk og ingefær. La det surre litt, og hell det så over på ein tallerken. Ikkje vask panna, det som er att skal gi smak til grønsakene.
Kok opp nudlane slik det står beskrive på pakken. Skyll raskt i kaldt vatn, og ha det i ei skål. Bland saman limesaft, ingefæreddik og 3 ss olje, hell det over og vend inn.
Rens og kutt opp grønsakene. La dei få bli gjennomvarme i steikepanna, men ikkje steikte. Vend grønsakene og kjøtet inn i nudlane, og server med ein gong.