Nudelsalat med ingefæreddik
I nokre av julegåvekorgene som gjekk til søskena våre i fjor (!!) låg det ei flaske ingefæreddik. Den vart til som eit av mine mange kjøkkeneksperiment, og vart overraskande god, syns eg sjølv. Eg såg for meg at den kunne brukast i ei lun nudelsalat, og sidan eg gir bort eddiken må eg jo også gi bort oppskrifta både på salaten og eddiken. Ingefæreddik 5 dl 7% kvit eddik 2 cm ingefær, ca. 20 g 0,5 dl balsamicoeddik Skjer ingefæren i tynne skiver. Bland saman kvit eddik, balsamicoeddik og ingefær, og la det stå nokre dagar i kjøleskap. Eg brukte eit reinvaska sylteagurkglas med skrukork. Smak på eddiken av og til. Når du syns den har fått tilstrekkeleg ingefærsmak kan du sile frå ingefæren, og helle eddiken på ei rein flaske. Til nudelsalaten brukte eg det eg hadde att i kjøleskapet av grønsaker etter jula. Nokre slakke brekkbønner, ein stangselleri som hadde sett sine beste dagar, ein paprika som hadde blitt mjuk men ikkje blaut og restane av ein purre fekk vere med i salaten. …