Viss du vil lage gratinert brokkoli eller blomkål, slik eg gjorde her om dagen, passar det heilt perfekt med eit deilig olivenbrød til. Det er fort gjort, viss du berre har tid til å vente på hevinga i to rundar.
Lag ein stor porsjon når du først held på, så kan du legge dei du ikkje brukar med ein gong i frysaren. Når du tek opp eit brød frå frysaren, så kan du la det tine litt på benken to-tre timar, før du set omnen på 200 grader. Fukt brødet litt før du legg det inn, og varm det på 200 grader i ti minutt. Då smakar det heilt som ferskt. Merk at dette fungerer berre ein gong. Gjer du det for andre gong, så får brødet ei centimetertjukk skorpe.
4 dl lunka vatn
25 g gjær
1 ss honning
2 ts salt
4 ss olivenolje
8-9 dl kveitemjøl
100 g oliven utan stein
1 dl fint sammalt kveitemjøl
Sett steikeomnen på 225 grader.
Ha vatnet i ein bakebolle. Ha i honning, salt og olivenolje. Rør ut gjæra i vatnet, og elt inn mjølet til ein ganske laus deig. Vend inn olivenane til slutt.
La deigen heve i 30-40 minutt. Dryss det sammalte mjølet på bakebordet, og fordel det utover. Hell deigen ut på mjølet, og trykk den litt ut til ein leiv. Den skal ikkje eltast saman på dette tidspunktet.
Bruk ein skarp kniv, og skjer deigen i to-tre strimlar, alt etter kor store du vil ha olivenbrøda. Ta kvar strimmel over på eit bakepapir, som ligg på eit steikebrett. Rist av det grove mjølet, og vri strimmelen slik at brødet får ein fin fasong. Gjenta med resten av deigen. La brøda få heve i ein halvtime til.
Steik brøda på 225 grader i 20-25 minutt, til dei er gylne og har ein hul lyd når du bankar på dei. La dei kolne på rist.