Billig mat, Mat, Middag
Comments 8

Heimelaga fiskepudding


Fiskefarse er utruleg lett å lage, iallfall viss du har ein hurtigmiksar eller ei matmølle av eit eller anna slag. Har du ein stavmiksar med stor hakkebolle kan du lage farse i den.

Fiskemat blir best med kvit fisk syns eg, men du kan også bruke laks eller ørret. Eg vaks opp med bestemora mi som lagde fiskemat av hyse og lyr, hyse lagde ho fine, store fiskebollar av som ho kokte i kraft. Den er kvit og fin i fisken, og gir god smak. No har vi nye fiskesortar i butikken, pangasiusfilet går til dømes fint å lage fiskemat av. Er du så heldig at nokon fiskar for deg, så er lykka gjort. Sjekk filetane godt for bein, det er ikkje så kjekt å treffe på i fiskekaker eller pudding.

Fiskefarse kan lagast i former, individuelle eller ei lang brødform, den kan steikast til fiskekaker eller kokast til bollar slik mi bestemor gjorde. Farsen kan lagast litt grovare, slik at fiskekakene blir meir som karbonader. Gode er dei uansett. 

Når du lagar fiskefarse er det viktig at råvarene er heilt kalde. Viss det er store temperaturskilnader kan farsen skilje seg. Ta ut fisken frå frysaren om morgonen, og legg den i kjøleskapet på ein tallerken. Då er den klar til å gå i mølla, og du har fin fiskemat på null komma svisj. Slik gjer du det:

IMG_7151Heimelaga fiskepudding

1 kg kvit fisk

2 ss potetmjøl

5-6 dl heilmjølk

3 ts salt

1 liten, finhakka løk

1/2 ts muskat, gjerne muskatblomme

Del fisken i bitar, og ha den i matmølla saman med dei andre ingrediensane unntatt mjølka. Køyr matmølla på full fart først, sett så ned farta og spe med mjølka til deigen er passe. Vil du ha mjølkefri farse kan du spe den med 5 dl vatn, og så ha i to spiseskeier mjølkefri flytande margarin til slutt. Det gir ein god «meierismak». 

IMG_7153Form farsen slik du vil ha den. Vil du lage fiskepudding så steik farsen i godt smurt form i vannbad på 150 grader i 45-50 minutt, alt etter storleiken på forma. Kjenn på puddingen når steiketida er ute, den skal ha fin, gylden farge og vere ganske fast i fisken. 

Server puddingen med kokte poteter, kvit saus med reker og dampa asparges. 

 

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Vi fisker sjøl og lager mye fiskemat. Kjempegodt, og lettvint å ta til i hverdagen. En gang blanda vi reker og biter av stangselleri i fiskefarsen, det ble lekker pudding!

    Likar

  2. solfrid says

    Fiskepudding. Det er noe av det beste jeg vet. Denne skal jeg lage til meg selv en dag jeg fortjener det. Ingen av de andre familiemedlemmene synes det er noe særlig. Takk for oppskriften;D

    Likar

  3. Så fint at så enkel mat fell i smak! Eg lurer av og til på om det eg skriv om er alt for enkelt… Takk for reklamen, solfrid! 😉

    Likar

  4. Jorunn Helen Totland says

    Dette såg bare lekkert ut.Dette skal lagest,vi fisker all fisken selv så nå skal det bli fiskemat. :)))

    Likar

  5. solfrid says

    Husk; det enkle er det beste (som regel);D

    Bare hyggelig å reklamere for en såpass matnyttig blogg (og da mener jeg ikke kun oppskriftene..)

    Du har en innmari fin penn.

    Likar

  6. Dette såg godt ut. Din fiskepudding er sikkert mykje betre enn den ein får i ein vanleg butikk.

    Mvh
    Frode Svindseth

    Likar

    • Det kan hende, det viktigaste syns eg er at du veit akkurat kva som er i maten når du lagar den sjølv frå botnen av. Ingen e-stoff, ingen fabrikkframstilte kjemikalier. Det likar eg.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s