All posts filed under: Noko søtt

Fastelavnskake på bordet med kaffe i koppar og serviettar på brodert duk.

Fastelavnkake

Fastelavn er ei av dei høgtidene som eg huskar på berre på grunn av all den gode maten. Vi har feitetysdag, då skal det ifølge tradisjonen vere rømmegraut til middag. Blåmandag vart også kalla fleskemandag, då var det vel flesk og duppe som gjaldt, vil eg tru. Men fastelavnsbollane toppar det heile, og eg har til og med våga meg over i dei svenske mattradisjonane, og lagar dei som semlor. Ein klassisk norsk fastelavnsbolle er ein vanleg kveitebolle delt i to, med kremfyll. Det er vel og bra, men svenskane har løfta bollane eit hakk: Dei tek ut litt av fyllet, piskar kremfløyte, vender bollekrumme i smular og riven marsipan inn i kremen, og fyller bollane med det. Då heiter det semla, og dei finn du frå januar til april i Sverige, så glade er dei i denne bollekonstruksjonen. Men før ein byrjar å tenke på fyllet, må ein ha ein god gjærdeig å jobbe med. Sjølv om eg har bakt i mange år, så syns eg spesielt søt gjærdeig er utfordrande å få til. …

Høgt heng dei og sure er dei

Ja, reven seier så i eventyret. Rognebær er ikkje noko for laurdagskosen, men gelé av rognebær blir knallgodt. I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande. Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å rappe godteri frå småungar å plukke rognebær. Eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Slepp du å dra så langt heimafrå kan du til dømes ha med deg ei plastkasse og klippe bæra oppi den. Så er det heim og koke gelé. Mange seier at ein skal la det gå ei frostnatt før ein plukkar rognebæra. Eg prøvde eit år å vente på frosten. Då tok møllen bæra (eller eigentleg heile trea) før meg, så det vart ingenting på meg. Eg prøvde å fryse ein pose …

Det gode søte – berlinerkransar

-Og så kjem ein av dei store klassikarane: Berlinerkransane. Dette er ei småkake som må vere med, den er ei av dei sju viktigaste slaga, og den vert også rekna som ei av dei vanskelegaste. Det er fordi deigen må haldast kald, for elles vert den vanskeleg å arbeide med. Eg har høyrt at drevne bakarar lagar berlinerkransar framfor ope vindu, det syns eg høyrest risikabelt ut no i desember. Men viss du slit så kan det lønne seg å berre ta ein pause, sette deigen kaldt igjen, og så byrje på nytt etter at deigen har blitt kald. Eg er så heldig at eg har tilgang til det svenske perlesukkeret, det er kvitt og fint, og gir den rette utsjånaden på berlinerkransane, syns eg. Berlinerkransar 4 egg 125 g sukker 250 g smør, kjøleskapskaldt 300 g kveitemjøl Perlesukker til dryss Kok to av egga i ti minutt, til dei er hardkokte. Skrell dei, fjern kvitene og la plommene kolne i ei skål. Skill dei to andre egga, og ha plommene i ei romsleg skål. …

Det gode søte – napoleonshattar

Ei morosam småkake som ikkje er så vanleg er napoleonshattar. Napoleon var jo kjend for å gå med trekanta hattar, og desse kakene er trekanta. Dei kan fyllast på ulikt vis, eg har sett dei med marsipanfyll, med nougatfyll og med ulike typar pynt og strøssel. Desse kakene trur eg og har svensk opphav, men eg har sett dei i finare konditori i Norge og. Mine er med pistasjmasse, men får du ikkje tak i pistasjnøtter kan du rive marsipan og blande i marengsen. Dei bør ikkje bakast for tjukke i deigen, og dei er også best relativt ferske. Så når du planlegg julebaksten får du det beste resultatet ved å bake desse til slutt. Napoleonshattar Pistasjmasse 100 g pistasjnøtter, skrelte og finhakka 100 g melis 1 stor eggekvite Køyr pistasjnøttene i ei matmølle til dei er ei jamn blanding. Ha i ei skål, og sett til side. Pisk eggekvita stiv, tilsett melisen litt og litt, og vend pistasjmjølet inn til slutt. Mørdeig 300 g kveitemjøl 100 g melis 150 g smør, kaldt i terningar …

Det gode søte – bringebærgrotter

Vi har tilbrakt nokre juler i Sverige, og der er «hallongrottor» ein klassikar på kakebordet. Det er små mørdeigskaker med ein klatt bringebærsyltetøy i. Dei kan du variere på ulikt vis, eg ser til dømes for meg at dei ville bli gode med eit sylta kirsebær i «grotta». Du kan også bruke andre sortar syltetøy, men det er ein fordel at det ikkje er for vått i konsistensen.  Hallongrottor er også namnet ein brukar på muffins med bringebærsyltetøy i, men her har eg laga klassiske mørdeigskaker av søt mørdeig. Eg likar å lage desse kakene så små at dei berre er ein munnfull. Ofte treng ein ikkje meir enn det, og då passar desse perfekt. Bringebærgrotter 70 g sukker 260 g kveitemjøl 1 ts vaniljesukker 200 g smør, kaldt Eit lite egg 1 dl fast bringebærsyltetøy Rør saman sukker, mjøl og vaniljesukker i ei skål. Ha det i ei matmølle. Ha smøret oppi i terningar. Køyr matmølla til alt er ein grynete masse. Knekk egget i ei skål, rør det saman og ha det i …

Det gode søte – karamellkaker, fudgekaker

Karamellkakene, eller fudgekakene som eg har kalla dei, er ein type «cookies» med bitar av engelsk fudge i. Gå i godterihylla og sjå kva du finn, det er slike firkanta kuber med fast karamell som likevel lar seg skjere med kniv som vi er på leit etter. Dei er med på å gjere karamellkakene heilt uimotståelege. Finn du dei i England vert desse kakene kalla Butterscotch cookies. Eit tips er å ikkje lage dei for store. Eg laga mine så store at ei kake meir eller mindre kan erstatte ein middag, og det vil eg ikkje tilrå. Både sjokoladekjeks og karamellkaker kan du servere heilt ferske, viss du frys ned deigen i kuler, og tinar dei rett før gjestane kjem. Fudgekaker/karamellkaker 170 g smelta smør 220 g brunsukker 100 g vanleg sukker 2 ts vaniljesukker ½ ts salt 2 små egg 250 g kveitemjøl ½ ts natron 200 g karamellfudge (frå godtedisken) Sett steikeomnen på 165 grader. Ha det smelta smøret i ein bolle. Rør sukker, vaniljesukker og salt inn i det smelta, avkjølte smøret. …

Det gode, søte – vaniljedraumar

Desse draumane er verkeleg som ei sky i munnen. Dei er så lette, og smeltar på tunga. Dei kan smule litt, men det tilgir eg, når dei smakar så godt. Grunnen til at dei er så sprø er at eg brukar hjortetakksalt eller hornsalt som hevemiddel. Det gir ein heilt annan konsistens på baksten enn viss ein brukar bakepulver eller natron. Og det er jo fint å få brukt den boksen til noko anna enn sveler. Smør er ein nøkkelingrediens i julebakst, og merk deg om smøret skal vere kaldt eller mjukt i god tid før du går i gang med bakinga. Mjukt smør er best når du skal piske smør og sukker lyst og luftig, og kaldt smør er best når du skal lage ein mørdeig der du smuldrar smøret i mjølet. I førjulstida har eg alltid ein halvkilo i kjøleskapet og ein halvkilo på benken i ein egna boks. Då har eg mjukt smør tilgjengeleg når det trengst. Smøret harsknar ikkje før etter nokre veker, så lenge du har det i tett emballasje. …

Det gode, søte – sjokoladekjeks, cookies

Det er noko eige med det å ta fram eit fat med gode, heimelaga småkaker til julekaffen. Ein føler seg rik, alt er på plass, freden kan senke seg og alt er som det har vore. I år planlegg eg å gi bort småkaker til nokre som eg veit ikkje har ork eller pågangsmot til å lage sine eigne. Eg fyller i passe store posar med tre-fire ulike slag som eg veit vil spreie glede og lys i julemørkret. Det er mange som har få rundt seg frå før, og som no har endå færre. Å kunne gjere jula litt lysare skaper varme kjensler både hos givaren og mottakaren. Eg har laga nokre kakesortar som er nye for oss i år. Nokre av dei, som sjokoladekjeksa er eigentleg heilårskaker, men det er mange som elskar alt med sjokolade, og då er desse perfekte på kakebordet. Dei er superenkle å lage, dette er ei oppskrift som du veldig gjerne kan gi til barna, og be dei lage. Dei komande dagane kjem eg til å legge ut …

Årets julelikør

Eg treng ikkje så mykje søtt til jul, når eg får servert eit glas god likør og ein kopp te er eg fornøgd. Det morsomme med likør er at det er så lett å lage sjølv, og det er gøy å prøve seg fram med ulike smakar og aromaer for å få til noko du likar. Likør kan lagast med frukt og bær, tørka, ferske eller frosne, og den kan smakast til med krydder. Du kan bruke tradisjonelle julekrydder, men pass på å bruke dei heile kryddera. Malt krydder passar ikkje her. Av tørka frukt og bær brukar eg ulike typar rosiner, aprikosar, ingefær, appelsinskal og i år fann eg til og med tørka mango. Eg kjøper tørka frukt og krydder når andre kjøper kjøleskapsmagnetar på reise, så det ligg litt forskjellig i kjøkkenskapa mine. Men er det ikkje for seint, lurer du kanskje på. Neida, viss likøren får stå og trekke tre-fire veker får du masse smak ut av den. Eg gjekk ein tur i frysaren, og der dukka det opp både bringebær, bjørnebær, …

Haustdessert – eplekompott

Her i byen er det snille folk som plukkar epla sine, og så heng dei posar med eple over gjerdet, til dei som ikkje har epletre. Det er reint så ein får tilbake trua på det gode i oss menneske. Har du eple, så rens dei, og kok ein lekker eplekompott til dessert. Med litt kanel og piska krem på er det ei deilig avslutning på eit godt måltid. Då eg vaks opp fekk vi rett som det var dessert. Det er ikkje så vanleg lenger, men det er eit lite lyspunkt i dagen å få ei lita, søt avslutning på måltidet. Vi hadde besøk av nokre franske jenter for eit par år sidan, og då den eine skulle dekke på bordet la ho på dessertskeier til lunsj. Eg vart overraska, og hadde ingen dessert på lur. Då skulle eg ha laga eplekompott, det går veldig fort, og er veldig enkelt. Eplekompott 1 kg eple 1,5 dl vatn 2 dl sukker Ei kanelstang Kremfløte til servering Skrell epla, del dei i to, og fjern kjernehuset. …

Tilslørte bondepiker

Laga du det gode pæresyltetøyet eg la ut her om dagen? Eg prøvde å bruke det til tilslørte bondepiker, og det vart så godt! Kombinasjonen av litt ingefærsting og dei sprø valnøttene var perfekt match. Eg gjorde det lettvint for meg sjølv, og brukte knuste kjeks til å legge lagvis med krem og syltetøy. Eg hadde bixit-kjeks, og dei har den deilige, grove strukturen og passe sødme. Du kan også bruke digestive-kjeks, eller steike smular av tørka brød med litt sukker og kanel. Det er ein fin måte å bruke gamalt brød på. Rist ei brødskive, knus den i matmølle, og steik smulane i litt smør før du drysser på sukker og kanel. Det er passe mykje smular til to dessertglas. Min dessert vart pynta med ferske fiken, berre fordi eg fann det i butikken. Finn du det, så kjøp det! Dei er i sesong no, og blir så fort borte. I tillegg smakar dei fantastisk. Det kan du også servere til ost, forresten. Tilslørte bondepiker 1/3 liter kremfløte 1 ts ekte vaniljesukker 2 dl …

Haustsylting med pærer

Syltetøy er min favoritt på helgefrukostbordet, på ostefatet og til dessert. Pæretre kan bere enormt med frukt enkelte år, og då er det ikkje så lett å få brukt alt. Har du ikkje pæretre sjølv, så sjekk med naboen. Spør om du får plukke, i bytte mot nokre glas syltetøy. Pærene kan hermetiserast, du kan lage deilige dessertar, og ikkje minst kan du lage spennande variantar av syltetøy. Har du eple kan du også blande eple og pærer i syltetøyet. Eg lagar heller fleire ulike sortar syltetøy i små porsjonar enn masse av ein sort. Pæresyltetøy er ikkje så vanleg, men har du pærer for handa bør du prøve å lage dette. Dette syltetøyet passar perfekt til ein moden brie, men det er også godt på brunost eller på gräddost. Det passar også perfekt til tilslørte bondepiker, den ultimate haustdesserten. Syltetøy er den perfekte gåva, ta med eit glas viss du vert invitert til middag hos nokon, eller gi eit glas bort til jul. Alt syltetøy skal på sterile glas. Eg samlar glas heile året, …

Søt og salt sommarpai

Kva er betre enn ein saftig og smakfull pai? Den kan vere søt eller salt, eller du kan lage begge to variantar.  Eg har vore ute og plukka bær i dag, og planen var å lage ein dessertpai med sprø topping av kvit sjokolade. Då eg hadde laga den paien sto eg med deig til overs. Kva gjer du då? Lagar pai til middag og! Eller til ein lett lunsj, om det er tidleg på dag.  Paideig er fort gjort å lage, særleg viss du har ei matmølle. Det fine med denne varianten er at den kan brukast både søt og salt, og når du har byrja på deigen kan du ta av litt smør- og mjølblanding til den sprø toppingen. Smart, ikkje sant? Både søt og salt pai kan varierast i det uendelege. Den søte paien kan lagast med eple, plommer, aprikosar eller rabarbra, om du har i frysaren. Du kan også lage eit karamellfyll som du har hakka nøtter i. Den salte kan lagast med berre ost og grønsaker, med røykt fisk eller …

Retrokos – harde vafler

Huskar du dei harde vaflene, spurte mannen min meg. Om eg gjer. Naboen vår laga alltid harde vafler, eller hardevafler, som mange kalla det. Harde vafler var ikkje vanlege vafler som hadde lege ute for lenge. Dei vart laga for å halde seg lenge, dei kunne ligge i boksen sin lenge og vel, og vart tekne fram når det kom gjestar på besøk. Når det kom verkeleg fine gjestar, langvegsfarande, då vart det bakt mjuke, gode kaker, fleire sortar, om ein fekk vite om besøket i god tid. Dei harde vaflene var til når naboen stakk over, når ein berre skulle ha noko lite til kaffien. Ofte vart dei servert med smør og ost på, både brunost og kvitost gjekk fint. Mange laga harde vafler til jul, men i vår familie har det alltid vore kvardagskos, slik eg kan huske det. Vi bestemte oss for å prøve å lage hardevafler, og sende ut ei melding for å samle inn familieoppskrifter. Det kom oppskrifter på mange ulike variantar, nokre vert kjevla, andre skal berre leggast i …

Sylt i veg! Grunnleggande om sylting

Ta vare på gleda og smaken Mat som er tillaga vil alltid gjennomgå ein nedbrytingsprosess, anten på grunn av oksygen, lys, bakterievekst, soppvekst (mugg og gjær) eller endra smak/utsjånad. Å konservere mat har vore ei utfordring for menneska til alle tider. Dei klassiske metodane er tørking, salting og bruk av sukker, eddik, sitronsyre og andre naturlege kjemikaliar i det ein vil konservere.  I tillegg vil steril oppbevaring (hermetisering) alltid konservere svært godt. Mange av dei konserveringsmidla som vert brukt trengst ikkje viss ein er nøye og brukar best mogeleg hygiene og oppbevarer produkta i små porsjonar.  Hjelpemidla våre I dag har vi også mange tilsetjingsstoff som kan hjelpe oss med å oppbevare mat over lengre tid. Mange av desse kjem i enkle pakningar som er lette å bruke i vanleg sylting. For å vere sikker på at det du lagar ikkje vert skjemd, er det fint å vite kva dei ulike stoffa er, og kva nedbrytingsprosessar dei forhindrar.  Det finst to seriar med syltepulver i handelen, Tørsleff og Jam. Det er ikkje store skilnader på …

17. mai-buffé

Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte. Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel. Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk. Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige …

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Og dessutan er det vaffeldagen i dag, så då er det ikkje noko å lure på. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 100 g smør 375 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1/2 ts salt 1 ts vaniljesukker 1 ts bakepulver 1/2 ts kardemomme om du vil Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl, bakepulver, vaniljesukker, kardemomme og salt i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Viss du vil kan du bytte ut litt av mjølet med sammalt mjøl, byggmjøl eller havremjøl. Då blir vaflene litt sunnare, fordi dei mjøltypane er grovare, og inneheld meir mineralar og vitaminar. Vil du lage den mjølkefri, så bruk mjølkefritt/vegansk smør, og havremjølk. Juster evnt litt på mjølmengda, den kan bli litt tynnare med havremjølk enn med …

Fastelavnsbollar

Sjølv om det å faste stort sett er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn. Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta. På søndag er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Rømmegraut er perfekt servering på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Då er fasta fullt ut i gang, og ein får ikkje spise seg overmett før på påskeaftan. Det er mykje å passe på, altså. Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Dette er ein stor deig, …

Julebrød – julekake

Noko av det eg bakar sist er dei klassiske julebrøda. Dei søte, krydra kveitekakene fylt med rosiner og sukat må vere ferske til jul. Sjølv om han eg bur i lag med meiner at sukat er hinmannens snørr, så må det med, for meg er det ikkje julebrød utan sukat i. Sukaten eg brukte i desse julekakene er kjøpt i Italia, og bildet under viser godt korleis ekte sukat ser ut. Det er som namnet seier ei sitrusfrukt som kallast cedrat, den er kjenneteikna av at den har mykje tjukkare skal enn vanlege sitrusfrukter. Og det er bra, for det er nettopp skalet ein brukar. Er du ei sart sjel, så treng du ikkje lese så mykje om kva som skal til for å gjere cedratfrukta om til sukat, det inkluderer både fermentering i saltvatn i månadsvis, før den vert kandisert i enorme mengder sukker. Men resultatet blir magisk, og for meg er smaken både eit barndomsminne (vi spiste julebrød året rundt…) og smaken av jul. Julebrød 3 dl mjølk Ein pakke gjær for søte deigar 1 …

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp. Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja …

Plommefest!

Det er plommeår i år, iallfall i nabolaget mitt. Trea bugnar! Er det slik hos deg og? Og har du plommer att? I så fall skal du få nokre oppskrifter av meg som eg garanterer vil glede alle du lagar dei til.  Eg har eit plommetre, og det kom for første gong med plommer i år. Tre plommer hang og lyste så vakre frå det litt skrantne treet som har blitt hardt handsama av svoltne elgar og rådyr på seinvinteren. Det er ikkje meir enn eit par år sidan vi måtte fjerne ei grein som elgen hadde fått tak i og drege ned og til sides. Vi var redde vi måtte felle treet, så skada var det.  Treet kom seg til att, og på førsommaren hadde vi verkeleg von om å få smake våre første heimeavla plommer. Men så lenge var Adam uti paradis, då vi kom att frå ferie var dei borte, og bladverket var oppete av nokre uidentifiserte åmer. Så heimedyrka plommer må vi altså vente endå lenger på. Vi er heldige og har …

Når er fastelaven?

Ja, tenk det, det blir fastelaven i år og. Eller er det fastelavn det heiter? Det er jammen ikkje godt å seie. Dagen i år er søndag 3. mars, svært seint til fastelaven å vere. Det er ikkje lenge til, så det er berre å byrje planlegginga av kva type bollar du planlegg å servere. Viss du treng inspirasjon, så kan du sjå på mine fastelavensoppskrifter, som eg har samla på Pinterest. Ha ein fin dag!

Eit slag for grauten

Veit du kva du får til middag i dag? Graut!  Meldinga var til min kjære, og svaret var HURRA! Her i heimen vert altså ein grautamiddag sett stor pris på.  For meg er graut barndomsmat. Det var alltid risgraut på laurdag i eitt-totida. Til frukost fekk vi ofte havregrynsgraut før vi gjekk på skulen.  Mor mi heldt vevkurs, så onsdagane var ho bortreist. Då passa bestemora vår oss, og ho lagde semulegrynsgraut til oss som vi åt med smør og sukker på medan vi såg på komikveld. Då eg flytta heimafrå, og fekk besøk av søskenbarnet mitt på hybelen i Oslo, åt vi semulegrynsgraut og las høgt frå Tordivelen flyg i skyminga.  Mange oppfattar graut som krisemat, men eg er ikkje einig. Graut er kosemat, mettande, godt og lett å lage.  Sørg for at du har ei god gryte med tjukk botn. Har du ikkje det svir grauten seg lett, og det smakar ikkje så godt. Når eg no lagar graut prøver eg ofte å finne noko godt å drysse oppå. Sukker og kanel er vel …

Det enklaste – ei deilig banankake

Av og til er det enklaste det beste, og når eg vil ha noko godt etter middag er det enklaste banankake! Banankake er ei vinn-vinnkake, den smakar fantastisk, og ikkje minst får du brukt opp dei brune bananane som har ein tendens til å hope seg opp i fruktskåla. Dette er ei klassisk formkake, som byrjar med eggedosis, og held fram med mjøl, væske og smelta smør. Denne gongen fekk eg besøk av ein mjølkeallergikar, så eg brukte mjølkefri margarin og eplejuice i staden for mjølk, som ein ofte brukar i formkaker. Det ga ein frisk smak som alle likte. Eg syns også at det vesle syrlege frå eplejuicen framheva banansmaken. Vi var i sør-Spania i haust, og i den vesle landsbyen Comares vart vi praia av ei gamal dame som viste seg å selge frukt og andre delikatesser frå stova si heime. Ho drog oss inn i gangen, og der hadde ho fylt opp med mango, rosiner, fiken, mandlar, granateple og alt som godt er. Der vart vi rivne med, og kjøpte med oss …

Saftig melonsalat

Fruktdisken der eg handlar bugna verkeleg av flotte melonar i dag. Eg fann galiamelon, honningmelon, cantaloupemelon og vassmelon som eg kutta i bitar og laga ein frisk fruktsalat av. Den kan varierast på ulike måtar, eg finhakka mynte og hadde i, men du kan også prøve med basilikum. Det gjev ein meir krydra smak. La gjerne melonane ligge på benken nokre dagar, viss du klarer å halde deg, då. Dei blir berre søtare av det. Denne blandinga gir ein deilig miks av søtt, sprøtt og friskt, og er den perfekte sommardesserten. Den kan godt serverast med vaniljesaus, is eller piska krem, viss du likar det. Melonsalat Ein kvart vassmelon Ein halv galiamelon Ein halv cantaloupemelon Ein halv honningmelon 1 ts sitronsaft Litt honning Hakka mynte eller basilikum Kutt fruktkjøtet i melonane i cm-store terningar. Ha dei i ei skål. Dryss på finhakka mynte. Ha over sitronsaft, og rør godt. Smak på melonsalaten, om du vil ha litt meir sødme. I så fall ringlar du over litt honning. Server salaten i pene skåler, eventuelt med is, …