Allergi, Dessert, Mat, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Saftig melonsalat

Fruktdisken der eg handlar bugna verkeleg av flotte melonar i dag. Eg fann galiamelon, honningmelon, cantaloupemelon og vassmelon som eg kutta i bitar og laga ein frisk fruktsalat av.

fullsizeoutput_2aDen kan varierast på ulike måtar, eg finhakka mynte og hadde i, men du kan også prøve med basilikum. Det gjev ein meir krydra smak.

La gjerne melonane ligge på benken nokre dagar, viss du klarer å halde deg, då. Dei blir berre søtare av det. Denne blandinga gir ein deilig miks av søtt, sprøtt og friskt, og er den perfekte sommardesserten. Den kan godt serverast med vaniljesaus, is eller piska krem, viss du likar det.

Melonsalat

Ein kvart vassmelon

Ein halv galiamelon

Ein halv cantaloupemelon

Ein halv honningmelon

1 ts sitronsaft

Litt honning

Hakka mynte eller basilikum

Kutt fruktkjøtet i melonane i cm-store terningar. Ha dei i ei skål. Dryss på finhakka mynte. Ha over sitronsaft, og rør godt. Smak på melonsalaten, om du vil ha litt meir sødme. I så fall ringlar du over litt honning. Server salaten i pene skåler, eventuelt med is, krem eller vaniljesaus til.

Leave a Reply