Nye dansesko…
I september var eg på Storo og sjekka ut det nyopna kjøpesenteret, og i ein skobutikk fann eg dei perfekte danseskoa. Eg har alltid vore glad i sko frå Gabor, og der sto dei, perfekte, med raud såle, glatte og fine for å fungere på dansegolvet, og med ei lett stropp over vrista for å site godt på gjennom ein tango. Men finansane var elendige, så eg lot dei stå. I går var eg der igjen. Eg hadde ikkje gløymt skoa, men det var for usannsynleg at dei skulle ha dei att i min storleik. Fjortenåringen var tolmodig, og vart med meg for å sjå om dei sto der. To par hadde dei att, eit par i str. 37 og eit par i min storleik. Dei er like perfekte som dei var i september, og no syns eg at eg fortenar dei, for å ha venta så lenge. Eg drog kortet, og no er dei mine. Er dei ikkje flotte? Mine er ikkje semska, men i glatt skinn. Og med lysande raud såle, sjølvsagt. Lekkert!