Livet, Utstyr
Comments 3

Mor har fått maske!


Inspirert av min eigen vintersyklingstråd her inne på tirsdag så har eg sjekka marknaden for pustemasker for idrett.

No har eg vore på Oslo Sportslager, og lagt att nokre pengar for å skaffe meg denne flotte maska.

Dei andre hadde ein slik tut, og eg fekk litt romlingane-kjensle. Det er eg alt for forfengeleg til å gå med. Denne derimot, hadde ein slags kamo-dekor, men ikkje verre enn at eg kan gå med den. Eller sykle, for å vere heilt presis.

Eg spurte han som selde meg den kor ofte eg måtte skifte filter i den. «Når du ser at det har blitt misfarget», sa han. Eg trur ikkje han har teke omsyn til alt det kvinner går med i ansiktet.

Mi maske er allereie lettare misfarga av eit lag med Max Factor Lasting performance i fargen pastelle, og i midten ein liten stenk av Estee Lauder Michael Kors Lipgloss i fargen Very Hollywood. Men så har eg ikkje sett så mange damer med slike masker heller.

Uansett, sjølv om eg føler meg som mammaen til Luke Skywalker, når det er kaldt fungerer den veldig godt for mine lett astmabefengte lunger. God sykkeltur!

This entry was posted in: Livet, Utstyr

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. c'est la vie! says

    Dette var skikkelig lurt! Og morsomt skrevet som vanlig 😉 Takk for tipset!

    Likar

  2. Bente says

    Denne var skikkelig kult – og adskillig med soffistikert enn den gamle Jonas kuldemaske som jeg hadde tilbake i steinalderen….

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s