Matstell i tunge tider
Då Kjære gifta seg var eg fattig student, og hadde ikkje råd til så fin gåve. Dei fekk eit lite grafisk trykk som framleis heng i gangen deira. På det står det: De dagene da alt står på hodet er gode dager. Det siste halvåret har eg hatt mange dagar då livet ikkje har stått på hodet. Å bryte opp frå vande rammer er stritt, og sjølv om det skjedde i fredelege former er det tunge tak på så mange måtar. Eg har mange gongar gitt meg sjølv eit spark bak for å kome i gang med ting, og ofte har eg ikkje ein gong klart å gje meg sjølv sparket som skulle til. Dette gir seg mellom anna utslag i matstellet. Vi har ikkje ete dårleg mat, men bloggeverdig har den ofte ikkje vore. Eg kjenner på kroppen korleis slike omveltingar gjer at ein får mindre overskot og mindre krefter. Tunge tankar tek overhand, utan at det alltid visest her i bloggen. Bloggen har blitt fjerna over enkelte lister over matbloggar, heilt på sin …