Month: juli 2016

Bringebærkake

No er det bringebær over alt! Ta med eit litermål eller ein liten isboks når du går tur i skogen, du finn garantert nok til å lage denne deilige og friske bringebærkaka. Kaka er naturleg glutenfri, sidan den er laga med potetmjøl. Du kan også lage den med vanleg kveitemjøl viss alle toler gluten, då blir den litt fastare i fisken. Godt smakar den uansett. Bringebærkake 2 egg 1,5 dl sukker 1,5 dl (120 g) potetmjøl eller kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker Ei klype salt 100 g smelta smør 250 g bringebær Smelt smøret, og sett det til side. Du kan gjerne la det stå litt slik at det blir litt brunt, det gir berre god smak, så lenge det ikkje blir brent. La det kolne før du har det i kaka. Skill egga. Ha plommene i ein bolle, og kvitene i ein annan. Ha sukkeret i bollen med kvitene. Pisk eggekviter og sukker halvstivt. Ha potetmjøl, bakepulver, vaniljesukker og smelta, avkjølt smør i den andre bollen. Rør dette saman med vispen. Vend …

Linsesalat med koriander og kokosmjølk

Jonas i kantina på jobb brukar å lage ein utruleg god linsesalat med kokosmjølk og koriander, og eg berre elskar den. No har eg eksperimentert meg fram til ein variant som smakar nesten som hans, slik at du og får smake den. Den vart mellom anna servert i bursdagen min, og fleire av gjestane var over seg over smaken, og kom bort ville vite korleis den var laga, så her er mi oppskrift. Salaten er vegansk, og har eit hint av thaismak, med kokosmjølk, lime og chili som sender tankane til søraustasia. Server den åleine med ris, med grilla kylling, eller med ein godt krydra svinefilet og nudlar. Som ein god del av min mat ser den ikkje fantastisk ut, men smaken! Den er veldig bra. Linsesalat med koriander 2 pakkar kokte linser Ein bunt koriander To vårløkar 1 boks kokoskrem eller kokosmjølk 1 ss raud currypaste 1 ts soyasaus Safta av ein halv lime Ei klype chiliflak Evnt salt og peppar La linsene renne av i eit såld. Hakk korianderen, og finsnitt vårløken. Har du kokoskrem, …

Salat med bringebær og avokado

Kva skal vi ha til? Å finne ut kva vi skal ha til middag går som regel greit, men det å finne eit godt tilbehør er ofte der fantasien sviktar. Bringebær finn du over alt no, og det er ein fryd å bruke bringebæra både i søt og salt mat. Så send barna ut for å plukke, barnearbeid er berre av det gode i slike tilfelle. Bringebæra kan syltast, saftast, du kan lage ein deilig eddik med dei, og du kan ha dei i gode kaker. Det aller enklaste er berre å drysse dei på ei skål med vaniljeis, eller servere dei med vaniljesaus. Men visste du at du også kan bruke bringebær i ein salat? Min bringebærsalat er ein klassisk salat som passar godt til biff, til grilla luksuspølser eller til dampa laks og båtpoteter. Den bør lagast rett før servering, avokadoane vert brune og triste, og med vinaigrette på vert salaten fort blaut og trist. Denne porsjonen er tilbehør til fire, og lunsj til to. Salat med bringebær og avokado Eit halvt issalathovud eller …

Korleis koke ris

Ein matskribentkollega av meg, Andreas Viestad, ga for nokre år sidan ei veldig bra kokebok under tittelen Hvordan koke vann. I dette innlegget tek eg det opp eit knepp, Det er spørsmålet om korleis ein kokar ris eg har gitt meg ut på å svare på. Det overraskar meg stadig, eg treff på vaksne menneske som ikkje kan å koke ris. Dei har ofte delegert det bort til dei lever saman med, eller så har dei berre droppa ris frå menyen. Det høyrest trist ut, syns eg. Denne oppskrifta er på heilt vanleg basmatiris som tilbehør til gryterettar av ulikt slag, den fungerer også på uncle ben-ris og liknande parboiled-sortar. Sushiris og risotto kokast annleis. Eg beskriv riskokinga slik eg gjer det, det kan godt hende at andre har andre metodar, og det er heilt ok. Eg har berre funne ut at dette fungerer, og då brukar eg denne metoden. Noko av forvirringa rundt fenomenet riskoking skuldast nok nemleg at det finst så mange råd og oppskrifter, og mange er veldig bastante, mi løysing virkar, …

Cæsarsalat

Sommaren er ikkje sommar utan eit rikt utval salatmiddagar. Når barna mine får velge salat, så vel dei ofte Cæsarsalat. Cæsarsalaten kjem frå Mexico, der kokken Cæsar Cardini lagde denne salaten med ein enorm suksess. Salaten er enkel, med salatblad, krutongar, parmesanost, kylling og ein karakteristisk dressing. Dressingen er av majonestypen, men tynnare, og skal etter tradisjonen smaksettast med ansjos. Det må du gjerne gjere, eg er ikkje så glad i ansjos, så her får du ei forenkla oppskrift utan. Cæsarsalat kan også lagast vegetarisk, då kan du bytte ut kyllingen med tofu eller steikt halloumi. Då bør du også droppe worchestershiresausen, den er laga på ansjos. Det er tre viktige triks for å få ein cæsar-salat til å smake heilt fantastisk: Det eine er å få til gode krutongar. Berre tørre brødterningar gjer ikkje nytta her, du må krydre dei, og ha på olje. Det andre trikset er å krydre kyllingen godt, og steike den så den får ei ordentleg skorpe. Det tredje trikset er å vende salaten i dressing, slik at alt bladverket tek …

Pasta med mais og chevre

I late sommardagar er det godt med enkel, smakfull sommarmat der vi brukar grøda som har sesong akkurat no. Eg elskar å la meg inspirere i butikken. Eg vandrar rundt, først i grønsaksavdelinga, så går eg gjennom diskane med kjøt og fisk, og let fantasien vandre. Då kjem ofte dei beste idéane. Eg fann mais i grønsaksavdelinga her om dagen. Mais er blant dei tinga som er tilgjengeleg heile året, men den ferske, med dusk som viser at den er moden, og bladverket som passar på den, den er berre her ein kort periode. Då er det berre å kaste seg utpå, og vere kreativ. Å grille mais er ein klassikar, og kombinasjonen med søt mais og salt smør er uslåeleg. Men eg laga ein pastarett som løftar kombinasjonen mais og smør til nye høgder, der maisen vert kutta rett av stilken medan den er rå. Prøv det, du vil garantert ikkje angre. Maisen fekk selskap av squash, som også har tida si no. Den elskar også smør, og med løk og selleri i små …