Kva skal vi ha til? Å finne ut kva vi skal ha til middag går som regel greit, men det å finne eit godt tilbehør er ofte der fantasien sviktar.
Bringebær finn du over alt no, og det er ein fryd å bruke bringebæra både i søt og salt mat. Så send barna ut for å plukke, barnearbeid er berre av det gode i slike tilfelle. Bringebæra kan syltast, saftast, du kan lage ein deilig eddik med dei, og du kan ha dei i gode kaker. Det aller enklaste er berre å drysse dei på ei skål med vaniljeis, eller servere dei med vaniljesaus.
Men visste du at du også kan bruke bringebær i ein salat? Min bringebærsalat er ein klassisk salat som passar godt til biff, til grilla luksuspølser eller til dampa laks og båtpoteter. Den bør lagast rett før servering, avokadoane vert brune og triste, og med vinaigrette på vert salaten fort blaut og trist. Denne porsjonen er tilbehør til fire, og lunsj til to.
Salat med bringebær og avokado
Eit halvt issalathovud eller to små hjertesalatar
Ein bunt bladpersille
100 g fetaost
100 g artisjokkar i lake
Ein avokado
200 g bringebær
Snitt salaten slik du vil ha den, og vask og tørk den. Ha den i eit vidt fat med kantar. Knip av blad på persillebunten, og fordel blada i salaten.
Smuldre fetaosten over salaten. Del artisjokkane i smale båtar, og fordel dei over salaten. Del avokadoen i to. Fjern steinen, og grav ut passe store bitar med ei teskei og fordel dei over salaten. Dryss på bringebæra til slutt. Server med ein god vinaigrette.
Vinaigrette
2 dl god olivenolje
1 dl kvitvinseddik (eller bringebæreddik om du har ei flaske ståande)
½ ts sennep
½ ts honning
salt og peppar
Bland saman alt til dressingen i eit glas med lok, og rist dressingen saman. Ringle over salaten, og server det som er igjen i ei skål ved sidan av.