Fine Koster
No er vi trygt på plass på Syd-Koster, installert på Ekenäs hotell. Nesten alt har gått etter planen, bortsett frå ein lite samarbeidsvillig kakering rundt det midterste laget på bryllupskaka. Den lek når geléen som skal vere over og under bæra vert for tyntflytande, så ei stund hadde vi gelébad på benken. Når geléen hadde fått blitt litt stivare i bollen vart den meir samarbeidsvillig, og no står kaka stildra inn i kjøleskapet i von om at den er stiv og fin til i morgon. I kveld inviterte brudeparet oss på grillfest på vestsida av øya, og vi har nikost oss med burgerar, pølser, svinefilet og bakte grønsaker. Familiekoret har opptrådt, delar av solistkoret, supplert med slike som meg, og det vert neppe stillare utover natta. Men i morgon er det frukost og så øving i kyrkja klokka 12. Då skal vi førebu innmarsj og utmarsj for brudeparet. Etter det er det berre kakemonteringa som står att, det er alltid nervepirrande. Litt pynt med frukt langs kantane må til, elles er det meste gjort. Eg legg …