Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Noko søtt, Sausar og dippar
Comments 2

Husmannskost


I dag driv ho Heidi med slikt som eg verken har greie på eller lyst på; sild og poteter. Eg skuldar på matpingle-genet mitt, ikkje kaffi, ikkje øl, ikkje sild. Men eg veit at mange set pris på denne kosten sjølv om eg ikkje gjer det. Men dei tradisjonelle søtsuppene har eg ete mykje av, det var det eg fekk til middag når eg ikkje ville ete silda.

Alt godt

I dag er det mykje snakk om det gode søreuropeiske kosthaldet med mykje olivenolje og tomatar. Ja visst dette er bra, men minst like bra er vårt eige kosthald. Eg har ikkje høyrt om nokon som har vorte dårleg eller tjukk av sild og poteter, nei tvert om, slank som ei spikj–otre vert du av sild. Dette er mat som styrkjer hjarta og meir til.

Eg hadde tenkt å lage sildekaker, men eg har ikkje fått tak i ei einaste sild her inne i fjorden  Når eg får lyst på sild, må eg berre ha det, og desse nedfrosne spekesildfiletane i frysedisken gir deg no smaken på sild saman med med kalde poteter, løk og raudbetar. Hugs å vatne ut sildefiletane nokre timar i førvegen ellers så vert gleda for salt. Men om vår Herre vil så kjem vel silda inn til kysten i år, om vi berre hadde fått lagleg ver!

Sild og kalde poteter

Kok rikeleg med poteter dagen før. Så må du ha flatbrød, løk , gjerne raudløk og nedlagte raudbetar. Å lage bete av flatbrød med dette mellom! Oh, oh, eg kan forete meg, og det er i alle fall noko å gje svoltne gjestar.

Mjølkesupper

Når eg vaks opp var det vanleg at vi hadde mjølkesuppe til middag. Dei vaksne syntest ikkje det var skikkeleg middag utan ei suppe attåt. Mjølkesuppe er oppkokt mjølk med gryn i. Ein vel sjølv kva gryn ein vi ha i, semulegryn, risgryn, sagogryn , havregryn eller byggryn. Og gløym for all del ikkje litt rosiner og sukker. Har du i meir gryn så vert det pudding med raud saus attåt.

No heldt eg på å gløyme makaronisuppa, du kan sjølvsagt ha makaroni i ei mjølkesuppe, men då utan rosiner. I dag tør vel ingen seie makaroni lenger, fordi det høyrest så gamaldags ut. I dag heiter det pasta, men på  60- og 70-talet var makaronien moderne, og juvelen i spiskammerset. Tenk berre på makaronigratengen til kjøtkakene. Som variasjon til mjølkesuppa har vi saftsuppe, men ho må vi ta att ein annan gong. Eigentleg var det strenge reglar kva suppe ein serverte til kva middag, men det veit eg lite om så då må eg spørje einkvan.

Semulegrynssuppe

8 dl mjølk

4 store ss semulegryn

¼ ts salt

2 ss sukker

2 dl rosiner

Kok opp mjølka og visp gryna inn. Tilsett salt, sukker og rosiner. Kok suppa i 5-10 minutt. Same oppskrifta kan du bruke til dei andre gryna og. Hugs å legge byggryna i vatn natta over, eller kok risen ferdig før du har han i mjølka. Sagogryn og havregryn har du berre rett oppi mjølka. Sagogryn fantest det faktisk og ein raud variant av, men det er visst lenge sidan.

Hugsar du kleppmjølka eller bollemjølka? Det er ein rett i seg sjølv, og skal ikkje serverast som suppe, men litt spekekjøt kan du sikkert ha ved sidan av. Heime hadde vi kleppmjølk i staden for risengrynsgraut på laurdagane.

Kleppmjølk

8 dl heilmjølk

2 egg

2 ss sukker

¼ ts salt

2 dl kveitemjøl

Kok opp mjølka i ei tjukkbotna gryte. Pisk egga lett og tilsett sukker, salt og kveitemjøl. Dette blir ei tjukk røre som altså blir bollane du har oppi mjølka. Bruk ei lita spiseskei. Dypp ho i kald mjølk og form røra til små bollar med skeia som du legg i den oppkokte mjølka. Du må dyppe ho i mjølk kvar gong du lager ein ny bolle.

Desse hevar seg under kokinga. Kok kleppmjølka i 8 minutt medan du rører jamnt og trutt. Du veit at mjølkemat har lett for å svi seg i botnen. Ein anna utgåve av denne søte bollemjølka er ein salt variant, men den har eg aldri laga.

2 Comments

  1. Elsa says

    Spekesild og poteter..nam nam:-)

    Da jeg vokste opp var det helt vanlig med suppe til middagen. Saftsuppe var vanlig hvis det var kjøttmiddag.
    Melkesuppe var vanlig til fiskemiddag, fast følge til spekesild. Grunnen til at melkesuppe var fast følge til fisk og sild kan være at det ble brukt mer saltet fisk og saltet sild.
    Kleppmelk og bollemelk var ikke vanlig der jeg vokste opp.

    Likar

  2. Hei.Dette er god mat. Bollesuppe har eg aldri høyrt om,men skal prøve. Til krydder og spekesild er det deilig med kålrotstapp,eller kålstuing. God appetitt! Helsing kjellaug Eidsheim.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s